Vil ha Munch-kunst i rÄdhuset, trass i at fagfolk meiner kunsten blir skada
Fagfolk ved Munch-museet slĂ„r alarm nĂ„r byrĂ„dsleiaren i Oslo vil ha Munch-kunst i rĂ„dhuset. â Hysterisk, seier kunstnar, Marianne Heske.
â Kunsten ville blitt evakuert om vi fekk vite om sĂ„nne resultat pĂ„ eit anna museum, seier forskingsleiar ved Munchmuseet, Gustav JĂžrgen Pedersen.
Munchmuseet stiller strenge krav nÄr andre museum skal lÄne frÄ samlinga.
Men no blir dei instruert av Oslo kommune til Ä sende Munch-verk til rÄdhuset, der forholda er langt unna det dei aksepterer.
â Mange pĂ„ museet opplever det som ganske sjokkerande og arrogant at vi ikkje blir lytta til nĂ„r vi seier ifrĂ„ sĂ„pass tydeleg.
57 tilsette ved Munchmuseet har skrive fleire lesarinnlegg. Klassekampen publiserte det og omtalte saka fĂžrst.
Konflikten om Munch-kunst i Oslo rÄdhus
ByrÄdsleiar Eirik Lae Solberg (H) har i januar 2026 sett fram eit krav om at fleire verk skal flyttast frÄ museet til mÞterom og representasjonslokale i Oslo rÄdhus.
57 tilsette ved Munch-museet publiserte 22. januar 2026 eit debattinnlegg i Klassekampen med tittelen «Ber oss skade Munchs kunst.» Dei valde Ä skrive som privatpersonar fordi dei meiner den faglege fridommen deira er under sterkt press.
Dei skriv at papirverk er ekstremt sÄrbare for svingingar i temperatur og lys, og at grafikk som tidlegare har vore utstilt i RÄdhuset, allereie har fÄtt dokumenterte skader som falming og misfarging.
I debatten har det ogsÄ blitt trekt fram juridiske Ätvaringar om at byrÄdet i ytste konsekvens kan risikere Ä bryte straffelova sin paragraf om grovt skadeverk, dersom dei tvingar gjennom flytting av kunst som dei veit vil ta skade av tilhÞva i RÄdhuset.
Eirik Lae Solberg har svara pÄ kritikken i Klassekampen (27. januar 2026) med at kunst ikkje berre skal bevarast, men ogsÄ formidlast. Han held fast pÄ at kommunen har rett til Ä vise fram si eiga samling i byen sitt viktigaste bygg, og meiner at nye sikringstiltak vil vere gode nok.
Samstundes som striden gÄr fÞre seg, har byrÄdet foreslÄtt millionkutt i budsjettet til Munch-museet for 2026. Dette blir av mange sett pÄ som eit forsÞk pÄ Ä bruke Þkonomisk makt for Ä tvinge museet til stille.
Samandraget er laga med KI.
Kunstnar, Marianne Heske.
Kunsten mÄ fram
â Det kan bli litt hysterisk. Ja, det meiner eg verkeleg, seier Marianne Heske om reaksjonane.
Ho er aktuell med utstillinga «FrÄ Arkivet» pÄ galleri Fineart, der ho hentar fram kunst frÄ sin eigen kjellar for Ä fÄ han fram i lyset.
â SjĂžlvsagt skal kunsten bli hengt opp og brukt. Og glede menneske, det er ei sjĂžlvfĂžlge.
Det Munch Ăžnska seg var Ă„ vise kunsten for folk, meiner ho.
Marianne Heske er aktuell med utstillinga FrÄ arkivet pÄ galleri fineart.
â Han sto ikkje der og mĂ„la berre for at det skulle hamne pĂ„ eit lager i museet. Ein mĂ„lar fordi ein er fĂždt med ei drivkraft. Ein har noko inni seg, som ein har lyst til Ă„ dele.
Saka handlar korkje om byrÄden eller fagfolk ved museet, men om kunsten sitt behov for Ä bli vist, meiner ho.
