Kva er det som får folk til å trasse styggever, kulde, mørke og slit for å gå på hjortejakt?
Plus
Kva er det som gjer at nokon blir så inntekne i denne jakta at dei må ha ho med seg kvar haust? Ja, kva betyr ho for dei ivrigaste jegerane? Og er endeleg den tida koma at det er naturleg at jenter også er med?
Arve Nøttingnes: – Arven etter far min
Helene Nøttingnes: – Eg var usikker på om eg kunne skyte eit dyr
Nina Seljestokken: – Hjortejakta i Seljestokken er eit familieføretak
Sissel Ullevålseter: – 40 år gamal dame med ladd rifle
Asgeir Øvrebotten: – Angrar på at eg ikkje vart med før
Bolette Nordbotten Espedal: – Skal bli godt å få skote fyrste dyret
Sigbjørn Sørbotten: – Hjortejakta må eg ha med meg
Vetle Aase Øvrebotten med «riflekonto» for neste generasjon
I min generasjon (71) var hjortejakta for karar. Vi jentene stod heime og tok opp poteter saman med sysken og mødrer, medan fedrane var på jakt midt i veka. Det var den einaste ferien dei hadde. Sjølv var eg både for svaktsynt, utolmodig og utan stadsans til å ha vore med om eg ikkje var så heldig å ha ein bror. Om han ville vere med på jakt trur eg aldri var eit spørsmål. Det likaste vi jentene kunne tilføre jaktlaga var å få tak i svigersøner som skaut meir enn i sjølvforsvar!
Hjortejakt
Siste vekene har eg snakka med åtte hjortejegarar i Botnane, Husefest og Seljestokken, fire menn og fire kvinner, for å høyre med dei kva det er med denne jakta? Kva betyr ho for dei? Og får dei med seg nye generasjonar?
– For meg er hjortejakta ein arv etter far min (Erling). Eg rakk så vidt å gå på jakt saman med han og til liks med han har eg gått på jakt både i Nordbotten og i Sørbotten, seier Arve Nøttingnes. Han har skote hjort sidan han var 18 år gamal og vore på hjortejakt kvar haust sidan. I januar blir han 70 år.
– Eg byrja skyte prøve som gutunge, den tid det var prøveskyting ovanfor brønnen på Håjen. Fekk prøve meg med det gamle geværet til pappa, ein tysk mauser. Den slo noko grådig attende når du skaut. Hugsar vi gjekk med blå skuldrar lenge etterpå.
– Stor skilnad på jakta før og no?
– Ja, før var vi meir oppe på fjellet og skaut store bukkar, som det var eit bal å bere heim att. No held vi oss meir nede i Lia og sør i skogen, og byttet vert lettare å transportere heim. Før kunne eg sitte i timesvis på post og vente på hjorten medan hine gjekk heim til middag. Det var meir krefter i oss før i tida. Eg spring ikkje lenger opp på Opnaren på 20 minutt!
– Og dei ulike jaktlaga var veldig opptekne av kva dei andre hadde fått av dyr?
– Å, ja, det var mykje spekulering på det. Vi var opptekne av kor mange, kor store og kva type dyr dei andre jaktlaga i bygda hadde skote. Brukte tid på å finne ut av det. Trur det tok mest slutt etter at her vart så mykje hjort at dei fleste ikkje vann over å skyte kvoten.
Arve Nøttingnes trur at etter kvart som ein eldest så betyr naturopplevingane med jakta meir og meir, sjølv om det sjølvsagt framleis er kjekt å få hjort. Men det betyr ikkje like mykje lenger. Han gler seg til hjortejakta også fordi det er kjekt å gå i skogen og oppleve dyrelivet der, høyre, lytte og sjå. Lære og lære frå seg, fellesskap med andre og høve til å slappe av.
– Korleis er det med etterveksten av hjortejegarar i Sørbotten?
