Herold

Anleggskrisa i Vestland stenger barna ute frå idretten

Plus
Kilde: Hordaland Author: Idrettspresident Zaineb Al-Samarai og krinsleiar Nils R. Sandal Published: 2026-02-26 09:58:58
Anleggskrisa i Vestland stenger barna ute frå idretten

Norsk idrett veks. Stadig fleire ønskjer å trene og konkurrere i regi av idrettslaga. Dette er gledeleg! Samstundes skaper det òg nokre store utfordringar. Den største av dei alle er mangelen på anlegg. Totalt rapporterer 344 idrettslag i Vestland om utfordringar på anleggssida. Det finst dessverre fleire idrettslag i fylket som ikkje har plass til alle som ønskjer å vere med i idrettslaget på grunn av mangel på anlegg, og endå fleire som trenar i anlegg som ikkje er eigna til dagens aktivitet grunna rehabiliteringsbehov.

Liknande utfordringar blir òg rapporterte av idrettslag i alle fylke i landet. Resultatet er at mange tusen som ønskjer å delta i idretten, ikkje får vere med. Trenden må snuast. Og det hastar!

Vi må slutte å sjå på investeringar i anlegg som ei utgift. Det er ei investering i barn og unge, og det er ei investering som gir enorme samfunnsgevinstar. Anlegg byggjer lokalsamfunn og skaper fellesskapsarenaer for både barn, unge og vaksne. I ei stadig meir uroleg verd med auka polarisering og utanfor­skap er dette viktigare enn nokon gong.

Samstundes veit vi at anleggsinvesteringane fell. Samanlikna med åra før pandemien har investeringane falle med heile 40 prosent på landsbasis, og nedgangen er størst for store anlegg. I Vestland er framleis ventetida på utbetaling av spelemidlar med på å gjere realiseringa endå dyrare, grunna rentekostnadene ved mellomfinansieringa. Med tanke på idrettslaga sine anleggsutfordringar er dette svært uheldig.

Det gledelege er at regjeringa har teke tak i problemet, og er i ferd med å endre spelemiddelordninga. Fleire av dei positive endringane blir føreslåtte etter tilbakemeldingar frå idretten sjølv. Samstundes kan forslaget bli endå betre. Saman med alle 55 særforbund og 10 idrettsketsar har NIF gitt ei tydeleg tilbakemelding på korleis spelemiddelordninga bør utformast i eit felles høyringsinnspel.

Idretten meiner at det finst nokre gode svar på utfordringane. Det viktigaste er å auke tilskotssatsane for alle idrettsanlegg som blir bygde. Dette vil bidra til lågare kostnader for anleggseigarar og auka investeringsvilje. Sidan utfordringane er størst i tettbygde område og i fattige kommunar, bør det gevast eit ekstra tilskot til anlegg i desse kommunane. Spelemidlane kan verken eller skal jamne ut skilnader i kommuneøkonomi, men alle må ha god tilgang til idrettsanlegg uavhengig av bustadadresse.

Regjeringa føreslår å fjerne ekstratilskotet til interkommunale anlegg. Dette er uheldig. Idrettslaga har behov for mange små og nokre store anlegg. Nokre anlegg blir fylte med aktivitet frå idrettslag i nærområdet, medan andre større anlegg kan huse aktive frå fleire idrettslag og kommunar. Desse større anlegga er det verken behov for eller rett å byggje i alle kommunar. Vi meiner difor at staten framleis bør oppmode til samarbeid på tvers av kommunegrensene for å realisere fleire store anlegg. I tillegg vil det styrkje ordninga dersom eit samarbeid mellom kommune og fylkeskommune om anleggsbehov kan kvalifisere til det same ekstratilskotet. Dette vil redusere miljøbelastninga, få ned kostnadene for dei einskilde kommunane og idrettslaga, og ikkje minst sikre at flest mogleg medlemmar får tilgang til anlegga.

Idretten ønskjer at det skal ytast tilskot til idrettsleg innreiing av leigde lokale. Leigekostnadene skal vi dekkje sjølve, men vi ønskjer tilskot til å tilpasse lokala til den idrettslege aktiviteten. Eit slikt tilskot vil bidra til etablering av fleire «nye» anlegg. Tenk om nedlagde industribygg eller tomme lagerlokale kunne gjerast om til klatreanlegg eller squashhallar? Vi er overtydde om at det er god samfunnsøkonomi i slike innovative løysingar, og dei støttar utan tvil opp under samfunnet sine berekraftsmål.

Det er viktig at alle anlegg blir brukte så mykje som mogleg. I dag er nærmiljøanlegga kun for eigenorganisert aktivitet. Dette er uheldig, og vi føreslår at idrettslaga bør kunne bruke desse anlegga. Auka bruk av nærmiljøanlegga vil redusere behovet for nye anlegg, noko som vil vere bra for samfunnet.

Alle anlegg er viktige, men nokre er meir krevjande å realisere enn andre. Vi har difor føreslått at eit fåtal anlegg, valde ut av særforbund og idrettskretsar, skal få eit særskilt spelemiddeltilskot slik at spelemidlane dekkjer 40 prosent av den normale anleggskostnaden. Ei slik løysing ville kunne føre til at til dømes Slåtthaug Arena, Førdehuset symjebasseng, Slettebakken idrettsby og Krohnsminde idrettspark kunne fått auka finansiering frå spelemidlane.

Vi har idrettsglede for alle som visjon – det forpliktar, og målet vårt er at det skal vere plass til alle i idrettslaga våre i Vestland. Anleggsmangel skal ikkje avgrense idrettslaga eller barn og unge sin aktivitet.

No ber vi statlege styresmakter om å lytte til idretten og bidra til eit heilt nødvendig anleggsløft som skal sikre at idretten er ein stad å høyre til for alle.

Sofie er klar for sitt tredje OL. – Dette er framtidas OL

Dei kjempar for å få OL til Voss

Vossabadet pådreg seg store meirkostnader – men set rekord med 100.000 besøkjande

🏷️ Extracted Entities (7)

Vestland (place) Førdehuset (entity) Krohnsminde (entity) NIF (entity) Slettebakken (entity) Slåtthaug Arena (organization) Voss (entity)