Herold

Nei, er det du! Nei, er det deg!

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Arnfinn Hovde Published: 2026-02-21 16:55:23
Nei, er det du! Nei, er det deg!

– Nei, er det du! seier vi gjerne nĂ„r vi treffer pĂ„ ein kjenning og blir litt overraska.

Nei, er det du! Nei, er det deg!

Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Eg har hþyrt nesten same setninga sagt med austlandsk klang, og med ordet ”deg” uttalt [dei]: – Er det deg!

Ja, heiter det ”Er det du!” eller ”Er det deg!” pĂ„ norsk?

Lat oss gruble litt over kor det er med bruken av du/deg og eg/meg. Dette er nynorskforma, men vi veit at vi stort sett reknar med Ă„ ha tilsvarande veksling mellom to former i andre sprĂ„k og dialekter som vi kjenner til: jeg/meg, jag/mig (mej), i/me, e/me, ĂŠg/mĂŠg 
 Dette blir i grammatikken gjerne kalla subjektsform (nemneform, nominativ) og objektsform (avhengigheitsform, akkusativ). I dei fleste tilfella er det klart om vi skal skrive eller seie ”du” eller ”deg”. – Ser du meg? – Ja, eg ser deg. I denne replikkvekslinga skulle det ikkje vere i tvil om at bruken av eg/meg og du/deg mĂ„ vere nettopp slik.

For noko sidan sĂ„g eg pĂ„ norsk fjernsyn ein svensk film som var teksta pĂ„ bokmĂ„l, sĂ„ mykje at vi nordmenn skulle fĂ„ med oss kva som var sagt. Ein person i filmen sa: ”Det Ă€r jag.” PĂ„ tekstinga var det oversett til norsk slik: ”Det er meg.” Er det rimeleg at det skal vere jag pĂ„ svensk og meg pĂ„ norsk?

Eksempla vi har sett pĂ„ her, der vi kan sjĂ„ bĂ„de subjektsform og objektsform, er setningsledd som vi kallar predikativ i ein grammatisk analyse av setningane. (DĂ„ eg var elev, var det kalla predikatsord.) I tidlegare tider var regelen den at predikativ skulle ha subjektsform. Slik er det altsĂ„ nĂždvendigvis ikkje lenger. I talesprĂ„ket har det i store delar av befolkninga, ikkje minst i byane, blitt slik at det helst er objektsforma som blir brukt. Og det har blitt svĂŠrt vanleg i skriftsprĂ„ket ĂČg.

Det er ogsĂ„ andre tilfelle der vi kan vakle mellom ”eg” og ”meg”, ”du” og ”deg”. Romsdalingane seier til vanleg ”Ho va akkorat like gammall so i”. PĂ„ normalisert norsk blir det: ”Ho var akkurat like gammal som eg.” PĂ„ bokmĂ„l skulle dette bli: ”Hun var akkurat like gammel som jeg.” Men er det slik alle bokmĂ„lsskribentar ville skrive det i dag? Neppe. Mange ville kanskje til og med seie at det blir feil; det mĂ„ no vel heite ”hun er like gammel som meg”?

Dette gjeld samanlikningar etter orda ”som” og ”enn”(eller ”so”, ”enn”/”eller” pĂ„ romsdalsk). I tradisjonell grammatikk har det vore slik at dette ordet stĂ„r i subjektsform dersom det blir samanlikna med eit anna ord som har subjektsform. Slik er det i talemĂ„let her i vĂ„rt distrikt. I dag var det ei dame som gjekk til sides for meg i skilĂžypa for Ă„ sleppe meg forbi, og sĂ„ sa ho: – Du e sprekare enn i. (Ja, sĂ„ la ho til at ho var no ikkje sĂ„ verst sprek ho heller, enten det no var for Ă„ smigre meg, eller for Ă„ fĂ„ fram at ho verkeleg var bra sprek.) Eit tak etterpĂ„ var eg bak henne att i ein lang undabakke; eg hadde betre glid og rann forbi ho. DĂ„ kunne eg seie: - I rinn bere enn du!

Er vi ut etter setningar som kan misforstÄast, jau, sÄ kan vi finne dei.

