Politiloggen: Melding om skred i morgontimane
Plus
Politiet i Hardanger fekk klokka 06:28 melding via Vegtrafikksentralen om at det hadde gått eit skred på Suldalsvegen. Det er uvisst når skredet gjekk, og det blei ikkje sett i verk nokon innsats frå politiet si side.
Klokka 09:27 kom det melding om at vegen var open.
Tysdag gjennomførte UP trafikkontrollar i Ullensvang. Først var dei i Jordalsvegen på Eide i Odda, der dei hadde fokus på dokument og ruspåverknad.
– 32 førarar blei kontrollerte, og det var ingen reaksjonar, opplyser Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger politistasjon.
Trafikkontrollen blei gjennomført mellom klokka 09:10 og 09:40.
Seinare på dagen, frå klokka 13 til nærare klokka 15, kontrollerte patruljen fart i Måge langs fv. 550.
Der blei det delt ut fire forenkla førelegg, og høgaste fart var 74 km/t i 60-sona.