â Kva er det vi bruker livet til, bĂ„de Munch og meg? Det er Ă„ formidle bilete og kunst ut til folket, for Ă„ skape kommunikasjon.
Allereie skadd
Det har hengt Munch-kunst i rÄdhuset i fleire tiÄr, men i 2013 blei det oppdaga at bileta hadde fÄtt skadar.
Kunsten blei tatt med til Munchmuseet, men i januar i Är skreiv byrÄdsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, eit offentleg brev til museet. Der bad han om at originale, grafiske verk skal hengast opp pÄ ordfÞraren sitt kontor og byrÄdsleiaren sitt mÞterom.
Da slo fagpersonar ved Munch-museet alarm.
Forskingsleiar ved Munchmuseet, Gustav JĂžrgen Pedersen.
â Ein treng ikkje vere forskar for Ă„ forstĂ„ det. Dei fleste har hatt med seg ei bok pĂ„ stranda og sett at papiret krĂžllar seg, seier Pedersen.
DÄrlege lysforhold kan bleike bileta, og svingingar i temperatur gjer at materiala utvidar seg eller trekker seg saman.
Grafikken som skal hengast opp er mellom anna to versjonar av Madonnaog eit av Kyss.
Som tilsette ved museum har dei plikt til Ä melde ifrÄ om dei trur kunsten stÄr i fare for Ä bli skadd, fortel Pedersen.
â Vi har museum for Ă„ ta vare pĂ„ kunstverk for ettertida. Og da er kjerneoppdraget vĂ„rt Ă„ sĂžrge for at bileta er oppbevart trygt.
Klima- og lysforhold i Oslo rÄdhus
Fram til 2013 hang Munch-kunst pÄ rÄdhuset. Da oppdaga fagfolk at kunsten hadde blitt skadd.
Det blei sett opp mÄleapparat, og over fleire Är har luftfukt, temperatur og lys blitt dokumentert.
Klima pÄ RÄdhuset svingar mellom 14,7-31,1 °C og 7,5-65,9% fukt.
For Ă„ bli godkjent skal temperaturen ligge pĂ„r: 14â22 °C, og relativ luftfukt: 40â60 %.
Forholda pÄ rÄdhuset er ikkje innanfor det Munch-museet aksepterer.
ByrÄdsleiar i Oslo kommune, Eirik Lae Solberg.
Vil vise fram kunsten
Edvard Munch testamenterte alle eigne kunstverk til Oslo kommune i 1940. Kommunen eig heile samlinga pÄ 20 000 verk.
ByrÄdsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg, vil ikkje stille til intervju, men skriv i brevet til Munchmuseet at Oslo rÄdhus og kunsten til Munch er tett knytt saman.
Internasjonale gjester, ambassadĂžrar, nasjonale og lokale folkevalde, nĂŠringslivsleiarar, organisasjonar og skuleelevar besĂžker mĂžteromma der kunsten skal henge.
Solberg skriv at «kunsten som oppheld seg pÄ deira representasjonslokale er kjÊrkomne samtaleemne for bÄde vertskap og gjester».
At det finst fleire versjonar av grafikkane han har bedt om, er eit argument i seg sjĂžlv, sa han i Dagsnytt 18 i januar.
Dei 57 tilsette ved Munchmuseet meiner pÄ den andre sida at eksemplarane ikkje er identiske kopiar, men ei rekke unike grafiske trykk som har stor kulturhistorisk verdi.
Tone Hansen er direktÞr ved Munchmuseet, og seier at det er naturleg at det finst sterke faglege syn i slike spÞrsmÄl.
â VĂ„r oppgĂ„ve er Ă„ ivareta det faglege ansvaret vĂ„rt, og samstundes forhalde oss til dei avgjerdene som blir tatt. Dette er ei sak med lang historikk. Det er no vedteke at verka skal fĂžrast tilbake til rĂ„dhuset, og MUNCH gjennomfĂžrer dette pĂ„ ein pĂ„ best mogleg mĂ„te, skriv ho i ein e-post til NRK.