Herold

Når solidaritet blir bytta ut med symbolpolitikk

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Hannah Owe Hope, kommunestyrerepresentant for Time AP, Bryne Published: 2026-02-26 13:10:32
Når solidaritet blir bytta ut med symbolpolitikk

Det er fire år sidan Russland gjekk til brutalt angrep på Ukraina. Fire år sidan krigen igjen ramma Europa. Fire år sidan familiar måtte velja mellom å bli eller å overleva. Fire år er ikkje lenge. Krigen er ikkje over. Lidinga er ikkje over. Barn frys framleis. Familiar søv i telt inne i kalde leilegheiter for å halda varmen. Foreldre sender barna sine ut på ei reise dei ikkje veit kor endar. Dette er vår tid.

Og her i Time sit me og diskuterer om me skal ta imot 47, 30 eller 15. Som om det handlar om eit tal i eit rekneark. IMDi si faglege vurdering er klar. Time har kapasitet til å ta imot 47 menneske. 47 er ikkje eit radikalt tal. Det er langt lågare enn det me tok imot då krigen braut ut. Då stilte me opp. Då tok me ansvar. Då var solidaritet meir enn berre eit ord i eit partiprogram.

No ser me noko anna. I Noreg har det vakse fram ein politisk konkurranse på høgresida om å vera strengast mogleg. Kven kan seia nei tydelegast. Kven kan kutta mest. Kven kan senda det hardaste signalet. Me ser det nasjonalt. Me ser det lokalt.

I Time foreslo Høgre at me skulle ta imot 30. FrP gjekk endå lenger og tok til orde for at me burde ta imot 0. Null. Men foreslo å ta inn 15. I ei tid der menneske flyktar frå krig i Europa meiner altså FrP at Time kommune ikkje skal bidra i det heile. Det er eit standpunkt som fortener å bli kalla det det er: eit politisk val om å snu ryggen.

Det som no skjer er at fag vert skyvd til side for signal. Solidaritet vert bytta ut med symbolpolitikk. Menneske på flukt vert brukte som markør i ein ideologisk konkurranse. Fire år er ikkje lenge sidan me samla oss og sa at sjølvsagt skal me hjelpa. I fjor vedtok kommunestyret at me skulle ta imot fleire dersom me hadde moglegheit. Kva har endra seg? Ikkje krigen. Ikkje behovet. Ikkje kapasiteten.

Høgre fekk fleirtal for sitt forslag. Dei valde å leggja seg 17 under den faglege tilrådinga. 17 menneske mindre enn det kommunedirektøren først meinte me hadde kapasitet til. Det er 17 færre enn det faglege rådet. 17 menneske som i praksis vert gjort til eit politisk tal i eit spel om å vera streng.

Men det var ikkje einstemmig. Det finst framleis røyster i Time som nektar å bli med på denne konkurransen om å vera strengast. Røyster som meiner at menneskeverd kjem før markeringar. Røyster som meiner at faglege råd skal telja meir enn politiske signal.

Me burde eigentleg hatt ein heilt annan debatt. Me burde diskutert kor mange me kunne hjelpa. Korleis me best kan leggja til rette. Korleis me saman kan ta ansvar i ei uroleg tid. I staden sit me og diskuterer kor få me skal la vera å hjelpa. Det seier noko om retninga. Time kan betre. Me har gjort det før. Me kan velja å stå rakrygga i solidaritet, eller me kan velja å bøya oss for ein politikk som gjer menneske i naud til tal som skal pressast ned. Eg meiner valet burde vera enkelt.

🏷️ Extracted Entities (7)

Time (entity) Europa (entity) FrP (entity) Høgre (entity) Noreg (entity) Russland (place) Ukraina (entity)