Treng laget ditt pengar? No kan du søke om vindkraft-kroner
Plus
To vindkraftselskap i Kinn kommune skal dele ut pengar til lag og organisasjonar i kvar sin ende av kommunen.
Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om tilskot frå Kvalheim Kraft og Guleslettene Vindkraft, melder Kinn kommune på sine heimesider.
I sør kan aktørane søkje til Guleslettene vindkraft sitt fond, medan organisasjonane i nord skal søkje hos Kvalheim kraft.
Men søknaden din må stette visse krav: Du kan ikkje søkje om pengar til rein drift av laget tidd. Det skal vere større prosjekt som ein treng pengar til å gjennomføre, og desse prosjekta må handle om friluftsliv, fritidsaktivitetar eller kultur.
På kommunen si side finn du både søknadsskjema og meir informasjon, og du må ha sendt søknaden din innan 30. mars.
🏷️ Extracted Entities (3)
Guleslettene Vindkraft
(person)
Kinn
(entity)
Kvalheim Kraft
(organization)