Fylkesveg på Evanger stengd etter sørpeskred
Plus
I 9-tida torsdag morgon melde Statens vegvesen om eit snøskred på Fv5410 mellom Evanger og Teigdalen.
Skredet har gått ved Mæstadvatnet, og stengjer vegen.
– Det er snakk om eit sørpeskred som dekkjer heile vegbanen. Det skal ha vore ein meter høgt og ein meter breitt, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad i Vegtrafikksentralen.
Han seier at entreprenør som skal rydda vegen er varsla.
– Men me har ikkje høyrd noko frå dei enno med tanke på opning av vegen.
Like etter klokka 12 melder Vegvesenet at vegen er opna att.
Torsdag har det gått skred mange plassar i vårt dekningsområde, mellom anna på Vinje, Oppheim og i Gudvangen.
Kart med ID 491158
Hordaland oppdaterer saka.
🏷️ Extracted Entities (12)
Evanger
(entity)
Gudvangen
(entity)
Oppheim
(place)
Vinje
(entity)
Fv5410
(entity)
ID
(entity)
Mæstadvatnet
(entity)
Statens
(entity)
Teigdalen
(entity)
Tom Erik Englaugstad
(person)
Vegtrafikksentralen
(entity)
Vegvesenet
(entity)