Herold

Årsmøte i Molde Mållag

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Molde Mållag Published: 2026-02-22 07:48:31
Årsmøte i Molde Mållag

Årsmøte i Molde Mållag

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Onsdag 11.februar vart det halde årsmøte i Molde Mållag i I lokala til Frivillighetssentralen. På årsmøtet blei årsmelding og rekneskap godkjent. Det vart valt nytt styre for 2026: Attval på leiaren Åse Marie Longva. Anne Hungnes og Anne Jorunn Oterhals var ikkje på val. Nye styremedlemer: Anne Marit Riste og Magne Krumsvik.

Heider og ære frå Molde Mållag gjekk til Arne Ruset. Han gav ut diktboka «Reisa til mjuk» i 2025. Ruset har gitt ut mange bøker, og i alle dei har han konsekvent halde seg til nynorsk skriftspråk. For han har det ikkje vore eit alternativ å skrive noko anna, for nynorsken ligg nær dialekta hans. Det var ein glad og takksam forfattar som mottok blomar, diplom og selbuvottar med hestemotiv. Hesten kjem att i bøkene hans som symbol og metafor. Molde Mållag har lenge merka seg forfattarskapen hans, og det er med stor respekt og glede å kunne gi Arne Ruset heider og ære.

🏷️ Extracted Entities (18)

Molde Mållag (person) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Molde 📁 (category) Nynorsk 📁 (category) Språk 📁 (category) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) Nynorsk 🏷️ (keyword) Språk 🏷️ (keyword) Arne Ruset (person) Anne Hungnes (person) Anne Jorunn Oterhals (person) Anne Marit Riste (person) Frivillighetssentralen (entity) Magne Krumsvik (person) Åse Marie Longva (person)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Nynorsk, Molde, Språk
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Nynorsk, Molde, Språk