– Vi har fantastisk flinke ungdommar med oss. Dei er lærde opp til ikkje å skyte før dei er 100 prosent sikre. No driv vi med små jag og det blir mykje sitting. Vi sit og ventar på trekket. Då er det rolege dyr som kjem og det vert ei sikrare jakt.
Han likar ikkje termiske sikte for å kunne skyte i mørkna.
– Om du ikkje kan skyte hjorten på lyse dagen får du la vere, slår han fast.
Han trur det fører til meir skadeskyting og det er i alle høve ein heisen jobb for dei som skal fare og leite opp dyret i mørkna. Ein annan kjepphest er hjorteforvaltinga, etter at dei i mange år no har skulla skyte mest kalvar og ungdyr, og spare dei store bukkane og beste kollene.
– Det har minka mykje på hjorten her dei siste åra. Milde vintrar gjer at han ikkje treng ut her for å finne seg mat. No er her for mange store bukkar i høve til koller og kalvar. Kollene må få tid til å lære opp kalvane på trekkruter, kvar det er best beite, osv. Skal vi ha ein robust hjortestamme må det vere meir jamvekt mellom kalvar, stilkar, koller og bukkar. Og vi som er jegarar må drive ei forsvarleg forvalting av hjortestammen, seier Arve Nøttingnes.
Helene Nøttingnes fanst ikkje interessert i natur før ho fekk barn. – Det var når eg fekk dei at eg såg kor fint det var kring oss, og lærde meg å sette pris på naturen og gode naturopplevingar. Eg tenkte litt på å bli med på hjortejakta frå A til Å, og ikkje berre stå på kjøkkenet med det karane kom heim med. Samstundes var eg usikker på om eg i det heile kunne ta livet av eit dyr, fortel Helene Nøttingnes.
Ho er dotter til Ragnhild og Arve Nøttingnes. Dei to døtrene deira vaks opp med at det stod på ein stor Walkie Talkies i stova når faren var på hjortejakt. Som barn tykte Helene at det var spennande å lytte til kva jegarane snakka om når dei var på jakt. Men den interessa dabba av i ungdommen. Ho fekk seg sambuar, han vart med til Botnane og vart raskt med svigerfar Arve på jakt. Men Helene løyste ikkje skot før i 2020, 39 år gamal.
– Eg hadde snakka med Øystein (sambuar Øystein Gulestøl) om å bli med på jakt, og tanken modnast litt etter litt. Eg tok jegerprøva og byrja bli med. Eg er ein forsiktig type og må vere 100 prosent sikker før eg skyt. Eg hugsar fyrste gongen eg sat åleine på post, det var med skrekkblanda fryd. Helst ville eg sitte i lag med Øystein eller pappa, og lære meg om vindretningar, lydar, trekkruter, gjere meg kjend i skogen, bli tryggare.
– Korleis var det å skyte fyrste hjorten?
– Då hadde eg ikkje kjøpt meg eige gevær ein gong, eg brukte Øystein si rifle. Eg såg at eg trefte godt på fyrste skotet, men hjorten sprang litt vidare. Eg skulle ta nytt ladegrep og geværet kilte seg. Men dyret stupte bak ein stein og var daudt. Då hadde eg mykje adrenalin i kroppen, og skalv når eg byrja puste att. Men samstundes blei eg både glad og stolt. Det er viktig for meg at dyra dett på fyrste skotet og slepp eventuelle lidingar.
– Kva med styggever, kulde og mykje venting, som òg er ein del av pakken?
– Ja, og eg er ein frostpinne utan sidestykke. Eg har fått meg batteridriven varmevest i gåve, den hjelper på. Men det har vore tilfelle der vind og kulde har teke overhand, slik at eg til slutt rista så mykje at eg ikkje kunne skyte. Ein gong måtte eg melde frå til dei andre at eg måtte opp for å slå floke. Men dei fine opplevingane slår i hel dei sure, seier Helene.
– Det er eit samhold i jakta som eg set stor pris på at Øystein og eg har i lag. Det er mykje rundt jakta som er viktig for heile jaktlaget. Vi flår, vommar ut og steller dyret, det er heile pakken som gjer det kjekt. Heile jaktlaget får sams opplevingar og kjenner på samhald.
