«Affeksjonsverdi» nominert til åtte BAFTA-prisar
Klokka 18 norsk tid går britanes versjon av Oscar-utdelinga av stabelen. «Affeksjonsverdi» er nominert til åtte prisar.
Vi oppdaterer saka.
– Det er framleis ganske vilt. Det har ikkje gått heilt opp for meg, seier Inga Ibsdotter Lilleaas til nyheitsbyrået Associated Press like før seremonien.
Det er knytt stor spenning til «Affeksjonsverdi» før BAFTA-utdelinga i kveld. Nordmennene er nominert til heile åtte BAFTA-prisar.
– For meg er det alltid litt skremmande med sånne arrangement, men no har eg møtt menneska bak dei andre store filmane fleire gonger, og da er det lettare å slappe av, sa Renate Reinsve til Associated Press.
Det er politioppbod på utsida av Royal Festival Hall i London, der utdelinga går føre seg.
Politioppbod på utsida av Royal Festival Hall i London.
NRKs filmmeldar, Birger Vestmo, spår at fire BAFTA-prisar kan vere innan rekkjevidde for «Affeksjonsverdi».
– BAFTA-juryen har ei anna samansetting enn til døme Oscar-akademiet. Det er ein større andel europeiske filmskaparar med her.
Han meiner at BAFTA har meir fokus på europeisk film enn det Oscar tradisjonelt har.
Renate Reinsve er nominert til beste kvinnelege hovudrolle.
BAFTA-utdelinga er ei god oppvarming til Oscar-utdelinga i mars, og kan kanskje gi ein peikepinn på korleis filmen kjem til å gjere det under der, ifølge Vestmo.
Seremonien er sjølve høgdepunktet i perioden som i filmverda blir kalla Award Season, der mange prisutdelingar kjem etter kvarandre.
I januar vann Stellan Skarsgård pris for beste mannlege birolle under Golden Globes i Los Angeles.
Under European Film Awards i Berlin vann filmen heile seks prisar.
Før Oscar-utdelinga om tre veker har dei ni nominasjonar.
BBC Film har støtta «Affeksjonsverdi» økonomisk, noko som vekte oppsikt i det britiske filmmiljøet, ifølge det britiske filmmagasinet Screen Daily.
Kritikarane reagerte på at offentlege middel blei brukt på ein film som korkje hadde britisk regissør, britiske produksjonsselskap eller britiske historier.
Om det kjem til å spele inn på resultatet i kveld er uvisst, ifølge Vestmo.
Andre sterke konkurrentar er mellom andre «One Battle After Another» med fjorten nominasjonar. «Sinners» har tretten og «Hamnet» og «Marty Supreme» har elleve. Filmen «Frankenstein» har åtte nominasjonar, som er likt med «Affeksjonsverdi».