Herold

Vann pris for beste framandspråklege film

Kilde: NRK Author: Marit Balsvik Winge Published: 2026-02-22 16:17:08 Last updated: 2026-02-22 19:33:18
Vann pris for beste framandspråklege film

«Affeksjonsverdi» blei historisk og vann pris for beste framandspråklege film. Det er den første norske filmen som vinn ein Bafta.

Vi oppdaterer saka.

For første gang i historia vinn ein norsk film pris under Bafta-utdelinga.

Joachim Trier spøkte frå scena og sa at nordmenn vanlegvis er betre til å stå på ski.

Klokka 18 norsk tid gjekk britanes versjon av Oscar-utdelinga av stabelen.

Korkje Stellan Skarsgård eller Inga Ibsdotter Lilleaas vann for beste mannlege og kvinnelege birolle, trass i at fleire peika på dei som favorittar.

Men «Affeksjonsverdi» kan framleis vinne i fleire kategoriar.

– For meg er det alltid litt skremmande med sånne arrangement, men no har eg møtt menneska bak dei andre store filmane fleire gonger, og da er det lettare å slappe av, sa Renate Reinsve til Associated Press like før seremonien.

Det har vore knytt stor spenning til «Affeksjonsverdi» før Bafta-utdelinga i kveld. Ingen annan norsk film har kome nære åtte nominasjonar tidlegare.

– Det er framleis ganske vilt. Det har ikkje gått heilt opp for meg, sa Inga Ibsdotter Lilleaas til nyheitsbyrået Associated Press.

Inga Ibsdotter Lilleaas vann ikkje prisen for beste kvinnelege birolle.

NRKs filmmeldar, Birger Vestmo, spådde at fire Bafta-prisar kunne vere innan rekkjevidde for «Affeksjonsverdi».

– Bafta-juryen har ei anna samansetting enn til døme Oscar-akademiet. Det er ein større andel europeiske filmskaparar med her.

«Affeksjonsverdi» er også nominert til beste internasjonale film. Her trur Vestmo at vi har ein reell sjanse.

Prinsen og prinsessa av Wales er i publikum, trass i at det stormar rundt den britiske kongefamilien etter arrestasjonen av Andrew Mountbatten-Windsor.

Det var uvisse knytt til om dei ville dukke opp grunna den spente situasjonen. Men prins William er presidenten av Bafta, og kom saman med kona, prinsesse Kate.

Det er også politioppbod på utsida av Royal Festival Hall i London, der utdelinga går føre seg.

Oppvarming til Oscars

Bafta-utdelinga er ei god oppvarming til Oscar-utdelinga i mars, og kan kanskje gi ein peikepinn på korleis filmen kjem til å gjere det der, ifølge Vestmo.

Seremonien er sjølve høgdepunktet i perioden som i filmverda blir kalla Award Season, der mange prisutdelingar kjem etter kvarandre.

I januar vann Stellan Skarsgård pris for beste mannlege birolle under Golden Globes i Los Angeles.

Under European Film Awards i Berlin vann filmen heile seks prisar.

Før Oscar-utdelinga om tre veker har dei ni nominasjonar.

«Affeksjonsverdi»-gjengen fekk stor mediemerksemd da Oscar-nominasjonane blei kjend.

BBC Film har støtta «Affeksjonsverdi» økonomisk, noko som vekte oppsikt i det britiske filmmiljøet, ifølge det britiske filmmagasinet Screen Daily.

Kritikarane reagerte på at offentlege middel blei brukt på ein film som korkje hadde britisk regissør, britiske produksjonsselskap eller britiske historier.

Om det kjem til å spele inn på resultatet i kveld er uvisst, ifølge Vestmo.

Andre sterke konkurrentar er mellom andre «One Battle After Another» med fjorten nominasjonar. «Sinners» har tretten og «Hamnet» og «Marty Supreme» har elleve. Filmen «Frankenstein» har åtte nominasjonar, som er likt med «Affeksjonsverdi».

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE NRK
Vann pris for beste framandspråklege film
Marit Balsvik Winge · 2026-02-22 16:17:08
«Affeksjonsverdi» blei historisk og vann pris for beste framandspråklege film. Det er den første norske filmen som vinn ein Bafta.
Vann historisk pris under Bafta
Marit Balsvik Winge · 2026-02-22 16:17:08
«Affeksjonsverdi» blei historisk og vann prisen for beste framandspråklege film. Det er den første norske spelefilmen som vinn ein Bafta.

🏷️ Extracted Entities (28)

Affeksjonsverdi (entity) Bafta (entity) Oscar (entity) Birger Vestmo (person) Film 📁 (category) Inga Ibsdotter Lilleaas (person) Associated Press (person) BBC Film (organization) Korkje Stellan Skarsgård (person) Andrew Mountbatten-Windsor (organization) Award Season (person) Berlin (place) European Film Awards (organization) Frankenstein (entity) Golden Globes (person) Hamnet (entity) Joachim Trier (person) Kate (person) London (place) Los Angeles (place) Marty Supreme (entity) One Battle After Another (entity) Renate Reinsve (person) Royal Festival Hall (organization) Screen Daily (person) Sinners (entity) Wales (entity) William (person)

📊 Metadata

Category: Film