Herold

Dopingtoppane ristar på hovudet etter NRKs undersøking: – Veldig urovekkande

Kilde: NRK Author: Halvor Ekeland Published: 2026-02-23 11:01:48 Last updated: 2026-02-23 11:16:08
Dopingtoppane ristar på hovudet etter NRKs undersøking: – Veldig urovekkande

Utøvarane var sjokkerte. Verdsantidopingbyrået er bekymra. Men Antidoping Norge slår tilbake og meiner dei gjer det dei skal.

– Dersom dette stemmer, er det veldig urovekkande, seier presidenten i verdas antidopingbyrå (Wada), Witold Banka, til NRK.

Han har nettopp blitt fortald om ei stor undersøking NRK har gjort saman med SVT, DR og YLE. Fleire utøvarar reagerte på funnet, blant dei Tiril Udnes Weng.

– Eg synest det er for dårleg, sa Weng.

I undersøkinga svarer omtrent halvparten av landslagsutøvarane i OL-øvingane i Noreg, Sverige, Danmark og Finland at dei ikkje er dopingtesta utanfor konkurranse i løpet av 12 månader.

Det likar Wada svært dårleg.

– Det talet er overraskande, og vi skal undersøke det, og sjå korleis den testdistribusjonsplanen, risikovurderinga og prioriteringane blir gjort av den organisasjonen. Det er viktig, seier direktør i Wada, Olivier Niggli, til NRK.

– Burde gjere ein betre jobb

I løpet av OL blei undersøkinga heftig diskutert blant journalistar på pressesenteret i Milano. Det har blitt stilt spørsmål både til antidopingmyndigheitene og medlemmer av den internasjonale olympiske komiteen (IOC) om kva dei tenker.

DIREKTØR: Olivier Niggli i Wada.

– Du peikar på eit nøkkelelement i systemet, som er at vi er dei som regulerer lovene. Vi synest reglane er veldig gode, men så må regelen bli praktisert og implementert rett, seier Niggli til NRKs reporter før presidenten i Wada tar ordet:

– Problema med antidopingarbeid er ikkje reglane. Problemet er korleis desse reglane blir følgde. Eg er ikkje fornøgd med måten mange nasjonale antidopingbyrå opererer, og dei burde gjere ein betre jobb på mange område, seier Wada-president Banka til NRK.

PRESIDENT: Witold Banka i Verdsantidopingbyrået presenterte ein status for antidopingarbeidet til IOC i samband med OL.

Før OL presenterte også det internasjonale testbyrået (ITA) nokre tal. Der kjem det fram at 13 prosent av dei norske OL-deltakarane ikkje er testa før leikane. Berre fem av dei nasjonane som tok OL-medalje i 2022 har høgare prosent av utesta utøvarar enn Noreg.

Antidoping Norge: – Ikkje oppsiktsvekkande

Antidoping Norge er dei som har ansvaret for å følge opp reglane til Wada i Noreg.

Fagleiar for testing, Geir Holden, seier det kan vere fleire grunnar til at tala er som dei er.

– Det er ikkje så oppsiktsvekkande tal for oss, då prioriteten vår vil vere å drive eit målretta testprogram inn mot dei idrettane som er høgrisikoidrettar og der vi meiner det bør vere eit særleg fokus å teste utanfor konkurranse, seier Holden.

Det er nemleg store forskjellar for kor mykje det er å hente på å dope seg. Uthaldsidrettar som langrenn og skiskyting er blant dei som blir rekna som «høgrisiko». NRKs undersøking skil ikkje mellom høgrisiko- og lågrisikoidrettar.

ANTIDOPING NORGE: Geir Holden er fagansvarleg for testing i Antidoping Norge.

– Om dette hadde vore realiteten i testaktiviteten inn mot høgrisikoidrettar derimot, så ville det sjølvsagt vere urovekkande. Når slike tal ikkje blir nyanserte med tanke på type idrett og/eller grein, gir det for oss lite meining. At eit prosenttal – eller eit tal – i seg sjølv skal seie noko om kvaliteten på eit kontrollprogram blir altfor lett, seier Holden.

