Herold

Ein gard er ikkje berre ein gard

Plus
Kilde: Valdres Author: Knut Erik Ringli, styremedlem, Oppland Senterungdom Published: 2026-02-23 18:58:00
Ein gard er ikkje berre ein gard

Folk tenkjer ofte på ein gard som berre ein plass med bygningar, dyr og jord. Men ein gard er mykje meir enn det ein ser med det blotte auget.

Ein gard er ein stad der fleire generasjonar har lært verdien av hardt arbeid, ansvar utan pause og det å stå i eigne avgjerder – også når dei er tunge. Difor kan vi ikkje behandle landbruket som om det berre handlar om økonomi og effektivisering.

Det er mykje historie på ein gard, og mange gardar i Noreg er fleire hundre år gamle. Dei har stått gjennom krig, kriser og skiftande politiske tider. Dei er ikkje berre historie, dei er òg framtid. Når ein tek over ein gard, tek ein ikkje berre over ein eigedom. Ein tek over eit livsverk, ei plikt og eit ansvar for å føre det vidare, helst i betre stand til neste generasjon.

Eg er sjuande generasjon på ein gard frå 1860-talet. Det var mjølkeproduksjon her fram til 2020, og deretter oppfôring av kalv fram til oktober 2024. For meg er ikkje ein gard berre jord og bygningar. Det er gleda av å sjå dyr vekse og trivast, lyden av traktoren ute på jordet og å kjenne på tilhøyrsle til ein stad familien min har bygd opp gjennom slit, vilje og tru på at det nyttar.

Det er noko eige med å sjå lyset i fjøset ein mørk kveld, og å høyre bjøllene i fjellet om sommaren. Det gir ei kjensle av retning. Å drive gard er ikkje berre eit yrke, det er eit ansvar og ei livsform. Ein får vere med i ei av dei viktigaste næringane i verda: å produsere mat.

På ein gard lærer du at ansvar ikkje kan utsetjast. Dyra skal ha stell uansett dagsform og vêr. Naturen tek ikkje omsyn til korleis du føler deg. Naturen set rammene, og du må tilpasse deg. Skal ein gard overleve gjennom generasjonar, må ein tilpasse seg forholda og utnytte det ein har. Det formar både menneske og lokalsamfunn.

Difor blir det feil når ein gard berre blir vurdert ut frå lønsemd og tal i eit rekneskap. Ein gard er ikkje berre ein stad der det blir produsert mat – han er beredskap, identitet og framtid. I ei uroleg verd, der matsikkerheit og sjølvforsyning igjen står på dagsorden, burde vi forstå kor viktig det er å ha levande gardar over heile landet.

Når gardar blir lagde ned, mistar bygder og samfunn meir enn produksjonstal. Det forsvinn eit miljø, eit kunnskapsgrunnlag og tradisjonar. Det tek generasjonar å byggje opp. Eit enkelt vedtak eller eit økonomisk press kan rive det ned. Ein gard som sloknar, tek med seg meir enn sjølve produksjonen. Han tek med seg ein del av bygda si sjel.

I Oppland Senterungdom meiner vi at levande bygder og eit sterkt landbruk ikkje kjem av seg sjølv. Det krev politiske val som legg til rette for at unge faktisk kan og vil ta over gardar. Det krev at vi ser verdien av norsk matproduksjon, bruk av eigne ressursar og eit landbruk over heile landet.

Ein gard er meir enn berre ein gard. Han er ein del av fellesskapet vårt og verd å ta vare på. Ein gard er ein arbeidsplass, ein heim og eit anker i lokalsamfunnet. Å ta vare på gardane våre handlar ikkje berre om å ta vare på ei næring. Det handlar om tryggleik, identitet og framtid for heile landet vårt.

🏷️ Extracted Entities (2)

Noreg (entity) Oppland Senterungdom (person)