Sett at han Ola stĂ„r der i lag med ein gjeng andre romsdalingar og snakkar om ho Kari. SĂ„ seier han Ola: ”Ho e eit kvinnfĂ„lk so tek meir ansvar enn me.” NĂ„r romsdalingen seier ”me”, kan det vere bĂ„de ordet ”meg” og ordet som vi ogsĂ„ kan skrive ”vi”. Romsdalingar som hĂžyrer dette, vil forstĂ„ at han Ola meiner at ho Kari tek meir ansvar enn vi karane, men ein tilhĂžyrar annan stad frĂ„ vil kanskje oppfatte at han meiner ”enn meg”, at han vil seie at ho Kari tek meir ansvar enn han sjĂžlv gjer.

Eller om du hĂžyrer setninga ”Ho Ă„t meir enn meg”, er det her snakk om ein kannibal?

Det vi har sett pÄ no, er at over tid har bruken av subjektsform for ein stor del blitt erstatta av objektsforma i predikativ og samanlikningsledd. Dermed har vi bÄde i skrift og tale fÄtt eit visst sprÄkskilje etter kvar sprÄkbrukaren er frÄ, eller etter kva sprÄkbrukaren synest er rettast eller mest naturleg.

I vanleg skriftsprÄk blir det gjerne slik som dette i dag:

Dansk: Det er mig Svensk: Det Àr jag BokmÄl: Det er meg (kanskje mest vanleg i dag)/Det er jeg (kanskje sjeldnare) Nynorsk: Det er eg/Det er meg

Men det er dei som gĂ„r lenger med dette Ă„ bruke ”meg” og ”deg”. Vi veit godt at bergenserane seier ”eg” om seg sjĂžlv: – Eg ska ut Ă„ reise. Men trur du ikkje at bergenseren ogsĂ„ kan finne pĂ„ Ă„ seie dette:

– No ska meg og Fred-en reise te Syden. Folk i heilt andre delar av landet kan nok synast dette er rart. Enn Ă„ seie ”meg” i staden for ”eg”! Dette er eit fenomen vi kan finne i talemĂ„let lenger sĂžr pĂ„ Vestlandet. Dersom ”eg” eller ”du” ikkje stĂ„r Ă„leine som subjekt, men er knytt saman med eit anna ord med bindeordet ”og”, sĂ„ kan ”eg” og ”du” lett bli bytt ut med ”meg” og ”deg”. Eg har hĂžyrt denne setninga, med bergensk klang: – Eg og deg har mykkje Ă„ snakke om.

Denne mĂ„ten Ă„ bruke ”meg” og ”deg” pĂ„ er nok noksĂ„ fjern for oss romsdalingar. Vi held pĂ„ subjektsforma der det tradisjonelt skal vere subjektsform pĂ„ norsk. Men vi nĂžyer oss ikkje alltid heilt med det. Vi kan finne pĂ„ Ă„ gĂ„ motsett veg. NĂ„r nokon held pĂ„ og forklarar noko om ein ting som eg ikkje heilt greier Ă„ sjĂ„ skikkeleg, seier eg gjerne: – Lat i fĂ„ sjĂ„! Ord for ord gjort om til skriftmĂ„l blir dette: – Lat eg fĂ„ sjĂ„! Etter vanlege sprĂ„kreglar sĂ„ blir det no ikkje rett med noko ”eg” her. Dette ”eg” er objekt til verbet ”lat”, og dermed heiter det i normalmĂ„l ”Lat meg fĂ„ sjĂ„!”.

Vi ser altsĂ„ at somme tider bryt talemĂ„let heilt med det vanlege systemet for skilje mellom subjektsformene og objektsformene, pĂ„ den mĂ„ten at sĂžrvestlendingane kan seie ”meg” der det skulle ha vore subjektsform, og romsdalingane kan seie ”i” der det skulle ha vore objektsform. Det er nok rĂ„d Ă„ tenkje seg ei forklaring pĂ„ korfor det blir slik, men det blir det for mykje Ă„ komme inn pĂ„ her.

Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

đŸ·ïž Extracted Entities (17)

Er (entity) Kari (entity) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Ola (entity) Leserinnlegg đŸ·ïž (keyword) MENINGER đŸ·ïž (keyword) Ho (entity) BokmĂ„l (entity) Eit (entity) Fred (entity) Lat (entity) Nordvest (entity) Nynorsk (entity) Svensk (entity) Syden (entity) Vestlandet (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg
Keywords: Meninger, Leserinnlegg