Herold

Det er langt frå slik det var for 50 år sidan

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Øyvind A. Haram Published: 2026-02-23 11:46:32
Det er langt frå slik det var for 50 år sidan

Møre og Romsdal er blant Noregs viktigaste havbruksfylker. Asbjørn Misund har heilt rett i sin kronikk i Romsdals Budstikke nyleg.

Her er verdiane, Misund

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Han retter og eit spørsmål om verdiane, og er uroleg over endringane i næringa dei siste 20-30 åra.

Les også:

Ting endrar seg. Det er langt frå slik det var for 50 år sidan. Då reiste staten rundt og delte ut ein konsesjon pr selskap, til dei som våga å satse langs kysten. Misund har heilt rett i at det er færre selskap i dag. Etter 30 år med sterkt engasjement for både havbruk og sjømat, har eg og tydeleg sett trendane. Derimot har eg ei gladmelding. Sjølv om ting endrar seg, er det ikkje nødvendigvis slik at verdiane forsvinn.

For litt sidan kom ein heilt fersk rapport frå forskingsstiftinga NOFIMA. Den viser verdiskapinga frå heile sjømat næringa, og ser og på kor dei sysselsette er i norsk havbruk. Verdiskapinga er 69 milliardar i sjømatens kjerneverksemd, ringverknadane derimot er nesten 70 milliardar. For fyrste gong så er det fleire i leverandørnettet enn kva det er på merdekanten. Dette veks og har vokse heftig dei siste åra. Berre i Ålesund er det 3476 personar som arbeidar i leverandørleddet til sjømat. (og svært mange av desse er i havbruk). Sjølv er eg så heldig å vere leverandør, og tilsett i ScaleAQ. Eit selskap med hovudkontor i Trondheim og 11 andre stader i landet. Skodje er ein av desse der, med sju tilsette. Ja, vi har hovudkontor i Trondheim, men i høgste grad skaper vi verdiar og i Møre og Romsdal.

Misund etterlyser lokale verdiar. Vi kjøpte lokale tenester for nærmare 25 millionar kroner i 2025. Vi var i fjor største kunde til Skodje sveis AS, og er svært viktig kunde for Volf Industrier AS. I det store bilete er kanskje ikkje dette den største summen. Sjå derimot kva brønnbåt og servicebåt-rederi bidreg med lokalt. Kor hadde Aas mek. Verkstad AS vore i dag utan havbruksnæringa? Like ved ligg Solstrand Mekaniske, eller kva med dei andre over 200 leverandørbedriftene? Møre og Romsdal, med alle sine tre regionar, er i dag svært viktige for havbruksnæringa. Det er takka vere innovative og dyktige leverandørbedrifter.

Det er særs viktig at ein retter blikket på verdiar i desse dagar. Litt flåsete sagt har det hjå mange vore hevda at USA innoverer, Kina kopierer og EU (inkludert Norge) regulerer. Eg trur vi er mange som kjenner oss igjen i dette. Igjen meiner eg i høgste grad at havbruk her kan skilje seg ut. Den innovasjonen som har vore på havbruk, dei siste åra har vore enorm. Mykje av dette skjer lokalt. Ein utviklar, tek utfordringar og ikkje minst kjøper varer og tenester i sitt lokalmiljø.

Om ein skal setje fingeren på kor pengane blir av, kan kanskje heller Misund rette blikket på den del av sjømat som i aukande grad eksporterer det meste av råstoffet. I tiår etter tiår har ein snakka om meir bearbeiding av råvarene frå havet. Romsdals Budstikkes konkurrent i nordvest, Sunnmørsposten, har i det siste retta blikket på nettopp dette. Den levande fiskeindustrien treng råstoff for å halde hjula i gang. Eksportstatistikken viser derimot at meir og meir frysast og går rett ut. Der taper ein diverre store moglegheiter til å skape meir. Det hjelp ikkje på verdiskapinga i vårt vene fylke, om ein landar fisken sin i Danmark.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (35)

Asbjørn Misund (person) Fiskeindustri 📁 (category) Fisker 📁 (category) Havbruk 📁 (category) Langs kysten 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Romsdal (place) Sjømat 📁 (category) Fiskeindustri 🏷️ (keyword) Fisker 🏷️ (keyword) Havbruk 🏷️ (keyword) Langs kysten 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Møre og Romsdal 🏷️ (keyword) Sjømat 🏷️ (keyword) Trondheim (place) Volf Industrier AS (organization) Aas (entity) Danmark (place) EU (entity) Kina (entity) Møre (entity) NOFIMA (entity) Nordvest (entity) Noregs (entity) Norge (entity) ScaleAQ (entity) Skodje (entity) Solstrand Mekaniske (person) Sunnmørsposten (entity) USA (entity) Ålesund (place)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Havbruk, Møre og Romsdal, Sjømat, Fiskeindustri, Fisker, Langs kysten
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Havbruk, Møre og Romsdal, Sjømat, Fiskeindustri, Fisker, Langs kysten