Han understrekar at Antidoping Norge forheld seg til reglane frå Wada. På spørsmål om tala som det internasjonale testbyrået presenterte før OL, svarer Holden:

– Testinga vår inn mot leikane er basert på vår risikovurdering, der vi legg hovudfokuset vårt og prioriterer ressursane våre på idrettar og disiplinar med høg dopingrisiko. I slutten av førre månad blei det gitt beskjed til ITA om kven som ikkje hadde blitt testa av oss, slik at dei kunne vurderast for å bli inkluderte i programma deira før OL.

Avfeiar regelbrot

I NRKs undersøking oppgir fleire av utøvarane som er på den såkalla meldepliktlista at dei ikkje har blitt testa i samsvar med regelverket.

Meldepliktsutøvarar

Følgande kan føre til åtvaring for meldepliktsutøvarar:

  • Gir ikkje informasjon til rett tid.
  • Gir ikkje tilstrekkeleg eller korrekt utøvarinformasjon.
  • Gjer seg ikkje tilgjengeleg i tidsrommet dei har meldt inn.

Meldeplikt-systemet:

  • Meldepliktsutøvarar må registrere i systemet ADAMS kvar dei er tilgjengelege i éin time (garantitida) mellom 05.00 og 23.00 kvar dag.
  • Utøvarar kan for eksempel legge inn at dei er heime i huset sitt mellom 07.00 og 08.00 ein gitt dag. På den måten veit dopingkontrollørane kvar dei kan finne utøvaren.
  • Alle meldepliktsutøvarar skal testast minimum tre gonger utanfor konkurranse per år.

Kven er meldepliktsutøvarar?

  • Over 100 norske idrettsutøvere er definert som meldepliktsutøvarar totalt.
  • Antidoping Norge (ADNO) kan ikkje fastslå antal norske meldepliktsutøvarar, då dei ikkje registrerer utøvarar som allereie står på listen til eit internasjonalt særforbund.
  • Både internasjonale særforbund og Antidoping Norge har lister over meldepliktsutøvarar.
  • Ifølge ADNOs Meldepliktsforskrift vert utøvarar meldepliktige basert på kriterium som utøvaren sitt nivå, testhistorikk, profilhistorikk, økonomisk motivasjon, alder og tidspunkt i karrieren, tilgjengelegheit, meldepliktshistorikk og tidlegare ilagte sanksjonar. I tillegg vurderast punkta lista opp hos Verdsantidopingbyrå (Wada) (sja punkt 4.5.2, 4.5.3 og 4.8.6.1).

Er du meldepliktutøvar skal du nemleg testast tre gonger utanfor konkurranse i løpet av eit år. Av utøvarane som har svart på NRKs undersøking, og som oppgir at dei er på meldepliktlista, har éin av fire blitt testa null eller éin gong.

Det får ikkje Antidoping Norge til å stemme. Etter at NRK har tatt kontakt, har dei sjekka si eiga oversikt. Ifølge dei er alle utøvarar på denne lista blitt testa som dei skal og i samsvar med regelverket.

Antidoping Norge peikar på fleire moglege forklaringar. For det første finst det to lister. Den eine, meldepliktlista, fungerer som forklart over. Den andre, ein «mildare» versjon for dei nest beste utøvarane, har ikkje dei same krava til testing. Kanskje har utøvarar på den andre lista haka av for at dei er på meldepliktlista.

– Meldepliktlista er heller ikkje fastlåst for eitt år om gongen. Nokon kan også bli sette på eller tatte av meldeplikt i løpet av eit år, seier Holden til NRK.

🏷️ Extracted Entities (22)

Antidoping Norge ADNO (organization) Geir Holden (person) Verdsantidopingbyrå Wada (organization) Noreg (entity) Olivier Niggli (person) Vinter-OL 2026 📁 (category) IOC (entity) ITA (entity) Meldepliktsforskrift (entity) Norge (entity) Tiril Udnes Weng (person) Wada-president Banka (organization) ADAMS (entity) DR (entity) Danmark (place) Finland (place) Milano (entity) SVT (entity) Sverige (entity) Verdsantidopingbyrået (entity) Witold Banka (person) YLE (entity)

📊 Metadata

Category: Vinter-OL 2026
OpenGraph Title: Verdsantidopingbyrået (Wada) sterkt bekymra etter NRKs dopingundersøking
Twitter Title: Verdsantidopingbyrået (Wada) sterkt bekymra etter NRKs dopingundersøking