– No er det lenge sidan eg song sist i Øksendal kyrkje, så eg gler meg veldig til å få gjere det igjen
Plus
Nils Arne Halle Erstad er halvt øksendaling, og no gler han seg til komme når soknerådet inviterer til ny kulturkveld søndag 1. mars. Då kan ein høyre Erstad og organist Arne Magne Johannessen slik ein aldri har høyrt dei før.
Når Øksendal sokneråd inviterer til kulturkveld i kyrkja på den første dagen i den første vårmånaden, er det ikkje feil å seie at unge Erstad, som fyller 24 år berre nokre dagar før arrangemenet, er hovudtrekkplasteret på det tradisjonelle arrangementet.
Sist gong han opptredde i kyrkja, var i fellesskap med Per Husby, men det er nokre år sidan no. Det kan derfor i høgaste grad kallast eit "comeback" for han, og det blir ekstra stas for Nils Arne å komme til kyrkja med eit spesialtilpassa repertoar denne søndagskvelden.
Eit godt spenn i repertoaret
- Eg skal mellom anna synge to hymnar. Den eine er av Nils Larsen, og har ein nydeleg tekst og melodi som han skreiv i 1915, og det er første gong eg framfører denne. Men eg skal og framføre "Hymne à L'amour" av Edit Piaf, men oversett til norsk av Knut Nærum. Han har laga ei oversetting som er veldig dagsaktuell når ein ser på kva som skjer rundt i verda. Meir kjærleik er det vi treng i verda no, og denne songen står hjartet mitt veldig nært, fortel han om noko av det publikum får høyre.
Erstad tilføyer at Anita Skorgan har gitt ut Nils Larsens "Hymne" på juleplata si "Julenatt" og Tine Thing Helset har gjort ein instrumentalversjon av songen. Så om ein vil høyre på dette før ein kjem i kyrkja, kan det leitast fram både i You Tube og på Spotify.
Resten av dei i alt ti songane dei skal framføre saman spenner seg frå gode, norske viser til salmar og litt meir poulære songar. Å få vere med på kulturkvelden i Øksendal kyrkje blir som å komme heim for Erstad. Han gler seg på å høyre dei andre som og skal opptre i kyrkja denne kvelden, for det er fleire enn berre han som kjem for å dele av songgleda si.
Kveldsmat i fellesskap
Ved sidan av Nils Arne Halle Erstad kan ein få høyre Dagny og Johan Øiestad framføre nokre songar, ein får høyre vokalensemblet Wok, som no har fått styrka seg med nye songarar i gruppa, og ein får og, nær sagt sjølvsagt, høyre nokre ord og tonar frå soknepresten sjølv, Jan-Fredrik Laskerud. Han byr heilt sikkert på skjemt og alvor og ganske sannsynleg med gitaren i armkroken.
Per Ove Dahl, som er leiar av soknerådet, gler seg til å endå ein gong få invitere folk inn i varmen i Øksendal kyrkje, både til eit kulturelt og eit sosialt samvere.
- Første gongen vi gjorde det var rett før Noreg stengde ned i 2020, så no er det femte gongen vi inviterer til ein slik kulturkveld med lokal kultur først og god kveldsmat i fellesskap til slutt, seier han.
I førekant av arrangementet i 2020 lovde soknerådet at dei skulle opne kyrkjedørene og løfte kyrkjetaket, og i Aura Avis si reportasje frå kvelden meldast det om at det vart ein kulturell festkveld. Det er det og god grunn til å tru at det kan det bli endå ein gong i Øksendal kyrkje.