No får vi kanskje lobbyregister
Plus
No skjer det kanskje!
I lys av Epstein-filene, og alt som har vorte avdekt der, har fleire fått augo opp for at det kan føregå omfattande arbeid med å påverke politiske prosessar og framtidige vedtak. Tilliten til politikarar og politiske system kan bli svekt. Dette er ikkje berre noko som skjer i USA og andre statar, men også her hos oss. Overgang til PR-byrå er ganske vanleg for eks-politikarar, der dei får lønn for å bruke sin kompetanse og sitt nettverk. Ein del viktige prosjekt, til dømes vegprosjekt, har knytta seg til lobbyorganisasjonar som fremmar det aktuelle formålet. Det er sjølvsagt ikkje feil å arbeide for ei sak. Men vi må også skape tillit til den politiske prosessen. Påverknadsarbeid skjer ofte utan innsyn for innbyggjarane, og er berre tilgjengeleg for dei som har pengar nok til å betala for tenestene som PR-byråa eller lobbyorganisasjonane yter.
Venstre har over lang tid løfta ynsket om lobbyregister på Stortinget. Målet er å skape innsyn i det som kan påverke prosessane, til dømes når lobbyorganisasjonane har vore på besøk hos politikarar som har stortingsplass. . Det kan no sjå ut som det er på plass eit stortingsfleirtal etter at fleire parti har snudd i saka.
Venstre har også på fylkestinget i Vestland støtta forslag om lobbyregister på fylkesnivået. Sist vi diskuterte saka var på desembertinget, der Alexander Papas frå SV fremma ein interpellasjon om dette.
Avslutningsvis: Å snakke saman skal fortsatt vere lov. Og det er bra når organisasjonar og folk vil snakke med politikarar om saker som dei brenn for. Men dette bør skje med openheit, ikkje i skjulte rom. Difor er eit slikt register ei god løysing.
Tida er komen for eit lobbyregister
Eit drapsforsøk på retten til offentleg innsyn