Stortinget gjekk inn for å sikre at fjernbetente butikkar kan selje alkohol
Tysdag slo Stortinget fast at fjernbetente butikkar likevel kan selje alkohol. Helsedirektoratet har tidlegare stempla det som ulovleg.
På dagtid, mellom klokka 09-16 ser Joker Vestsmøla på Nordmøre ut som alle andre butikkar. Der er både kundar og tilsette. Hyller blir fyllt på, og kundar kan få hjelp av tilsette som er til stades fysisk i butikken.
Etter klokka 16 er butikken fjernbetjent resten av døgnet.
– Då styrer vi butikken frå telefon, forklarer butikksjef Line Roksvåg.
Line Roksvåg er fysisk til stades i butikken på dagtid. På ettermiddagen og kvelden er butikken fjernbetent.
Mange stader i landet finst det liknande butikkar. For å klare seg økonomisk, er dei avhengige av å ikkje måtte ha tilsette til stades under heile opningstida.
Meiner dei er avhengig av alkoholsalet
Men kan desse butikkane selje alkohol når dei er fjernbetente? Det har den siste tida blitt diskutert.
Ulike myndigheiter har tolka regelverket ulikt, og mange fjernbetente butikkar har frykta at det kunne gå mot nedlegging dersom dei ikkje skulle få ha alkoholsal.
Den uroa har også butikksjefen på Smøla kjent på.
– Vi har ikkje høve til å halde det ope med betening til for eksempel klokka åtte. Vi er ein liten butikk på ein liten stad. Så for oss er det vere eller ikkje vere å kunne drive med fjernbetjent alkoholsal, seier Roksvåg.
Ho er overtydd om at kundane ville reist til andre butikkar dersom dei ikkje fekk handla alkohol eller tobakk.
– Det handlar om fridom til kundane om at dei skal kunne handle det dei vil når dei vil, sjølvsagt innanfor alkohollovgivinga, seier ho.
Blei vedtatt i Stortinget
Tysdag blei forslaget behandla i Stortinget, og berre Kristeleg Folkeparti stemte mot.
Frå talarstolen snakka fleire stortingsrepresentantar om kor viktig lokalbutikken er, spesielt i grisgrendte strøk. På tvers av partigrenser var dei einige om at det var viktig at reglane blir klargjorde, og samstemte i at det finst tekniske løysingar som gjer det mogleg å følge alkohollova.
Saksordførar Kai Steffen Østensen (Ap) avviser at dei no liberaliserer alkohollova.
– Det skal framleis vere forbode å selje til mindreårige og synlege rusa. Og salet skal skje innanfor fastsette tider, og med kontroll, sa han.
Kai Steffen Østensen var saksordførar og glad for at regelverket nå blir klargjort etter at det har blitt tolka ulikt av ulike myndigheiter.
Sidan november har det lagt i korta at butikksjefen på Smøla mest sannsynleg får halde fram med alkoholsal i butikken.
Då gjekk Sp saman med SV, MDG, Høgre, Venstre og Frp og fremja forslag om at reglane må endrast og sidan da har det vore fleirtal i Stortinget.
Helseminister Jan Christian Vestre har også sagt at regjeringa er open for å gjere endringar i lovverket.
Dei to forslaga til Stortinget om alkoholsal i fjernbetente butikkar
Forslag nummer 1:
(på vegne av Arbeidarpartiet, Fremstegspartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Miljøpartiet De Grønne og Venstre)
- Stortinget ber regjeringa syte for at kommunar kan tillate sal av alkohol og tobakk i fjernbetente butikkar, og om naudsynt kome attende til Stortinget med forslag til lovendring.
Forslag nr. 2
(på vegne av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet, Rødt, Miljøpartiet De Grønne og Venstre)
- Stortinget ber regjeringa varsle kommunane, statsforvaltarane og Helsedirektoratet om at kommunane kan halde fram med å godkjenne sal av alkohol og tobakk i fjernbetente butikkar, gitt at dei tekniske løysingane er gode nok til å oppfylle alkohollovens og tobakkskadelovens krav, fram til ei eventuell lovendring er lagd fram for Stortinget.
(Kjelde: stortinget.no)
– Eg veit at mine tilsette får behalde jobben
På butikken på Smøla er vedtaket musikk i øyra til butikksjefen.
Line Roksvåg har vore usikker på framtida. Om ho ikkje hadde fått fortsette å selje alkohol trur ho det hadde betydd kroken på døra.
– Det gjer at eg kan senke skuldrene. Da veit eg at butikken består, eg veit at mine tilsette får behalde jobben sin. Og eg veit at bygda har ein butikk, seier Line Roksvåg.