Flest menn gjer booking til norske musikkfestivalar – ønskjer fleire kvinner
Det er ei overvekt av mannlege bookingsjefar i musikkbransjen. Ingvild Nordfonn i Utkantfestivalen vil ha ei endring.
Saka samanfatta
- Norske Kulturarrangører (NKA) har kartlagt kjønnsbalansen og funne ei klar overvekt av menn i bookingstillingar.
- Bookingsjef for Utkantfestivalen, Ingvild Nordfonn, etterlyser fleire kvinnelege forbilde i bransjen.
- Balansekunst meiner at menneske har ein tendens til å bli trekt mot folk som likner ein sjølv.
- Bookingansvarleg Martin Midtbø Rokkones i Vill Vill Vest og Vinjerock vil utvide fokuset på mangfald.
- Bookar Agnes Steen Eckersberg i Øyafestivalen vil trekke fram dei kvinnene som allereie jobbar i bransjen.
– Det er ingenting som tilseier at ein mann kan gjere den jobben betre enn ei kvinne, meiner bookingsjef Ingvild Nordfonn i Utkantfestivalen.
No etterlyser ho jamnare kjønnsbalanse blant bookarar i musikkbransjen.
– Under årets festival er foreløpig det booka sju kvinnelege artistar av fjorten, fortel bookingsjef Ingvild Nordfonn i Utkantfestivalen. Alle artistar er ennå ikkje sleppt.
– Unge kvinner som skal inn i bransjen treng å sjå at det er mogleg å jobbe med desse tinga og at det ikkje berre er ein guteklubb.
Kartlagt for første gong
I fjor sommar rasa debatten om kjønnsbalanse etter at Stavernfestivalen berre hadde tre kvinner på plakaten.
No viser nye tal frå Norske Kulturarrangører (NKA) ei klar overvekt av menn hos dei som bookar desse artistane.
– Det bekreftar ein tendens vi har mistenkt, men ikkje har hatt faktiske tal på tidlegare, skriv NKA på si nettside.
Og dette kan påverke heile musikkbransjen.
Dette viser tala
Arrangørtype–Mannlege bookarar–Kvinnelege bookarar
Festivalar: 63,8 prosent – 36,2 prosent
Heilårsarrangørar: 64,9 prosent – 35,1 prosent
Arrangørforeiningar: 58,8 prosent – 41,2 prosent
Studenthus: 41,2 prosent – 58,8 prosent
Bookingbyrå: 83,3 prosent – 16,6 prosent
*74 av 454 medlemsorganisasjonar har ikkje svart på NKA sine førspurnadar.
Det regner menn
Sjølv fortel Nordfonn om ein mannsdominert bransje med mangel på kvinnelege forbilde.
– Det er viktig å sjå folk som ser ut som deg, i roller du kunne tenke deg å ha.
Trass i at ho ser nokre utfordringar med å få til kjønnsbalanse på festivalen, jobbar ho aktivt for å få det til.
– Det er eigentleg ingen grunnar til at det ikkje skal vere kjønnsbalanse på eit festivalprogram.
Artisten Gunn Kvaale frå Sogndal er ein av artistane som skal spele under årets Utkantfestival. Her avbilda under Luttprisen 2025.
Samstundes forklarar dagleg leiar Joakim Aadland i Balansekunst at det er viktig å vere bevisst på eigne haldningar under rekruttering av både artistar og kulturarbeidarar.
– Vi blir ofte ubevisst trekte mot menneske som liknar oss sjølve, som folk med same kjønn, musikksmak og stil.
Joakim Aadland leier Balansekunst og meiner statistiske tal er eit nødvendig verktøy i likestillingskampen.
Aadland presiserer at det ikkje betyr at menn alltid vel andre menn.
Likevel påpeiker han ein tydeleg samanheng.
– Dei som jobbar med booking i dag, er menn. Samstundes er det mest menn som blir spelar på festivalar, har flest nominasjonar til Spellemannprisen, og strøymingar på radio og Spotify.
Mangfald er meir enn eit tal
Martin Midtbø Rokkones bookar artistar for Vill Vill vest og Vinjerock og er ikkje overraska over tala.
Men han ønsker at mangfaldsdebatten blir tatt eit steg lengre.
Bookingansvarleg Martin Midtbø Rokkones for Vill Vill Vest og Vinjerock meiner kvotering bør vere eit av fleire hjelpemiddel for auka mangfald.
– Mangfald bør ikkje bli redusert til ei femti-femti fordeling mellom kvinner og menn. Vi kan ikkje seie oss fornøgde når statistikken ser bra ut.
Han meiner at mangfald er eit vidt omgrep, og trekker inn både etnisitet, sjanger, ulike instrument, og samansetninga av band som viktige faktorar.
– Det er destruktivt å vise eit program der alt ser og høyrast likt ut, fordi det ikkje er sånn samfunnet i den verkelege verda er.
Likevel vil han trekke fram at det allereie finst gode døme på at bransjen har kome lenger med mangfaldsjobbinga.
– Men ting tar tid, Rom blei ikkje bygd på ein dag, avsluttar han.
Vil løfte blikket
Booker Agnes Steen Eckersberg i Øyafestivalen stiller seg bak ønsket om ein mangfaldig musikkbransje.
Booker Agnes Steen Eckersberg meiner det er eit felles ansvar å sørge for mangfald.
– Fleire perspektiv motarbeider eit einsidig musikkliv som berre når ut til ein liten del av befolkninga.
Ho meiner òg det er viktig å løfte blikket opp ifrå kjønnsfordeling. Der ser ho positivt på bransjen framover.
– Det er viktig å minne om dei dyktige kvinnene som allereie jobbar i live-bransjen, og som forhåpentleg kan inspirere andre til å satse, avsluttar ho.