Herold

Stortinget seier ja til framleis alkoholsal i fjernbetente butikkar

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: NPK-NTB Published: 2026-02-24 20:25:50
Stortinget seier ja til framleis alkoholsal i fjernbetente butikkar

Med eit stort fleirtal vedtok Stortinget at fjernbetente butikkar skal fĂ„ halde fram med Ă„ selje alkohol. – Ein gledesdag for sunn fornuft, seier Senterpartiet.

– Det strir mot sunn fornuft at folk ikkje skal fĂ„ kjĂžpt Ăžl i nĂŠrbutikken sin fordi han er fjernbetjent. Vi kan ikkje ha lover og reglar som ikkje gir meining, og sjĂžlvbetente butikkar har komme for Ă„ bli, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) i ei pressemelding i etterkant av vedtaket.

Allereie i november i fjor vart det klart at stortingsfleirtalet stÄr saman bak forslaget. Bakteppet var ein diskusjon om desse butikkane framleis kan selje alkohol. Helsedirektoratet vurderte at det ikkje er lov med alkoholsal utan fysisk betening, og det skapte uro i bransjen.

FrÄ fÞr har rundt 100 fjernbetente butikkar fÄtt godkjenning, skreiv NRK mÄndag. Lovendringa vil opne for at det no vil gjelde alle fjernbetente butikkar i Noreg.

DÄ forslaget om Ä be regjeringa sÞrgje for at kommunar kan tillate sal av alkohol og tobakk i desse butikkane kom opp til behandling tysdag, vart det vedteke med stort fleirtal. 92 representantar stemde for og berre ti imot, fem frÄ KrF og fem frÄ Raudt.

(©NPK)

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Sogn Avis PLUS
Stortinget seier ja til framleis alkoholsal i fjernbetente butikkar
NPK-NTB · 2026-02-24 20:25:50
Med eit stort fleirtal vedtok Stortinget at fjernbetente butikkar skal fĂ„ halde fram med Ă„ selje alkohol. – Ein gledesdag for sunn fornuft, seier Sent...
Stortinget sa ja til framleis alkoholsal i fjernbetente butikkar
Egil Kristian Aardal / NTB · 2026-02-27 15:05:00
Med eit stort fleirtal vedtok Stortinget at fjernbetente butikkar skal fĂ„ halde fram med Ă„ selje alkohol. – Ein gledesdag for sunn fornuft, seier Sent...

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Erling Sande Sp (person) KrF (entity) NRK (entity) Noreg (entity) Raudt (entity) Senterpartiet (entity) Stortinget (entity)