– Og ungdommen lærer av dei eldre?
– Ja, absolutt. Pappa og Åge (Sørbotten) har namn på kvar ein stein og bakke. Vi hine lest som vi veit så nokolunde. Men skal vi på jag må vi skjøne kva dei snakkar om, elles kan vi risikere å øydelegge heile opplegget. Det er gjevande å lære av dei som har gått her sidan dei var gutungar. Eg set pris på å lære og ta det vidare. Det gjev ei meining, som du gjerne ikkje skjønar som ung.
– Får du reaksjonar på at du går på jakt?
– Ja, det er dei som seier dei ikkje skjønar at eg kan drive med slikt, at eg kan drepe dyr. Men eg kallar det ikkje å drepe. Vi haustar av naturen og forvaltar hjortestammen, og skaffar kortreist mat. Det er ingen som reagerer på at du dreg på sjøen og fiskar. For oss var fiske og fangst ein del av barnelærdommen. Det er viktig for meg å lære borna kvar maten kjem frå, så dei ikkje trur den vert skapt på butikken. Difor har vi hatt borna litt med på jakt når dei har hatt lyst til å vere med.
– Eg er fødd og oppvaksen med at pappa var på jakt. Då vi var små tykte vi nok at han aldri var heime i hjortejakta. Hugsar vi sat i kjøkkenglaset og såg og såg, og når lommelyktene byrja bevege seg ned Lia kunne vi sette på pizzaen, minnest Helene Nøttingnes.
Nina Seljestokken har gått på hjortejakt med våpen i nær 30 år, sidan ho var 18 år i 1996. To år etterpå vart systera Berit med. Dei var lenge dei einaste jentene i området Botnane-Årebrot som gjekk på jakt. No samlar dei årleg familien i Seljestokken ei veke i september, for familieliv og jakt. – Hjortejakta i Seljestokken har blitt eit familieføretak som eg set stor pris på og er veldig glad for at vi får til, seier Nina Seljestokken.
– Du veit, pappa (Torleif) hadde berre døtrer, så han hadde ikkje noko val. Han måtte lære opp oss og lukkast med å få to av tre interesserte i å vere med. Det er i grunnen godt gjort, særleg fordi han tok oss med på det kjedelegaste fyrst. Han brukte å skyte hjorten tidleg om morgonen og så vart mamma (Ingrid) og vi jentene kalla ut til å vere med på alt etterarbeidet som det medfører å ha skote hjort; vomming, bering av kjøt, skinn og våpen, og partering. Og alt dette skjedde stort sett i mørkna, for lyse dagen hadde han anna å gjere, fortel Nina.
Sjølv gjekk ho på jakt i to år før ho våga skyte fyrste hjorten. – Eg kvidde meg for å skyte eit så stort dyr, var redd for å skadeskyte og hadde alltid ei forklaring på kvifor eg ikkje hadde skote eit av alle dyra eg hadde sett. Pappa vart lei av denne nølinga mi og tilbydde seg å vere med meg på jakt, og lova å skyte dyret om eg bomma. Vi gjekk langsmed bøen for at området skulle vere oversikteleg, og han sette seg attmed meg. Brått kom det rennande ei kolle, men eg vart så forfjamsa at eg fekk ikkje sikta. Så kom det ein bukk og eg sikta, men tenkte at han måtte stå heilt «perfekt» før eg kunne skyte. Då kjende eg albogen til pappa i sida og beskjeden: «No». Eg skaut og bukken stupte. Då var det liksom gjort og etter det har eg skote hjort, seier Nina.
sitat sissel
Men ho slit med å få rydda seg tid til å gå på jakt i tillegg til arbeid og mykje anna ho driv med. Difor vert det til at ho går mykje åleine på jakt, ho må gjere det når det opnar seg eit høve. – Men eg er ikkje fysisk sterk nok til å få ned dyret åleine. Det er eit styr for meg å få heist det opp i eit tre, og eg må ofte tilkalle pappa for å hjelpe meg. Han er heime og på båtverkstaden, og oftast den som veit at eg er på jakt.
– Då er det familieveka i Seljestokken som er den mest intensive jaktbolken, med nok mannskap?
– Ja, det har vorte ein årleg tradisjon å samlast i Seljestokken den veka det er haustferie i Finnmark, der Berit bur med mann og to søner. Då kjem dei hit og så mange som kan frå resten av familien samlast også her då. Vi går på jakt, samlast kring måltida og har det kjekt i lag. Vi vil ha jakta i Seljestokken som eit familieføretak. Vi får spørsmål frå folk om å få jakte her, men det har vi ikkje opna for. No til helga skal eg ha med meg eit syskenbarn som fyrste gongs jeger på snikjakt, så litt nye folk kjem det til heile tida. Men det er ekstra tungt å byrje gå på jakt att åleine når vi har vore godt mannskap i ei veke.
– Korleis får de med dykk neste generasjon?
– Eg hadde med meg dei tre borna mine på jakt då dei var små for å syne dei prosessen, dei var vel 7-8 år gamle. Men dei må sjølve finne ut av om dette er noko for dei. Dei to sønene mine er ikkje interesserte, men neste år har dottera mi og kjærasten hennar antyda at dei kan tenkje seg å vere med. Og Berit har ein 13-åring som er svært interessert.
– Kva likar du best med jakta?
– Det er naturopplevingane og fellesskapet når vi er fleire på jakt. Når eg fyrst kjem meg ut i skogen på jakt gjer det godt. Det at vi driv snikjakt på hjorten gjer at vi også ser andre dyr og får ei sterkare oppleving av naturen kring oss, seier Nina Seljestokken.
Sissel Ullevålseter var 40 år før ho gjekk kurs og tok jegerprøva. Før det hadde ho prioritert arbeid og barn og ikkje tenkt noko særleg på at det var berre karar på jakt i Husefest. Den ivrigaste var yngste bror Pål Anders, medan eldstemann Otto tok seg av alt det praktiske kring jakta.
– Hjortejakta gav meg eit gyllent høve til å få meg ein ekstra tur til Husefest, så for min del heng Husefest og jakta nøye saman, seier Sissel Ullevålseter, som no er pensjonist og kan ta seg endå fleire turar frå Oslo til Husefest. I ein alder av 40 år byrja ho tenke på at ho óg var grunneigar i Husefest, til liks med brødrene. På grunnkurset skjønte Sissel at ho alt kunne nyttige ting som dei måtte lære, som til dømes partering av dyr. Det kunne ho som kokk og drivar av kafe/restaurant.
– Det var fleire brikker som fall på plass for meg på det kurset. Eg fekk litt trua, så eg kjøpte meg rifle og var klar for hjortejakt i Husefest hausten 2002.
– Hugsar du fyrste jaktturen?
– Å, ja, gjett om eg gjer. 40 år gamal kvinne åleine på jakt med ladd rifle! Ho ler hjarteleg av minnet. – Då vart det brått veldig skummelt i Husefest-skogen. Der hadde eg ferdast frå eg var lita jente, og trudde meg godt kjend. Eg skjønte brått at det er stor skilnad på å gå på tur og på jakt. Dessutan hadde eg vore i Husefest berre om sommaren, aldri før om hausten. Det var bekmørkt over alt, følte eg, og no skulle eg drive smygjakt med ladd rifle. Korleis var det no eg skulle halde den rifla?
– Hadde du ingen til hjelp?
– Ein av karane var att for å lære meg å vomme dyret, men jakta skulle eg klare sjølv. Han gav meg beskjed om at eg fekk skyte eit dyr den dagen, for han skulle reise neste dag. Eg skaut ein kalv på fyrste jakta mi og var godt nøgd med det.
– Kva betyr jakta for deg?
– Eg var litt spent på om jakt var noko for meg, men det har gått fint. Det er rekreasjon og avkopling frå kvardagen, matauk og eit godt høve til å vere i Husefest. Å lære kva du skal gjere og ikkje er lang lærdom. I haust var eg der medan det var mykje brøling i skogen. Det er fasinerande å gå og sjå på dei. Bortsett frå i brølinga er det ei god ro i skogen. Høyrer du ein lyd er det eit ekorn eller ein hjort, og trakkar du på ein kvist er løpet køyrt. Då får du ikkje skote den hjorten du har i sikte. Vi er ikkje meir enn maks tre personar i skogen samstundes, vi driv snikjakt og leitar opp hjorten. Brått står han der rett framfor deg.
– Driv du med jakt elles?
– Nei, alle vi i Husefest er samde om at vi aldri ville gått på jakt anna enn i Husefest. Jakta er for oss nær knytt til plassen. Eldste bror min, Otto, går ikkje på jakt. Han er den som legg til rette og hentar dyra som er skotne, er med og flår, ja, alt dette etterarbeidet som fylgjer med. Yngstemann, Pål Anders, har gått på jakt sidan 1992 og er nok den ivrigaste jegeren av oss. Far vår var ikkje mykje på jakt, bestefar kanskje litt meir. Men det var ikkje så mykje dyr her dei fyrste åra våre i Husefest på 1960-talet. Eg hugsar Are Svardal var her på hjortejakt og sa at: «Du må nyte det å vere ute, ikkje berre jage dei dyra». Det føler eg er veldig sant.
– Kva med etterkomarane dine?
– Eg har to søner, og den eldste har alltid vore interessert og er ein god jegar. Han var tidleg med far sin på jakt, byrja skyte då han var 18 år og er no 35. Broren på 32 år har ikkje vore like interessert, men har byrja snakke om at han kanskje blir med. Dei må finne ut av det sjølve, ikkje sikkert at borna våre blir jaktfolk sjølv om foreldra går på jakt. Vi kan ikkje bli skuffa over det, like naturleg som at nokon likar å fiske, andre ikkje. Folk er ulike, slår Sissel Ullevålseter fast.
Asgeir Øvrebotten (61) har vore med på hjortejakta med børse sidan 2001 og angrar på at han ikkje vart med for alvor før. Då hadde han fått med seg meir jakt saman med far sin Jon og dei andre gamlekarane i Nordbotten. – Eg var med og jaga på 1990-talet, men fatta ikkje nok interesse for å lære meg å skyte hjort. Eg skjønte ikkje kva felleskap eg gjekk glipp av før det nesten var for seint, seier Øvrebotten i dag.
Han hadde mest fokus på alt slitet hjortejakta førde meg seg. Litt sett på spissen opplevde han det sokalla «Nordbotten-jaget» som å jage all hjorten frå Skudalselva og lengst mogeleg opp og inn på fjellet, skyte ein to-tre dyr der, og så bere dei på ryggen same vegen ned att. Det var tungarbeid av verste sort. Når dei endeleg hadde fått dei ned i stranda måtte dei ha båtskyss siste biten heim med hjorteskrottane. Dette vart lettare då det kom veg i Nøre stranda i 1993.
– Eg gløymer aldri ein slik jakttur. Eg hadde endåtil billett til ein Åge Aleksandersen-konsert i Florø om kvelden og var oppteken av å kome meg dit. Vi var langt inne på fjellet og der skaut dei tre store, tunge dyr. Det var hinsides tungt. Både rygg, bein og armar var aldeles av når vi kom ned. Far min skjønte at det hasta med denne konserten, så han sette meg av utanfor leilegheita mi i Florø i tide før konserten. Men der seig eg ned i ein stol og sov til neste dag.
– Du fekk stygge til heile jakta, med andre ord?
– Nei, veit ikkje om eg gjorde det heller. Men det var fyrst når eg vart med for å skyte at eg lærde at sjølv om veret kan vere både kaldt og ufyseleg, neste dag er det gløymt. Særleg om du får ein skikkeleg godversdag. No har eg varme i huset, skikkeleg bad med dusj og høve til å tørke våte kle før neste dag. Far min hadde ikkje det, han hengde dei våte kleda over omnen og håpa at dei vart nokolunde turre til neste dag. Det var han som stelte til huset han vaks opp i her i Botnane, men han fekk diverre ikkje gleda av å bruke det før han døydde.
– Du seier du angrar på at du kom seint med på jakt, kva var det du miste?
– For det fyrste å få meir tid på jakt saman med pappa. Han var veldig oppteken av at alt skulle vere så skikkeleg, så for å vere sikker på at det vart gjort skikkeleg så gjorde han det meste sjølv. Difor lærde eg lite om å skyte, slakte og vomme dyr og anna ein bør kunne når ein går på hjortejakt. Men hadde eg synt nok interesse hadde eg garantert fått lært meir av både han, Einar Samnøy og hine. Og gått på måneskinsjakt med pappa og Einar……… Han Einar var ein fantastisk entusiast for hjortejakta. Entusiasmen hans var så sterkt at han kunne smitte, men eg følte meir på at eg skulda far min å vere med.
sitat bolette
– Kva vekte interessa?
– Jau, det var felleskapet eg oppdaga at dei hadde i jakta, naturopplevingane, dei tallause jakthistoriene og etter kvart vart det viktig for meg å bli med og ta vare på denne tradisjonen. Det er stort å skyte hjort i Botnane, på eigen grunn. Eg hadde aldri betalt for å gå på jakt andre stader, men sidan eg er så heldig å vere grunneigar her får eg høve til å vere med. Det er Rune Nordbotten og Sigfred Nøttingsnes som er berebjelkane i jaktlaget i Nordbotten, men vi er no med vi hine òg. Gjennomsnittsalderen er over 60 år, men no har vi fått med Bolette (Nordbotten Espedal), så ho trekkjer snitten betrakteleg ned. Bolette har overteke rifla til far min, kjekt å få den i bruk att på jakt i Botnane, seier Asgeir Øvrebotten. Han likar å vere med og føre tradisjonar vidare, som til dømes den årlege hjortefesten i november, som hjortejegarane står for. Den har snart eksistert i 30 år.
– Far min kunne skyte hjort på eigen bø frå soveromsglaset, men no ser det ut til at det er slutt på dei store hjorteflokkane som prega bøane i Botnane for berre nokre år sidan. Dei gjorde mykje skade, men dei var eit mektig og flott syn. No må vi anstrenge oss meir for å skyte hjort, om ikkje Rune får skote dei som går mellom husa hans når han er på veg til fjøsen om morgonen.
Bolette Nordbotten Espedal (28) har vore med og jaga sidan ho var ni-ti år, og tok skyteprøva rett før pandemien i 2020. Ho har ikkje skote hjort enno, men tykkjer det har vorte lettare å vere med på jakt etter at ho i fjor flytta heim til Botnane. – Det skal bli godt å få skote fyrste dyret. Eg veit eg treffe på skytebana og ser for meg korleis det blir, men det er noko med fyrste gongen, seier Bolette.
Ho likar å stå opp tidleg, sitte ute og få frisk luft, sjå og sanse naturen og håpe at det dukkar opp eit dyr.– Eg har to små barn som hjelper meg med å kome tidleg på beina. Det er om morgonen og i helgane eg er med.
– Kva er det som motiverer deg?
– Eg har alltid likt å vere med å jage. Både eg og dei to systrene (Birthe og Karen) mine har vore med på det. Men etter kvart byrja eg å tenke på at nokon må lære seg å skyte også, eg kjenner vel på ei slags ansvarskjensle for å føre tradisjonane vidare etter pappa (Rune) og bestefar (Johannes).
– Kjenner du deg pressa?
