Herold

Stenger på kort varsel: – Øver på tunnelbrann

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Hanne Stedje Published: 2026-02-24 12:05:39
Stenger på kort varsel: – Øver på tunnelbrann

Det skal haldast øving, difor må tunnelen stengjast.

Seimsdalstunnelen vert stengd torsdag i halvannan time frå klokka 18.30, melder Vestland fylkeskommune.

Årsaka er at naudetatane skal halda beredskapsøving. Det skal setjst i verk eit scenario der beredskapspersonell skal øva på frontkollisjon mellom personbilar. Dei får i tillegg også ein brann å hanskast med medan ein gjeng med ungdommar held på med løpetrening inne i tunnelen. Norsk folkehjelp og ein gjeng lokale fotballspelarar skal vera med på øvinga, vert det opplyst.

Det vert sett opp kolonnekøyring gjennom tunnelen 30 minutt før og etter øvinga, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Den 1,6 kilometer lange Seimsdalstunnelen er bygd i 1962 og var den gongen han opna fylkets lengste tunnel. Den vart totalrenovert og utvida over eit tidsrom på nesten to år, eit arbeid som vart ferdigstilt sommaren 2023.

Det har mellom anna medført at det no er to køyrebaner for bilistar og ein avgrensa gang- og sykkelveg gjennom heile tunnelen.

Gledeleg opning med alvorleg bakteppe: – Me hadde ikkje vore her utan den beskjeden

🏷️ Extracted Entities (2)

Seimsdalstunnelen (entity) Vestland (place)