Herold

Årets festival byr på mykje nytt: – Kanskje me finn ein ny suksess

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Ronja Årskaug Vallestad Published: 2026-02-24 20:59:08
Årets festival byr på mykje nytt: – Kanskje me finn ein ny suksess

I den 46. utgåva av festivalen håpar arrangørane at dei har noko for ein kvar smak.

Førre veke sleppte arrangørane heile programmet til årets Vekao i Sogndal.

– Det blir innhaldsrikt, aktivt og variert, lovar festivalsjef Tonje Heddalen Stølen, om den komande festivalen 12. til 22. mars.

Årets utgåve blir den 46. i rekka, og Tonje og resten av styret håpar dei kan lokka både gamle og nye studentar, i tillegg til bygdefolket.

Morgonbad og friluftsdag

– Me skal treffa alle, seier Aline Torgersen, som er økonomiansvarleg for festivalen.

Sjølv om festivalen hovudsakleg er arrangert av studentane på HVL i Sogndal, ynskjer dei likevel at heile bygda vil delta på det dei steller i stand.

Fleire av aktivitetane er planlagd for å skapa eit større samhald i bygda.

– Me skal mellom anna ha ein friluftsdag, saman med Lurkarlaget og Sogn Friluftsråd, fortel arrangementsansvarleg Evelin Mittermeier.

Friluftsdagen går av stabelen i laurdag 14. mars, der folk mellom anna kan bli med på tur og grilling, i tillegg til at ein marinbiolog kjem på besøk.

Men før den tid, skal festivalen starta det heile med eit brak. Eller, det vil seia – eit bad.

– Torsdagen skal me ha morgonbad og «rave» på Det Gule Hus, seier bookingansvarleg Lars Syljusveen.

Skal spela sjølv

Sogndalsstudenten Lars skal sjølv stå på scena under Vekao, då som ein del av musikkgruppa Gæste Gutter.

Rap-gruppa sleppte sine første låtar i 2020, og har sidan då spelt på fleire festivalar og scener rundt om i landet, mellom anna Balestrand Badeklubb Festival og By: Larm.

– Det er mange som har sagt til meg at dei har lyst til å sjå Gæste på festivalen, så eg tok det opp med styret for å høyra kva stemninga var for det. Og den var positiv, smiler han.

Gjentek suksess

I årets program finn me òg ein type fest som dei fleste kanskje assosierer med fadderveka.

– Me skal ha toga-fest, som ein avslutningsfest for Studentolympiaden. Då kjem folk til å kle seg litt som i gamle Athen. Det har ikkje vore ein slik temafest her i Sogndal sidan fadderveka i 2023, så det er på tide å henta det opp att, seier Tonje.

Håret rauk første dagen av jubileumsfestivalen

I løpet av festivalvekene kjem artistar som Svømmebasseng og Synne Sørgjerd, og dei som har lyst kan booka seg inn på sidersmaking, gruppetimar og ulike turneringar. Det blir også standup med realitykjendis Karsten Blomvik.

– I tillegg skal me få på plass ein Escape-bus, som me òg hadde i fjor. I Sogndal har me ikkje escape-room, så dette blir kjekt for både born, unge og vaksne, seier Tonje.

Som tidlegare år skal dei òg arrangera den tradisjonelle skidagen i Heggmyrane, med ein etterfølgjande afterski på Meieriet.

Og så gjentek dei suksessen med «Pitch a friend», som dei arrangerte tidlegare i haust.

Gjertrud (20) prøvde å selja inn Einar (21) frå scena: – Ingen kommentar

  1. mars dukkar Plumbo opp i bygda, og skal spela ein av dei siste konsertane på festivalen.

Siste dagen inviterer dei til Open Scene på Meieriet, der alle som har lyst kan melda seg på med innslag.

– Me har lyst å gje folk eit høve til å visa sine talent. Kanskje me finn ein ny stjerne? spør Aline.

Engasjement i bygda

Tidlegare år har Vekao slite med å skaffa nok frivillige. I år håpar og trur frivilligansvarleg Maria Øyen at dei er i rute til festivalen.

– Det er ikkje alle som har fått det med seg, men me ligg i rute i forhold til der eg tenkjer me bør vera. Me treng likevel at me får ein stor auke i påmelding fram til festivalen, seier ho.

Dei fortel at også engasjementet blant folk i bygda er stort. Førre torsdag arrangerte dei slepp-fest og auksjon der dei samla inn pengar til forsking på barnedemens. Fleire lokale bidrog med ting av stor verdi, og dei klarte å samla inn over 30 000 kroner.

No er styret veldig gira på å koma i gang med festivalen, som går av stabelen om under ein månad.

– Me håpar folk kjem til å kosa seg. Kanskje me har nokre nye aktivitetar som blir ein ny suksess? spør Tonje.

– Dette er noko heilt anna enn det me har opplevd dei siste åra

🏷️ Extracted Entities (24)

Sogndal (place) Tonje Heddalen Stølen (person) Vekao (entity) Gæste Gutter (person) Lars Syljusveen (person) Meieriet (entity) Aline Torgersen (person) Athen (entity) Balestrand Badeklubb Festival (person) By (place) Det Gule Hus (person) Einar (entity) Escape (entity) HVL (entity) Heggmyrane (entity) Karsten Blomvik (person) Lurkarlaget (entity) Maria Øyen (person) Open Scene (person) Plumbo (entity) Sogn Friluftsråd (person) Studentolympiaden (entity) Svømmebasseng (entity) Synne Sørgjerd (person)