Herold

Stor mangel på bussjåførar – nytt prosjekt frå Vy og Vaktskiftet skal få fleire i jobb

Kilde: NRK Author: Sara Lovise Roaldseth Published: 2026-02-25 14:26:17
Oliver (20) kan få gratis bussertifikat og jobb – NHO applauderer nytt prosjekt

Busselskapet Vy prøver å lokke til seg framtidige bussjåførar med løfte om sponsing av førarkort og fast jobb.

Det manglar 850 bussjåførar på norske vegar. Mange sjåførar nærmar seg i tillegg pensjonsalder, ifølge NHO Transport, og næringa har lenge ropt varsku.

I Volda har Oliver Souto onsdag fått presentert eit heilt nytt prosjekt.

– Akkurat no så verkar det eigentleg ganske bra, seier tjueåringen.

Oliver Souto lærte mykje onsdag som gjorde at han syntest bussjåføryrket høyrest attraktivt ut.

Får førarkort og opplæring

Samtidig som bussnæringa skrik etter folk står 100.000 unge utanfor arbeidslivet.

Det er arbeidskraft områdesjef i Vy Buss, Astrid Garshol, gjerne vil kapre.

Derfor dekker ho rekninga for buss-sertifikat og opplæring, mot at dei nye sjåførane jobbar for henne.

Astrid Garshol er områdesjef i Vy Buss og treng fleire sjåførar.

For behovet er stort. Sjåførane hennar har ein gjennomsnittsalder på 56 år.

– Det er ein gjennomsnittsalder eg er komfortabel med. Eg har fantastiske sjåførar. Trygg og god arbeidsmasse med lang ansiennitet.

Det er likevel eit «men».

– Det er ei kjensgjerning at ansiennitetsalderen ikkje kan fortsette å auke i takt med sjåførgruppa, for kven skal då køyre ungane dine på skulen om 15 år, seier ho.

Vil kople behovet for arbeidskraft med dei som står utanfor

For å nå dei unge har Vy Buss blitt med på eit samarbeidsprosjekt saman med Kopano Møre og Romsdal, som dei kallar Vaktskifte. Poenget er at inkluderingsbedrifter går saman med næringslivet for å få folk i utanforskap inn i arbeid.

Henrik Dalelid Vedde er prosjektleiar for Vaktskiftet.

Berre i Møre og Romsdal står 32.000 utanfor arbeidslivet. 5.500 av dei er unge, opplyser Henrik Dalelid Vedde i Vaktskifte.

– Det er viktig for oss å få fram moglegheita som ligg i utanforskapen, og dei som ikkje er i jobb, og spesielt dei unge, seier han.

Dei som møtte opp på presentasjonen fekk vite mykje om bussjåføryrket som dei ikkje visste frå før av.

– Ganske interessert

Oliver Souto kan vere ein god kandidat. Han har i fleire år vore usikker på korleis vegen vidare skal sjå ut, og blei interessert da han høyrde om moglegheita til å bli bussjåfør.

Han sette seg gladeleg bak rattet i bussen då moglegheita baud seg under presentasjonen av prosjektet.

– Det er veldig oversiktleg, seier eleven, mens han køyrer rundt på området, nøye følgt opp av bussjåfør Stig Vinjevoll.

Han fekk onsdag høyre mykje han ikkje visste om yrket, og han fekk eit reelt innblikk i kvardagen til ein bussjåfør. Han ser for seg at yrket kan bli veldig gøy om ein sjølv er positiv.

– Sei «hei» til dei som kjem om bord, smile, prøve å halde litt samtalar der du har tid. Og om du er rutinert og har dei same folka, som kjem om bord kvar dag, då kan ein få ganske gode vennskap. Det er viktig, det òg, seier han.

– Vinn-vinn situasjon

Næringspolitisk direktør i NHO Transport, Jofri Lunde, håper samarbeidet gir resultat.

– Det er ein vinn-vinn situasjon at personar som er utanfor arbeidslivet, kan få ein meiningsfylt og samfunnsnyttig jobb som bussjåfør. Bussnæringa er inkluderande og for mange ein god start inn i arbeidslivet, seier ho.

Jofri Lunde er næringspolitisk direktør i NHO Transport.

Dei som står bak prosjektet håper no at dei får inn mange søkarar. Dei har stor tru på prosjektet. Og Oliver Souto kan kanskje kan bli ein av dei nye sjåførane Vy treng.

– Eg har lært så mykje i dag som gjer yrket meir attraktivt. Dette er kanskje ei moglegheit for meg. Det skal eg ikkje sjå bort frå, seier han.

Bussjåfør Stig Vinjevoll viste Oliver Souto rundt både inne i og utanfor bussen.

Bussjåfør Stig Vinjevoll meiner det er heilt nødvendig at bransjen klarer å rekruttere unge som Oliver. Og han har fleire oppmuntrande ord til den potensielle kollegaen.

– Eg skal fortelje deg ei hemmelegheit; V*i bussjåførar synest faktisk det er lettare å køyre buss enn privatbil, smiler Vinjevoll.*

🏷️ Extracted Entities (16)

Oliver Souto (person) Møre og Romsdal 📁 (category) NHO Transport (organization) Samferdsel 📁 (category) Samferdsel Møre og Romsdal 📁 (category) Vy Buss (person) Astrid Garshol (person) Busselskapet Vy (person) Bussjåfør Stig Vinjevoll (person) Henrik Dalelid Vedde (person) Jofri Lunde (person) Kopano Møre (person) Romsdal (place) Vaktskifte (entity) Vaktskiftet (entity) Volda (entity)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Samferdsel, Samferdsel Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Stor mangel på bussjåførar – nytt prosjekt frå Vy og Vaktskiftet skal få fleire i jobb
Twitter Title: Stor mangel på bussjåførar – nytt prosjekt frå Vy og Vaktskiftet skal få fleire i jobb