E16 stengde etter nytt snøskred
Plus
Skredet var 2-3 meter breitt og dekte heile europavegen ved Oppheimsvatnet.
Torsdag morgon vart E16 stengd ved Oppheimsvatnet etter eit snøskred.
Skredet skal ha gått ved Vetleteigen.
– Det er skildra til å vera 2-3 meter breitt og ein meter høgt, og dekkjer begge køyrefelt, sa trafikkoperatør Tor Evensen ved Vegtrafikksentralen.
Det har ikkje vore meldingar om at folk vart tekne av skredet.
Vegen open att
Entreprenør med hjullastar og brøytebil vart kalla ut i 10-tida.
I 11-tida står det på Statens vegvesen sine sider at vegen framleis er stengd, men lokale folk i området melder at vegen er open att for trafikk.
Klokka 11.19 bekrefter også Vegvesenet at vegen er open.
Skredet kjem berre litt over ein time etter at E16 opna att etter eit sørpeskred trefte anleggsområdet mellom Rinden og Skromle, ikkje langt frå Vinje.
Kart: Her har skredet gått
Fylkesveg stengd etter sørpeskred