Delar ut to millionar kroner i stipend til unge gründerar
Plus
Drivkraft deler ut to millionar i stipend i Sogn og Fjordane.
Det skriv stiftinga i ei pressemelding. Den nye næringsstiftinga Drivkraft lanserer i desse dagar ei ny stipendordning på til saman to millionar kroner. Målet er å få fleire gode idéar til å bli nye bedrifter – og fleire bedrifter til å veksa.
Ordninga består av Drivkraftstipendet på inntil 500 000 kroner og Spirestipendet på 100 000 kroner for unge gründerar.
Dagleg leiar Alfred Bjørlo og seniorrådgjevar Lillian Loen i Drivkraft seier dette markerer startskotet for Drivkraft som operativ aktør i næringslivet i Sogn og Fjordane.
– Me veit at det finst mange flinke folk med sterke idéar rundt om i Sogn og Fjordane, som kan skapa sterke bedrifter i framtida. Det som ofte manglar, er kapital og draghjelp i rett fase. Desse stipenda skal gjera det mogleg for folk og bedrifter å satsa meir – og gje gode prosjekt fart, seier Loen.
Første steg
Dagleg leiar Alfred Bjørlo understrekar at stipendordningane berre er første steg i eit større arbeid for å styrkja nyskaping og vekst i Sogn og Fjordane.
– Stipenda er startskotet. Samstundes jobbar me med større og meir langsiktige grep for å bidra til meir investeringskraft og vekstevne i det etablerte næringslivet. Skal regionen lukkast, må både nye og eksisterande bedrifter få betre tilgang til kapital, kompetanse og nettverk. Der kjem me tilbake med endå meir målretta verkemiddel etter kvart, seier dagleg leiar Alfred Bjørlo.
Stiftinga Drivkraft er etablert av Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for å vere ein motor i arbeidet med å rigga næringslivet i Sogn og Fjordane for framtida, bygga sterke nettverk og bidra med risikokapital.