Herold

Forureine og sette folk i fare utan konsekvensar?

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Bjørn Jacobsen Published: 2026-02-24 10:53:51
Forureine og sette folk i fare utan konsekvensar?

Interpellasjon til ordføraren frå Bjørn Jacobsen SV om at folk og miljø ikkje skal utsettast for fare i høve forureining frå PFAS.

Forureine og sette folk i fare utan konsekvensar?

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Deponiet på Raudsand ligg i Molde kommune og dette gjer Molde eit spesielt ansvar for folk og miljø rundt og i Tingvoll - Sunndalsfjorden.

PFAS er kjemikaliar som reknast som «evigvarande» og har vore brukt i over 50 år i Norge i ei rekke produkt vi brukar dagleg. Spesielt er ein redd for effekten giftstoffa kan ha på born og unge samt naturen. Forbod mot PFAS kjem no i ei rekke land og vi går over i ein oppryddingsfase.

På Årø, Kvernberget og Vigra lufthamnar har det laka ut mykje PFAS etter bruk av brannskum. På Årø rant det ut i fjorden og på Kvernberget til jord som no fraktast til deponi på Raudsand. 30 tusen tonn PFAS-forureina jordmassar har blitt frakta til deponiet på Raudsand.

Dette visar at i tillegg til skade på menneske og miljø kostar oppryddinga enormt. Det blir då enda viktigare å sikre at sluttdeponiet på Raudsand er garantert sikkert mot utlaking til Tingvoll-Sunndalsfjorden. Slik at miljøgifta ikkje får forureine ein gong til!

No er Equinor i gang med transport av forureina PFAS-massar frå Stureterminalen, Vestland fylke til Raudsand.

Miljødirektoratet stoppa i fjor sommar mottak til deponiet på Raudsand. 9. desember i fjor oppheva direktoratet mottakssoppen slik at i dag held ein fram med å ta i mot miljøgifta i eit deponi som hittil har vist seg å ikkje klare å vere eit sikkert sluttdeponi. Det er ikkje dokumentert kor mykje sigevatn som finnst og kor mykje av det som renn ut i frå deponiet.

Kva vil ordføraren gjere for å sikre at innbyggarane og miljøet ikkje utsettast for fare når Veidekke Industri får halde fram med mottak og no og med auka mengde masse?

Stenginga av mottaket var grunna brudd på forureingslova. Kva synes ordføraren om at Veidekke Industri kan forureine og bryte lova utan at det får nokon økonomiske konsekvensar?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (34)

PFAS (entity) Raudsand (place) Deponi 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Miljøgifter 📁 (category) Molde 📁 (category) Molde kommune 📁 (category) PFAS 📁 (category) Raudsand 📁 (category) Tingvoll 📁 (category) Deponi 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) Molde Kommune 🏷️ (keyword) PFAS 🏷️ (keyword) Raudsand 🏷️ (keyword) Tingvoll 🏷️ (keyword) miljøgifter 🏷️ (keyword) Kvernberget (entity) Molde (place) Veidekke Industri (organization) Årø (entity) Bjørn Jacobsen SV (organization) Equinor (entity) Nordvest (entity) Norge (entity) Stureterminalen (entity) Sunndalsfjorden (entity) Tingvoll (entity) Tingvoll-Sunndalsfjorden (entity) Vestland (place) Vigra (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Tingvoll, Raudsand, PFAS, Deponi, Molde, Molde kommune, Miljøgifter
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Tingvoll, Raudsand, PFAS, Deponi, Molde, Molde kommune, Miljøgifter