E16 var stengd i nesten ein time etter at ein bil køyrde i tunellveggen
Plus
Laurdag skjedde det eit trafikkuhell i Bogatunnelen på E16.
To tunellar stengde
Skadar på tunellvegg
– Ein bil har køyrd i tunellveggen. Det er snakk om eit trafikkuhell, og det er ikkje personskade, opplyste Vegtrafikksentralen klokka 12.17.
Det var trafikale utfordringar på staden, fram til vegen opna att klokka 13.15.
Vegvesenet varlsar om at det framleis er ein del trafikk på staden.
Bogatunnelen ligg rett etter Vaksdal i retning Bergen.
Kart: Her skjedde ulukka:
Både Bogatunnelen og Jamnatunnelen vart stengde som fylgje av trafikkuhellet.
Det var ein bil som var involvert i uhellet.
Bilbergar var på staden like før klokka 13. Politi og brannvesenet rykte også ut.
Det vart nokre skadar på tunnelveggen etter uhellet, opplyser Vegtrafikksentralen.
– Entreprenør måtte sjekka dette før begge tunellane kunne opnast igjen, fortel trafikkoperatør Stein Nestås.
Vegtrafikksentralen bad trafikantane om å halda seg i køen og ikkje prøva nokre snarvegar der bilar ikkje får køyra.
– Det er viktig å presisera at trafikkreglar gjeld for dei som står i kø også. Ein skal ikkje køyra der ein ikkje har lov.