Markegata-planane står framleis i stampe. – Eg synest Statens vegvesen er stri
Plus
Kommunalsjef Rolf Bjarne Sund meiner Statens vegvesen er lite smidige i prosessen med å få på plass ein plan for Markegata.
I mai i 2025 sende Kinn kommune ut eit nytt planforslag for Markegata i Florø ut på høyring. Høyringsfristen var 30. juni same år. Under tysdagens møte i Formannskapet i Kinn kommune ville Anita Eikevik (Sp) vite om kva som er status for denne planen no.
Kommunalsjef Rolf Bjarne Sund fortalde at det står att nokre problem som må løysast før den kan gjerast ferdig.
– Vi sit i det bygget som er utfordringa, sa Sund, og viste då til Kvartalet, der administrasjonen i Kinn kommune har sine kontor. bio rolf bjarne sund
Vil ikkje ta trafikk ned i Strandgata
– Det er inn og utkøyring frå gata utafor her som er litt av utfordringa. Det er siktsoner, og det er parkeringshuset som vi har snakka om. Vi ønskjer jo heilt opplagt å køyre ut og inn frå Markegata, og ikkje ta trafikken frå eit parkeringshus ned i Strandgata.
Kinn kommune jobbar som kjend med å få på plass eit parkeringshus i Bankhola.
Det er her den nye reguleringsplanen har møtt på problem. Det blir jobba med å finne løysingar som Statens vegvesen kan godta.
– Vi har eit forslag til løysing, saman med huseigar her som vi har lyst til å diskutere med Statens vegvesen. Eg har lyst til å legge til, og det har eg sagt før offentleg, at eg synest Statens vegvesen er stri. Dei kunne sett ned hastigheita her, så hadde vi løst dette her, men det seier dei nei til.
Kapasitet
Kommunen har søkt om få sett ned fartsgrensa i Markegata til 30 km/t, men Statens vegvesen avslo det. Kommunen har fått eit vedtak om 40-sone. Det betyr at det er vanskeleg å få til nok breidde på gata, og rett utforming av kryssa.
– Vi veit kva det handlar om, men det er det å ha kapasitet til å få det fullført, sa Sund.
Nokon tidshorisont blei ikkje lagt fram. Dermed er det grunn til å tru at arbeidet med ny plan for Markegata vil stå i stampe ein god stund til.
Markegata-planane har stranda – usemje mellom kommunen og Vegvesenet
Er det håp for Sarsparken?
Kinn: To av tre bedrifter manglar rett kompetanse