Samtidig som Møre og Romsdal fekk null
Direkte useriøst å snakke om kva som skjedde for 12 år sidan , når Geir Inge Lien og SP faktisk må ta ansvaret for at SP og AP fjerna alt av ferjefri E-39 heilt ut av gjeldane NTP dei neste 12 åra
Lien og SP har ansvaret for gjeldande NTP
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Ikkje FrP, ikkje Høgre eller andre som har ansvaret for gjeldande samferdselspolitikk her i landet sidan 2021, dette er det kun AP og SP som må stå til ansvar for.
Togsatsinga som Lien snakka om, var han med på i regjering og sikra og stemte for, i behandlinga av Nasjonal transportplan. Der sikra SP blant anna giga jernbanesatsing til Moss som no har kome opp i 30 milliard kr, samtidig som Møre og Romsdal fekk null.
Les også:
Denne vanvittige togsatsinga til Moss til no 30 milliard kr stemte vi i FrP sjølvsagt imot.
Så eg forstår rett og slett ikkje kva Geir Inge Lien snakkar om, når han beklager at Vestlandet er skvisa i gjeldande NTP og heller prioriterte jernbane, når han sjølv og sitt parti faktisk stod for dette.
Les også:
No må vi sjå framover, og då er det også eit fakta at SP er støttehjul for Støre regjeringa og resten av "tuttifruttiregjeringa" , og som skal sy ihop ein ny NTP i 2028. Om desse partia blir enige tvilar eg sterkt på.
Forsvaret og beredskap vil ganske sikkert svekke rammene til samferdsel fram mot ny NTP, og samferdselsministeren svarte seinast i dag at det viktigaste framover blir vedlikehold, tiltak for trafikksikkerheit og beredskap.
Les også:
Korleis Geir Inge Lien og SP då plutseleg skal tru at dei får 30-50 milliard kr til Møreaksen, i tillegg til dei andre viktige vegprosjekta her i fylket, trur han ikkje på sjølv ein gong. Vi i FrP kjem til å prioritere Eksportvegane, og dei trafikkfarlige og ulykkesutsatte vegane, og viktige vegar i heile fylket, og sjølvsagt skrote Møreaksen ein gong for alle.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal