Herold

Baksnakking kan føre til utanforskap og angst, meiner terapeut

Kilde: NRK Author: Mette Vollan Published: 2026-02-20 08:41:50
Baksnakking: – Slik vi vaksne mobbar kvarandre

­

Baksnakkar du?

Det er veldig menneskeleg.

Det å snakke om andre kan gjere oss sosialt trygge.

Men kor går grensa mellom destruktiv prat og ventilering?

Dei aller fleste baksnakkar

Glenn Rolfsen er psykoterapeut, og held foredrag om baksnakking, psykososialt arbeidsmiljø og bedriftskultur.

Når han kjem til ein ny arbeidsplass for å halde foredrag, startar han alltid med det same spørsmålet: «Trur de det føregår baksnakking her hos dykk, så rekk opp ei hand!»

– Mellom 90 og 95 prosent rekk opp handa, uansett kor eg er.

– Eg tenkjer at jo meir negativt vi tenkjer om andre menneske, jo dystrare verds- og menneskesyn får vi.

– Baksnakking er ofte eit symptom på at noko ikkje er bra. Så det blir jo ein strategi, kanskje ein overlevingsstrategi.

Rolfsen seier han skulle ønske at fleire visste hvilke konsekvensar baksnakking kan få.

Baksnakking hjelper ikkje på relasjonar, og det fargar andre sitt syn på den det blir snakka om, fortel han.

Baksnakking fører ofte til meir baksnakking. Også når vi høyrer andre gjere det, seier Rolfsen. Han meiner også at realityseriar kan påverke oss til meir baksnakking. – Det smittar over på sjåarane, seier han.

«Om personen ikkje veit det, så har han ikkje vondt av det», er eit argument han høyrer. Men det hjelper ikkje, meiner han. Baksnakking blir ofte synleg for den det snakkast om.

– Det endar kanskje med sjukemeldingar, lettare psykiske plager som angst og depresjon, eller i verste fall sjølvmordstankar, seier han i NRK-podkasten «Lev vel».

På same scene

Patrick Hilmar Ingvaldsen (30) og Jo Saberniak (36) jobbar som skodespelarar på Trøndelag Teater.

Dei er med i familiemusikalen «Matilda», der dei byter på rolla som pappaen – den uærlege bilseljaren.

– Det er sjeldan det kjem noko godt ut av baksnakking, seier Saberniak.

Dei opplever ikkje at dei har eit problem med baksnakking på jobb. Men også dei kan kjenne seg igjen i behovet for å ventilere.

– Sjølv om eg har baksnakka og snakka om ting som ikkje fungerer, så er eg opptatt av at ein så ofte som mogleg skal halde det konstruktivt.

– Om ein for eksempel opplever noko urettferdig, så er det veldig godt innimellom å finne ein trygg kollega og seie: «Æsj, faderullan, det her skjedde i dag, eg synest det er skikkeleg drit», seier Ingvaldsen.

Men då set han ofte pris på om han blir utfordra på korleis han har opplevd situasjonen.

– Så får ein høve til å tenke gjennom korleis ein seinare kan snakke med dei involverte på ein god måte, seier han.

At skodespelarar må kjempe om dei same rollene, er ikkje eit ukjent fenomen. Og då kan også baksnakking oppstå.

– Sjå til utlandet, der finst det veldig sjeldan lange kontraktar. Der vil eg jo sjå for meg at den baksnakkinga, eller knivinga om konkurransen, er skyhøg. Eg trur det er ganske brutalt å stå i det evige prestasjonsjaget kor ein må på audition og vise seg fram, seier Ingvaldsen.

Behov for sosial tryggleik

Og du, om du trur det er kvinner som baksnakkar mest, tru om igjen.

Dette er den mest vanlege myten om baksnakking, fortel terapeut Rolfsen.

– Eg har jobba med mange mannsdominerte yrke, kor det nesten berre er menn. Dei baksnakkar like mykje, seier han.

