Stem for konsesjonsordning for datasenter
Plus
SV sitt representantsforslag om konsesjonsordning for etablering av datasenter skal til handsaming i Stortinget 5. mars 2026. Noregs Naturvernforbund har i høyringsinnspel støtta forslaget. Som lokallag for Nordhordland ønsker vi å utdjupa argumentasjonen for ei konsesjonsordning.
I Statnett sin statistikk over tilknytingssaker i kraftnettet er det pr. 27.01.26 på landsbasis reservert totalt 2483 MW til datasenter. Dette utgjer heile 31 % av alle reservasjonane på 8043 MW. Statnett har leveringsplikt til selskapa etter prinsippet om «først til mølla». Dataindustrien har høg betalingsevne og får difor raskt reservasjon.
I tillegg står det pr. 22.01.26, 4999 MW i kapasitetskø. Dette utgjer 41 % av den totale nasjonale køen på 12 067 MW. Selskapa i kapasitetskø ventar på tildeling av kraft. Slik tildelingssystemet er no, vil dataindustrien støvsuga kraft som tradisjonell industri og fornuftige grøne etableringar etterspør. Like klart er det at det pr. dato ikkje er nok tilgjengeleg kraft til alle dei innmelde datasentera og aller minst vil bli det i framtida. Etterspørsla er kraftig overdimensjonert.
I Nordhordland står kampen om det tredje kraftsambandet frå Samnanger til Kollsnes. Sambandet vil føra til store naturøydeleggingar.
Naturvernforbundet meiner sambandet bør skrinleggjast av di behovet ikkje er godt nok dokumentert. I staden bør Statnett og NVE prioritera full og rask spenningsoppgradering av sentralnettet i den eksisterande ringen til Kollsnes. I eit middels scenario for forbruksvekst har Statnett i sin eigen KVU presentert dette som eit likeverdig og samstundes meir miljøvenleg alternativ enn det tredje sambandet.
Men dei eksplosjonsarta «behovet» for datasenter kan føra til eit høgscenario i bergensregionen og Nordhordland som diverre pressar fram det tredje sambandet. På Matre i Masfjorden har Kitebrook fått reservert 30 MW. I Samnanger står same Kitebrook i kapasitetskø for 100 MW. I Gulen er Skipavika Næringspark i kø for 45 MW. I tillegg er det konkrete planar om datasenter på Mongstad og på Dale i Vaksdal. Og fleire bankar på døra. Totalt nærmar vi oss 350 MW, like mykje effekt som elektrifisering av Melkøya vil beslagleggja.
Situasjonen er uhaldbar og ute av kontroll. Reservasjonane og kapasitetskøen av datasentre kan få den uhyrlege konsekvensen at fornuftige etableringar ikkje får straum og at tradisjonell industri blir utkonkurrert av høgare straumprisar. Det vil dessutan leggja press på utbygging av vindkraft i fjellheimen vår. Vi vil heller bruka energien til karbonfangst og lagring, landbasert oppdrett i etablerte industriområde, landstrøm til skip ved kai, klimatiltak og effektivisering i tradisjonell industri osb.. Slik kan vi dessutan forhindra at det tredje sambandet til Kollsnes vert bygd og unngå store naturinngrep.
Derfor må Stortinget ta kontroll. Det er ikkje behov for så mange datasentre som det no vert planlagd for, heller ikkje i bergensregionen og Nordhordland.
Gjennom konsesjonssystemet er det mogleg å regulera mengda datasentre som vert etablert og kor dei vert etablerte (der det er tilgang på kraft, areal og moglegheiter for fornuftig bruk av spillvarmen).
Naturvernforbundet Nordhordland bed difor Hordalandsbenken å røysta for eit nasjonalt konsesjonssystem for datasenter slik SV foreslår og Noregs Naturvernforbund har spelt inn i sitt høyringssvar. Det vil gagna også kampen mot det planlagde tredje kraftsambandet gjennom Nordhordland og mot vindturbinar i fjellet. Fram til ei nasjonal konsesjonsordning er på plass, bør dessutan datasenter som ikkje er under utbygging, setjast på vent.