Herold

No er høyringsfristen ute: – Siste innspel kom inn ein halvtime før

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2025-11-29 09:03:50
No er høyringsfristen ute: – Siste innspel kom inn ein halvtime før

Det har vore god respons frå innbyggjarane på barnehage- og skulestrukturen. Ingeborg Hellesnes Uppheim og staben har fått inn nett over 200 innspel.

Kan vera med på å endra

Jobbar for harde livet

– Det er kjempebra at folk engasjerer seg. Det er kome inn alt frå innspel på fire linjer med «ikkje legg ned barnehagen» til åtte sider. Det blir ein stor jobb å gå gjennom alt, seier kommunalsjef for oppvekst i Voss herad, Ingeborg Hellesnes Uppheim.

Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=436283

Det er altså kome inn 201 innspel frå innbyggjarane om barnehage- og skulestrukturen i heradet.

Det siste innspelet tikka inn 23.27 før fristen ved midnatt.

– Me venta at det kom mykje. Til samanlikning har kommuneplanen sin samfunnsdel førebels fått inn 40 innspel, opplyser kommunalsjefen.

Uppheim skal no, saman med fem andre personar i staben, gå gjennom, systematisera og vurdera om dei skal endra noko i tilrådinga til politikarane.

– Det er kome inn mykje fornuftige innspel, men me må sjå på om det er noko som gjer at me skal endra tilrådinga, seier ho, og legg til:

– Det er til dømes politiske parti som har sendt inn høyringsinnspel. Dersom me ser at her er ikkje sjanse for at noko går gjennom, så må me sjå om partia kjem med innspel som me skal greia ut meir. Problemet her er tid.

Uppheim seier at dei folka dei har som jobbar med dette har også andre oppgåver. Dei jobbar med saksbehandling til vanleg, så dette er toppen av alt anna.

– Me har ikkje moglegheit til å greia ut alt som kjem inn.

Høyringsfristen er ute, men her er svar frå kommunalsjefen om innhaldet i forslaget:

Spørsmål og svar om ny barnehage- og skulestruktur

No må Uppheim og resten av gjengen gjera seg ferdige før like etter nyttår.

– Men me skal ha litt joleferie også, så me lyt prøva å bli ferdige før jol.

– Det er hektisk for dykk i tida framover då?

– Det er ei hektisk tid. Det har eigentleg vore eit hektisk år. Dette kjem litt på toppen av alt anna. Me skal driva med anna utviklingsarbeid også, og det får me gjort, men dette stel litt av kapasiteten på oppvekstavdelinga.

– Men det er ein lærerik prosess også, legg ho til.

Fleire foreldre, organisasjonar, politiske parti og andre har engasjert seg i tida frå tilrådinga kom og fram til høyringsfristen gjekk ut:

Sterkt engasjement på Bjørgum: Bygda samla i kampen for skulen og grendesenteret

Kritiske til samanslåinga: – Urealistisk at dette skjer utan ekstra midlar

Grilling i gymsalen: Kampklare strendingar gav rådmannen noko å tenkja på

Stilte mannsterke på det som kanskje er siste dugnaden i Gjernes barnehage: – Vemodig og trist