Herold

– Har gått over all forventning

Plus
Kilde: NH Author: Synnøve Solstad Hefte Published: 2026-02-24 19:28:19
– Har gått over all forventning

Opna salongen like før jul. No treng dei fleire sakser.

– Me starta opp i desember i fjor, noko som var ei veldig god tid, med både jul og søndagsope butikkar. Folk kom innom her medan dei gjorde julehandlinga, seier dagleg leiar, Ali Jumal.

Han fortel at dei var veldig spente då januar kom. For det brukar å vere roleg etter jul, men uventa mange folk som kom innom då også.

– Me har allereie fått stamkundar, både av lokalbefolkninga, men også folk som arbeidar på senteret som vil stella håret etter arbeidsdagen.

Jumal trekker fram ein kunde som kjem innom ein dag i veka for å fiksa håret.

– Det har gått over all forventning. Me har fått gode tilbakemeldingar og god respons på sosiale medium etter at me opna opp.

Treng fleire

Akkurat no er det tre som er tilsett i frisørsalongen. På grunn av stor pågang har Jumal no behov for fleire medarbeidarar.

– Frisøryrket er eit veldig aktivt yrke. Det er viktig at frisørar får pausar for at det ikkje skal bli belastande for rygg og nakke. Difor er det fint at det er fleire folk her, då kan me rullera på kundane.

Han håpar det kjem inn ein til to nye frisørar.

Viktig med konkurranse

På senteret er det allereie tre andre frisørsalongar. Ein kunne trudd at med så mange konkurrentar, at det hadde vorte vanskeleg for Jumal å starta opp endå ein salong.

– Det har ikkje vore noko hinder for oss. Me tilbyr andre tenester og folk kjem innom her om dei har dårleg tid.

Hos Cut & Blow satsar på drop in kortare økter i stolen enn det ein vanlegvis har hos frisørar.

– Ein bør tola litt konkurranse. Kanskje dei andre frisørsalongane merkar at eg har kome her? Seier han med glimt i auget.

🏷️ Extracted Entities (3)

Ali Jumal (person) Blow (entity) Hos Cut (person)