Vestland stiller opp
Plus
Det har gÄtt fire Är sidan Russland sette i gang den brutale fullskalakrigen mot Ukraina. I lÞpet av desse Ära har Vestland vist ein imponerande vilje til Ä ta imot og stÞtte menneske pÄ flukt. Det fortener ei stor takk.
Fleire tusen ukrainarar har fĂ„tt nye heimar i Vestland dei siste Ă„ra. Busetjinga har fĂžregĂ„tt med ein vilje og i eit tempo det stĂ„r stor respekt av. BĂ„de store og smĂ„ kommunar har teke ansvar â ofte med knappe ressursar. LĂŠrarar, helsearbeidarar, naboar og lokale lag har skapt tryggleik og kvardagsliv for dei som treng det mest.
Frivilligheita har vore avgjerande. Fleire organisasjonar og lokale initiativ har samla inn utstyr, arrangert mÞteplassar, stÞtta familiar og halde oppe engasjementet for Ukraina i ei tid der mange kjenner pÄ krigstrÞyttleik. Slikt arbeid er ein berebjelke i stÞtta Noreg gir. Difor er dette ei takk til alle som har vist tolmod, handlekraft og varme. De har gjort livet lettare for menneske som har opplevd det verste. Innsatsen dykkar har vist fram det beste av Noreg og Vestland.
Men krigen er ikkje over. Ukrainarane ber framleis den tyngste bĂžra, og dei treng at vi stĂ„r saman med dei ogsĂ„ i tida framover. NĂ„r Ukraina forsvarar landet sitt, forsvarar dei ĂČg prinsipp som er viktige for alle frie samfunn.
Vi skal halde fram med Ă„ vere eit Vestland som stiller opp.