60 på handballskule: – Handball er kanonkjekt
Plus
Kvinnherad handballklubb fekk med seg over 60 barn på handballskule i vinteren, og trenarane var engasjerte handballspillarar.
Ida Berntzen Opdal og Katrine Hvidevold spanderte gjerne to fridagar som trenarar i Kvinnherad arena denne vinterferien.
– Kvifor?
– Eg synest handball er kanonkjekt, og så har eg ei jente sjølv som er med her, sa Katrine.
Fleire har sagt at dei har lyst til å begynna å spela handball, så det er god tilbakemelding for Kvinnherad handballklubb sine entusiastar.
Ida har ein veslebror som er med, og dermed gir det ekstra meining å stilla opp.
– Og det er kjekt å vera frivillig under slike arrangement, og me har lyst til å få fleire til å vera med og spela handball, så dette er rekruttering, sa Ida Berntzen Opdal.
Kvinnherad handballskule aktiviserte heile 60 jenter og gutar fødde 2015–2019 gjennom Rema 1000 handballskulen tysdag og onsdag i vinterferien. Trenarane var spelarar i handballklubben.
På speeddate: – Å gjera ein forskjell i folk sin kvardag er jo vedunderleg