Herold

Til minne om Asgeir T. Rusten

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Julie H. Askeland, for Idrettslaget Ternen Published: 2026-02-24 12:00:00
Til minne om Asgeir T. Rusten

IL Ternen vil heidra minnet etter Asgeir T. Rusten – ein av dei som har sett dei djupaste og mest varige spora i laget vĂ„rt.

Gjennom fleire tiÄr var han ein berebjelke i utviklinga av skianlegget i Tveitedalen, og mykje av det me i dag tek for gitt, stÄr pÄ grunnmuren han var med Ä byggja.

Asgeir var ein av dei som sÄg moglegheiter der andre sÄg utfordringar. Han var ein av dei som trudde pÄ at draumar kunne bli til rÞyndom, berre ein vÄga Ä starta.

DÄ planarbeidet med skilÞypa i Tveitedalen tok til i 1980, var Asgeir heilt sentral. Han var bindeleddet mellom idrettslaget og grunneigarane, ein trygg og klok samtalepartnar som skapte tillit og samarbeid. I lag med Tobias HellÄs, og fleire andre, la han grunnlaget for det som skulle bli eit av dei viktigaste anlegga i bygda vÄr.

Asgeir var ikkje den som stod fremst med spade og spett, men han var den som bar planane, sĂžknadene, kontakten med kommunen – og ikkje minst entusiasmen. Han var drivkrafta bak tippemiddelsĂžknadar, kronerulling og innsamlingar. Han var den som fekk folk med seg, som sĂ„g verdien av fellesskap og frivillig innsats.

Gjennom Ära 1980 til 1994 voks skianlegget fram: LÞypetraseane, parkeringsplassen, Ternebu og straumframfÞring. DÄ anlegget stod ferdig og gjeldsfritt i 1994, var det i stor grad takka vere Asgeir sin utrÞttelege innsats for Ä skaffa midlar og halda prosjektet pÄ rett kurs. Det er ikkje ei overdriving Ä seia at utan han, sÄ hadde ikkje Ternen hatt det anlegget me har i dag.

I denne perioden blĂžmde ogsĂ„ skiaktiviteten. Ternen hadde eigen skibuss, og 50-60 ungar deltok jamleg pĂ„ renn. Nokre reiste heilt til junior-NM i Molde, andre gjekk Birken. Det var ei tid prega av liv, meistring og fellesskap – og Asgeir var ein av dei som gjorde dette mogleg.

Asgeir var ein mann av visjonar. I boka «UtĂ„ker, hĂžgtid og kvardagsliv», finn me eit sitat som fangar han godt: «Ut frĂ„ draumar og visjonar veks det fram ein plan for Ă„ fĂ„ noko til, nett slik det gjorde i Tveitedalen». Slik var Asgeir. Han drĂžymde – og han handla.

Difor rÞrer det oss djupt at familien, ogsÄ etter hans bortgang, har valt Ä fÞra arva hans vidare. At minnegÄva vart gitt til Ternebu i staden for blomar, er ei gÄve som treffer oss midt i hjarta. Det er ei handling som speglar Asgeir sine verdiar: Fellesskap, framtidstru og vilje til Ä byggja noko som varer.

Me i IL Ternen er audmjuke og djupt takksame. For innsatsen hans. For visjonane hans. For alt han gav – og for alt han framleis gjev gjennom minnegĂ„va frĂ„ familien.

Me lyser fred over minnet til Asgeir T. Rusten. Og me ber arva hans vidare – i lĂžypene, i Ternebu, og i fellesskapet han var med Ă„ skapa.

Takk!

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Asgeir T. Rusten (person) IL Ternen (organization) Ternebu (entity) Tveitedalen (entity) Birken (entity) Molde (place) Tobias HellÄs (person)