Gult farevarsel: Kan bli overfløyming
Plus
Regn, regn, regn. Torsdagen blir blaut og mild, og smelta snø og is kan føre til flaum.
Torsdag er det på tide å finne fram regnjakka og støvlane.
Det skal regne gjennom morgontimane og på kveldstid.
Temperaturen gjennom dagen blir på mellom 7 og 8 grader, ifølge Yr.
Bør sikre kjellaren
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for flaum for torsdag og fredag for ytre og midtre deler av Sør- og Vestlandet og Møre og Romsdal.
Regn og snøsmelting kan føre til lokale overfløymingar fordi det er mykje is i vassdraga og redusert infiltrasjonskapasitet i bakken, skriv dei.
Det er òg fare for overvatn.
Dei ventar likevel ikkje at vassføringa vil kome opp i flaumnivå.
Yr.no anbefaler å flytte vekk verdifulle ting frå kjellarar, biler og campingvogner langs elver og bekker, å reinse stikkrenner og kummer, og å halde seg unna elver og bekker med stor vassføring.
På vinterferie? Advarer om væromslag
Sjå dagens vêrmelding her:
Smartembed for https://www.rastavanger.no/api/graff/v1/component/vaer-melding?id=485731
Kø og forseinkingar der du skal køyre?
Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/trafikk-tabell?key=bergen
Direktebilde frå veg:
Smartembed for https://www.sandnesposten.no/api/graff/v1/component/trafikk-webkamera
Smartembed for https://www.rastavanger.no/api/lux/v1/component/trafikk-naa?station=STV
Fleire av toga mellom Stavanger og Oslo er er innstilt i dag. Det blir buss for tog for dei reisande.
Flytrafikken i dag:
Slik går flytrafikken frå Stavanger lufthamn, Sola
Video-reel