Olav Duuns «Medmenneske»
Kven er «den vonde»?
I 2026 er det 150 år sidan Olav Duun (1876–1939) vart fødd, noko som blir markert bl.a. med oppsetting av «Medmenneske» både på det Norske teater og under Duun-jubileet på Jøa til sommaren. «Medmenneske» (1929) er ein av dei mest kjente romanane av Duun, og ein av dei aller mest interessante. Her er det dramatikk både på det ytre og det indre planet. På Stavset er det Håkon og Ragnhild som rår, mens Didrik og Tale bur på kåret. Dei kjem opp i ein innfløkt konflikt, som ender med at Ragnhild tek livet av Didrik.
Slik vi møter kårkallen Didrik i romanen, blir han oppfatta som ein kranglefant som ingen liker, verken i familien eller i bygda elles. Han har lura ein kar til å ta på seg eit farskap, har kasta fattigfolk ut av husa der dei bur, er brutal overfor kona Tale og sonen Arn, og han trugar Håkon og Ragnhild. Didrik er altså mislikt og utstøytt både i familien og i bygda, og ut frå mykje at det han gjer, er dette lett å forstå, og det bygger seg opp til ein alvorleg konflikt i familien.
Litteraturvitar Rolv Thesen, som vart rekna som ein av dei største Duun-kjennarane i mange år, meinte at i «Medmenneske» ville Duun først og fremst skildre den vonde Didrik – ein som ikkje var som andre menneske. Også i mange ande tolkingar av romanen har Didrik vore framstilt som eksponenten for «det vonde», mens Ragnhild har representert «det gode», som i ein desperat situasjon «reddar» Håkon frå å gjere skade på faren ved sjølv å drepe Didrik.
Eg har ofte stussa over denne tolkinga av romanen. Var Didrik verkeleg ein representant for «det vonde»? Dersom vi ser nærare på bakgrunnen til Didrik, blir bildet meir nyansert, og kanskje er det muleg å forstå kvifor han er som han er. Ei tid var Didrik vel ansett i bygda, bl.a. var han sett på som ein av dei mest kunnskapsrike. ... Visst hadde han lese meir enn andre, det var enda han som hadde sett i hop den vesle stubben at «bokhylden er en stige, hvorved du bliver din overmands lige» ... Bibelen hadde han lese frå perm til perm, mest som han las lovar og dommar og slikt. ... Han var arbeidsam, kjøpte to gardar og bygde dei saman til ein gard, men fekk økonomiske problem. Dette var eit stort nederlag.
Det går fram at han har hatt det vanskeleg i mange år. Han var skulda for valdtekt og mord, men utan at vi veit kva som faktisk har skjedd, og hatt mange uhell opp gjennom åra. Han blir sjikanert og kalla stygge ting både av dei andre i familien og folk i bygda, og får stadig klare meldingar om kor uønska han er uansett kor han kjem. Etter ein fest er han utsett for eit planlagt overfalt, rundjult og skamslegen så det kunne ha stått om livet. Dette meinte nok dei fleste at han «fortente». Didrik var eit mobbeoffer for heile bygda,
Da Håkon og Ragnhild skulle gifte seg, måtte han overgi garden til dei og flytte på kåret. Didrik var altså «tvangspensjonert», og følte at han mista både posisjon og identitet. Han var berre vel seksti år og fullt arbeidsfør. Han hadde inga rolle, verken i familien eller i samfunnet, og han følte at han ikkje har noko framtid. Didrik var altså åleine og utan støtte av nokon, han var krenka, ærelaus og makteslaus. I forsøket på å skape seg ei rolle, eit levebrød og litt status og respekt, har han planar om å starte eit kvennbruk nedpå stranda. Men Håkon vil ikkje samarbeide – Didrik møter ein uforsonleg Håkon og ei sterk Ragnhild. Da blir han desperat, og både han og Ragnhild mistar kontrollen. Katastrofen er eit faktum.
