Herold

Kvifor må banken tene pengar?

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebank 1 Sogn og Fjordane Published: 2026-02-26 06:04:00
Kvifor må banken tene pengar?

Når avisoppslag handlar om «milliardresultat», er det forståeleg at mange reagerer. Banktenester kostar pengar, og renter er ei stor utgift for mange hushaldningar og bedrifter. Kritiske spørsmål er både naturlege og legitime.

Samtidig er det viktig å forklare kvifor eit godt resultat ikkje berre er noko ein bank sit att med, men noko som faktisk skapar verdiar og utvikling – for kundar, næringsliv og lokalsamfunn i Sogn og Fjordane.

Meir enn renter

Eit bankresultat handlar ikkje berre om renter. Det kjem frå ei samla verksemd: betalingstenester, sparing, forsikring, rådgjeving, mekling, investeringar banken gjer – og tenester som valutasikring for eksportbedrifter – i tillegg til finansiering av både privatpersonar og bedrifter. Vi konkurrerer med over 100 aktørar som tilbyr lån til privatkundar, på pris, kvalitet og tenester.

Ein stor lokal arbeidsplass

SpareBank 1 Sogn og Fjordane er i dag ein av dei største sparebankane i landet, med om lag 84 milliardar kroner i forvalta kapital og rundt 300 tilsette. Vi er også ein av dei største private arbeidsplassane i Sogn og Fjordane, og ei verksemd med stort ansvar – både overfor kundane våre og samfunnet rundt oss.

Ein viktig grunn til at vi er blant dei største sparebankane, er at vi også driv nasjonalt i personmarknaden. At vi har lukkast med å vekse over tid i ein tøff nasjonal konkurranse, er eit uttrykk for konkurransekraft. Ei langsiktig og målretta nasjonal satsing utgjer ein betydeleg del av resultata våre og skaper økonomisk kraft som blir brukt til å finansiere næringsliv, arbeidsplassar og samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane.

Kvifor overskot betyr utlån

Det viktigaste å forstå, er samanhengen mellom overskot og utlån. Når vi låner ut pengar til næringslivet, tek vi også risiko. Vi må ha evne til å bere denne risikoen – og stå støtt også når tider blir meir krevjande. Dette viste vi til dømes under pandemien. I 2020 lånte vi ut nærare 1,2 milliardar kroner meir til næringslivet i Sogn og Fjordane – i ei særs krevjande tid.

For kvar ny milliard vi låner ut til bedrifter og arbeidsplassar i regionen, må banken stille med om lag 200 millionar kroner i ny eigenkapital. Denne eigenkapitalen kan ikkje lånast – han må skapast gjennom resultata våre.

I 2025 voks utlåna våre til næringslivet aleine med 1,1 milliardar kroner. Det krev eit resultat før skatt på nærare 300 millionar kroner for å sikre at eigenkapitalen kan vekse i takt med utlåna.

Utan solide resultat blir det ingen vekst i utlån. Utan utlån blir det færre investeringar. Utan investeringar blir det færre arbeidsplassar.

Verdiskaping lokalt

Samstundes er vi den største enkeltbidragsytaren til frivillig sektor i regionen. I 2025 gav SpareBank 1 Sogn og Fjordane og eigarstiftingane våre 201 millionar kroner tilbake til lag, organisasjonar, næringsutvikling, kultur og idrett i Sogn og Fjordane.

Undersøkingar utførte for Sparebankforeninga viser at gåvemidlar ofte fungerer som ein startkapital: For kvar krone banken gir, kjem det i snitt minst tre kroner til frå andre hald. Det betyr at verdien for lokalsamfunna er langt større enn sjølve gåvene. Midlane treff breitt og kjem fellesskapet til gode – uavhengig av storleiken på lommeboka til den enkelte.

Ein viktig grunn til at dette er mogleg, er kombinasjonen av lokal forankring og nasjonal konkurransekraft. Det gir oss storleik og inntektsgrunnlag som gjer oss i stand til å finansiere både små og store bedrifter i Sogn og Fjordane.

Kva står på spel?

Korleis ville Sogn og Fjordane sett ut utan ein stor, lokalt forankra sparebank? Utan 300 arbeidsplassar. Utan korte beslutningsvegar. Utan lokal kunnskap om næringslivet. Utan eit sterkt engasjement for frivillig sektor.

Eit godt bankresultat handlar ikkje om profitt i seg sjølv, men om å sikre styrke og handlekraft til å ta ansvar – over tid, gjennom ulike konjunkturar, og også når tider blir meir krevjande.

For utan resultat, ingen eigenkapital.Utan eigenkapital, ingen utlån.Og utan utlån – stoppar utviklinga.

Solid bankresultat trass lågare overskot

– Må gjere det som er rett for banken

🏷️ Extracted Entities (4)

Fjordane (entity) Sogn (entity) SpareBank (entity) Sparebankforeninga (entity)