Filosof Ragnhild Folkestad har erfaring frå Konfliktrådet, og meiner baksnakking handlar om tre ting:

Dette kan gi ulikt utfall, men é*in* ting har dei felles, slår filosofen fast:

– Alle desse tre tinga handlar jo om sosial tryggleik.

– Du kjenner det når du driv med baksnakking for å posisjonere deg. Skamkjensla er aldri veldig langt unna, seier Folkestad.

Består du testen?

– Eg trur baksnakking er slik vi vaksne mobbar kvarandre, seier Rolfsen.

Han fortel at det er vanskeleg å finne krystallklare grenser på kva som er destruktiv prat og kva som er ventilering.

Men han seier at baksnakking er å snakke negativt om ein tredjeperson som ikkje er til stades, for å heve seg sjølv.

Terapeuten seier du kan ta ein test for å sjekke om det du skal til å gjere er baksnakking:

Består du «trippelfilter-testen»?

Rolfsen meiner det hjelper å vere klar over at baksnakking føregår.

– At vi aukar merksemda på det og ser konsekvensane, ikkje berre for dei som blir baksnakka, men også for oss sjølve, at vi skaper mykje liding, aggresjon eller fiendebilde som eigentleg ikkje er bra for oss.

Han viser til filosofen Sokrates, som meiner du bør stille deg desse spørsmåla før du skal til å snakka om nokon:

1. Er det sant?

Er eg sikker på at det eg skal seie er sant?

2. Er det ein god ting?

Vil situasjonen min eller den eg snakkar om bli betre?

3. Er det nyttig?

Er det eg skal fortelje nyttig for den andre å vite?

Om to av desse er oppfylte, ja, så kan det du skal til å snakke om vere innafor å fortele, meiner Rolfsen.

– Det er ok at vi to snakkar om ein tredjeperson, men målet må vere å gjere noko med det. Elles endrar ingenting seg, seier han.

Og om du opplever baksnakking på arbeidsplassen, kan det vere lurt å seie frå, meiner terapeuten.

– Det skaper psykologisk tryggleik, sjukefråværet blir lågare og produktiviteten aukar, slår psykoterapeuten fast.

Frå baksnakking til framsnakking

Når skodespelarane blir spurde om dei måtte kjempe om rolla som far til «Matilda», er svaret nei. Det har ikkje vore spisse olbogar involvert.

Som regel er det ikkje det på teateret her, meiner dei.

– Dei er veldig gode på å finne folk som kan jobbe med mange andre menneske her, som tenker på andre enn seg sjølve, som har eit veldig «utoverblikk». Det trur eg er utruleg viktig, seier Saberniak.

Ingvaldsen meiner nordmenn kan bli betre på framsnakking.

– Altså den positive baksnakkinga.

🏷️ Extracted Entities (19)

Glenn Rolfsen (person) Barn/unge 📁 (category) Forbruker (Helse og livsstil) 📁 (category) Forskning og vitenskap 📁 (category) Helse og livsstil 📁 (category) Jo Saberniak (person) Konstruktiv 📁 (category) Norge 📁 (category) Patrick Hilmar Ingvaldsen (person) Samfunn 📁 (category) Sosial 📁 (category) Sosiale medier 📁 (category) Ungdom og fritid 📁 (category) Filosof Ragnhild Folkestad (person) Matilda (entity) Konfliktrådet (entity) Lev vel (entity) Sokrates (entity) Trøndelag Teater (organization)

📊 Metadata

Category: Ungdom og fritid, Forbruker (Helse og livsstil), Samfunn, Norge, Helse og livsstil, Barn/unge, Forskning og vitenskap, Sosiale medier, Sosial, Konstruktiv
OpenGraph Title: Baksnakking kan føre til utanforskap og angst, meiner terapeut
Twitter Title: Baksnakking kan føre til utanforskap og angst, meiner terapeut