Herold

Vi kan ikkje byggje oss ut av alt

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Hanna Lie Bakken, Åsmund Berthelsen, Ragnhild Berge Feidje i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Naturvernforbundet Indre Sogn. Published: 2026-02-24 19:49:27
Vi kan ikkje byggje oss ut av alt

I Sogn Avis 17. februar seier Statkraft sin regiondirektÞr at meir vindkraft «mÄ til, sorry»

Det er ei haldning Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og Indre Sogn meiner fortener eit svar. NÄr ein snakkar om sÄ store inngrep i naturen, held det ikkje med eit «sorry».

Ja, vi stÄr midt i store omstillingar. Vi skal kutte utslepp. Vi skal bort frÄ fossil energi. Det krev kraft. Energisystemet skal endrast. Men spÞrsmÄlet er ikkje berre kor mykje kraft vi skal produsere, det er og kva samfunn vi skal ha og leve i, i framtida.

For vi stĂ„r ikkje berre i ei klimakrise. Vi stĂ„r ĂČg midt i ei naturkrise. Artar forsvinn, leveomrĂ„de blir bygde ned, og inngrepa skjer stykkevis og delt - gjennom mange vedtak. Areal, natur og energi er knappheitsgode. NĂ„r presset aukar, mĂ„ vi prioritera. Grunnen til at vi no mĂ„ ta vanskelege val, er ikkje at naturen plutseleg har blitt meir eller mindre viktig. Det er fordi vi over lang tid har forvalta ressursane vĂ„re dĂ„rleg.

Bit for bit har vi bygd ned naturen. Bit for bit har vi prioritert meir forbruk, meir utbygging, meir «verdiskaping». Ideen om evig vekst har fÄtt stÄ uimotsagt. Resultatet ser vi no: klimakrise, naturkrise og aukande konfliktar om arealbruk.

DÄ held det ikkje Ä seia «det mÄ til, sorry».

Vi vil heller stille meir grunnleggjande spĂžrsmĂ„l: Treng vi alltid meir kraft – eller mĂ„ vi ĂČg diskutera korleis vi brukar den krafta vi har? Kva nĂŠringar skal prioriterast? Kva forbruksmĂžnster legg vi til grunn? Kor mykje natur er vi villige til Ă„ ofre?

Det blir ofte lagt fram som ei etablert sanning at vi treng dramatisk mykje meir kraft i Ă„ra som kjem. Dette er eit politisk val – ikkje ei naturgitt utvikling. Byggjer prognosane pĂ„ fĂžresetnader om vidare vekst i forbruk, nye kraftkrevjande nĂŠringar og hĂžgt energibruk per innbyggjar? Vi mĂ„ vĂ„ge Ă„ stille spĂžrsmĂ„l ved desse fĂžresetnadene. Kor mykje av det auka behovet handlar om reelle klimakutt – og kor mykje handlar om at vi ikkje er villige til Ă„ prioritere strammare? Dersom vi ikkje diskuterer kva vi skal bruka krafta til, blir «meir kraft» ein sjĂžlvoppfyllande profeti.

Vi kan ikkje berre spĂžrja korleis vi produserer meir kraft, vi mĂ„ ĂČg spĂžrja kva vi brukar krafta til, og kva vi er villige til Ă„ ofre.

Difor er det viktig at representantar i Vik kommunestyre gjekk pÄ talarstolen og lÞfta fram tap av artsmangfald og nedbygging av natur. Dei tok ansvar for heilskapen. Dei minna oss om at dette handlar om meir enn megawatt og marknadsprisar. Det fortener ros.

Vi er ikkje mot fornybar energi. Men vi er mot ei utvikling der energiomstilling blir brukt som grunngjeving for Ä byggja ned stadig meir natur utan reell prioritering. FÞr vi tek nye omrÄde i bruk, mÄ vi krevja betre energieffektivisering, klokare bruk av krafta vi alt har, og ein open diskusjon om kva slags nÊringar og forbruk som skal prioriterast. Dersom det likevel skal byggjast meir vindkraft, mÄ det skje pÄ allereie nedbygde eller sterkt pÄverka areal, sÄkalla grÄ areal, eller i tilknyting til eksisterande infrastruktur.

NĂ„r det blir sagt at kommunar ikkje kan halda fram med Ă„ seia nei til vindkraft utan at det skapar eit nasjonalt problem, legg ein press pĂ„ lokaldemokratiet. Det er lokalsamfunna som lever med inngrepa. DĂ„ mĂ„ dei ĂČg fĂ„ rom til Ă„ vurdera konsekvensane grundig – og til Ă„ setja grenser.

SpĂžrsmĂ„let for Vik er stĂžrre enn eitt prosjekt. Eller om ein skal seia ja eller nei til vindkraft. SpĂžrsmĂ„let er om ein vil ofre dei lokale naturgodene – landskapet, artsmangfaldet, stillheita, friluftslivet – for vidare vekst. Og for kven skal denne veksten skje? For kommunen? For storsamfunnet? For marknaden? For eksport?

Og ikkje minst er spÞrsmÄlet Kva slags samfunn vil vi byggja? Eit der naturen fÞrst og fremst er ein ressurs som kan byggjast ned nÄr behovet melder seg? Eller eit der vi erkjenner at naturen har eigenverdi, og at ikkje alt kan mÄlast i kroner og kilowattimar?

Vi treng energiomstilling. Men vi treng ĂČg ei omstilling i mĂ„ten vi tenkjer samfunn pĂ„. Dersom svaret pĂ„ alle utfordringar er meir utbygging, har vi ikkje lĂŠrt noko av historia.

Vi kan ikkje lĂžysa klimakrisa ved Ă„ forsterka naturkrisa. Vi mĂ„ handtera begge – samstundes. Naturvernforbundet meiner at den viktigaste prioriteringa no er Ă„ ta vare pĂ„ det vi ikkje kan byggja opp att: naturen.

Det krev politisk mot. Det krev prioriteringar. Og det krev meir enn Ä seia «sorry».

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Eit (entity) Fjordane (entity) Indre Sogn (person) Kva (entity) Naturvernforbundet i Sogn (organization) Statkraft (entity) Vik (place)