Men er Didrik ein representant for «det vonde» som eigentleg fortente å bli tatt livet av? Trass alt hadde Didrik ein slags moral og eit samvit, han brukte ikkje å lyge og hadde empati. Sjølv om han var ein kranglefant og ein ufyseleg person, er det ingen tvil om at han som «tvangspensjonert» bonde følte han hadde komme opp i ein desperat situasjon. Han var langt frå nokon psykopat. Også Didrik var eit menneske.
«Det vonde drep du ikkje med øks»
Med risiko for å provosere mange Duun-kjennarar, vil eg sjå nærmare også på den rolla som Ragnhild har. Er ho verkelege ein representant for «det gode», eller finst det nyansar i dette bildet? Ragnhild har mange gode eigenskapar og vil i utgangspunktet det beste for alle, og ho er løysingsorientert og handlekraftig. Ho forstår konflikten mellom Håkon og Didrik og prøver å mekle, men utan å lykkast. Ho viser empati i mange situasjonar, men forstår lite av Didrik sin situasjon. Dessutan har ho høge tankar om seg sjølv og er ambisiøs både på eigne og Håkon sine vegner. Det var nok uvanleg, og eigentleg svært så freidig, da ho før ho og Håkon giftar seg, går til Didrik, sin kommande svigerfar, og set som vilkår at han må gi frå seg garden. At ei kommande svigerdotter kjem og set slike vilkår, vil noko for dei fleste verke uhøyrt, men seier mykje om kven Ragnhild er.
Etter kvart blir Didrik meir og meir utstøytt av familien og bygda, og blir knapt oppfatta som eit vanleg menneske. Også Ragnhild er med på denne gradvise dehumaniseringa av Didrik. Dette kan truleg gjere det lettare å utføre drapet. ... Men er der ikkje blod i han? undrast ho. Var det likt! Nei da måtte han ha vore eit menneske da ...
Ragnhild viser at ho er impulsiv, og sjølve drapet er ei impulshandling. Det er ingen ting som tyder på at Ragnhild har planlagt det. Men etterpå forklarar ho drapet med at ho måtte «redde» Håkon frå å skade faren. Dette verkar mest som ei bortforklaring både overfor seg sjølv og andre. Med ei slik rasjonalisering er det lettare å leve med det ho har gjort, men utan å ta inn over seg kva det faktisk betyr. Dessutan er ho påfallande kjenslekald, både like etter drapet og seinare, etter at ho hadde sona ferdig tida på tukthuset, Ho viser liten empati for alle dei ho har ført ulykke over med drapet, og vi høyrer aldri at ho angrar.
Ved ein meir moden reaksjon frå Håkon og Ragnhild kunne ein sjølvsagt tenkt seg fleire andre, ikkje valdelege utgangar på konflikten med Didrik, sjølv om han var ein utruleg vanskeleg person. Drapet var ein katastrofe, ikkje berre for Didrik, men også for dei som var att: For Ragnhild, som måtte sitte i fengsel i mange år, og som «mista» både mann, barn og heim i alle desse åra, for Håkon, som i tillegg til å miste faren, også mista kona i mange år, for Halvard, guten deira, som mista mora si desse åra, og for Tale, som i tillegg til å miste mannen sin, også fekk ein vanskeleg stilling i garden. Dessutan opplevde dei alle sjølvsagt skamma som følgde med ei slik drapssak.
«Det vonde drep du ikkje med øks», sa djevelen til Ragnhild i draumen. Det kan vere mykje rett i det, men først og fremst kan det vere lurt å tenkje over kven som er «vond» – om den ein tenkjer på verkeleg er så vond som det ein trur. Og er den som ein trur er «god», så god som ein trur? Verda og menneska er oftare måla i gråtonar enn i svart og kvitt. Det kan vere ein god grunn til vere forsiktig både med øksa og andre drapsvåpen.
Olav Duun 150 år: Forfatteren som ga Namdalen en stemme