Bil krasja i eit tre
Plus
Klokka 09.17 fekk politiet ei melding om at ein bil har køyrt utfor vegen og krasja i eit tre ved Bringeland på Fv57.
Det melde politiet klokka 10.01.
Då patruljen var på staden var det ingen i bilen.
Politiet har vore i kontakt med bileigar, som også var førar. Vedkommande hadde vore aleine i bilen og hadde køyrt ut som følge av å vere uoppmerksam.
Det er ingen mistanke om ruskøyring.
Patruljen er ferdig på staden og bilbergar jobbar med å fjerne bilen.
Sak blir oppretta.
Firda kjem tilbake med meir.
🏷️ Extracted Entities (2)
Bringeland
(place)
Fv57
(entity)