– Nei, det gjer eg ikkje. Pappa har i grunnen ikkje mast med nokon ting, og det trur eg er lurt. Om du vil vere med på jakt eller ikkje må du finne ut av sjølv. Vi vart med tidleg fordi vi hadde tre syskenbarn i Stavanger som kom heim her kvar haust, saman med foreldra sine, for å vere med og jage. Og då vart mamma (Elisabeth) og vi tre systrene også med, i tillegg til folk frå nabogardane. Det var veldig kjekt og miljøskapande, ein skikkeleg hyggeleg tradisjon som eg håpar vi kan ta vare på.
– Har du tenkt på hjortejakta som ei karagreie?
– Det har jo alltid vore mest mannfolk på jakt, men eg har ikkje tenkt at det ikkje var noko for meg av den grunn. På hjortefestane i oppveksten høyrde vi om kva Nina og Berit i Seljestokken hadde skote. Det hjelper sjølvsagt å vite at det var med jenter på jakt sjølv om det ikkje var det på jaktlaget i Nordbotten. Og etter kvart vart syskenbarnet mitt, Åshild i Stavanger, med på jakt her med børse. Systrene mine er kanskje ikkje like interesserte enno, men det kan kome. Dei bur ikkje her og eg merkar at det vart lettare å kome meg ut på jakt når eg bur her fast, og har mann min eller mamma til å sjå etter borna.
– Kva betyr hjortejakta for deg?
– Det er mykje tradisjon for meg og bruk av dei ressursane vi har her. Kortreist mat og naturopplevingar. Ein dag eg sat på post dukka det opp ein rev fem meter frå meg. Han stoppa og såg nøye på meg, og eg på han. Fyrst då eg skulle ta opp mobilen for å fotografere skvatt han og stakk av. Slike opplevingar set eg pris på, seier Bolette Nordbotten Espedal.
Sigbjørn Sørbotten (53) har vore med på jakt sidan han fekk lov, 10-12 år gamal. Hjortejakta må han ha med seg kvar haust, sjølv om han no bur i Asker. På eit jobbintervju i 2005 vart han spurd korleis han såg på det å reise mykje utanlands. Han svara at det var greitt, berre ikkje i oktober, for då var det hjortejakt i Botnane. – Han som spurde stussa litt før han konkluderte med at om eg kunne reise elleve månadar i året så skulle han vel alltids finne nokon som kunne gjere det i oktober, humrar Sigbjørn Sørbotten.
Han hugsar godt då far hans, Ståle, skaut fyrste hjorten sin i 1982. Det var saman med han og syskenbarnet sitt, Torbjørn Øvrebotten, at Sigbjørn lærde seg å gå på jakt. – Eg dilta med dei og var med på mitt fyrste jag over Dyreskora då eg var 12 år, byrja gå med våpen då eg var 17 år og skaut fyrste hjorten min i 1989, 17 år gamal.
Sidan det har han i snitt skote to-tre hjortar kvart år og kome opp i 70 dyr totalt. Det meste han har skote på ei helg er fem dyr. – Anten du trur meg eller ikkje så er det ikkje så nøye om eg skyt hjort. Det er det å vere i Botnane, det sosiale, avkoplinga og naturopplevingane som betyr mest for meg. Det å sitte på Litjehornet og snakka om laust og fast, prate om då hjorten lurde oss, om det var flaks eller uflaks, eller «dyktigheit» som vi gjerne kallar det når vi får dyr.
Sigbjørn var lenge yngstemann på jaktlaget i Øvrebotten, heilt til han for seks-sju år sidan brått oppdaga at han var den eldste. – Torbjørn var ikkje med den dagen og far min hadde slutta å gå på jakt. Men tvillingane på nabogarden, Ida og Vetle Aase Øvrebotten, var for lengst varme i trøya, og hadde med seg kjærastar og kompisar. Alle pluss minus 30 år. Det var både kjekt og rart å innsjå at eg var eldstemann.
– I mange år var det svært mykje hjort, ofte på bøen, men no er det sjeldan du kan skyte hjort frå hytteglaset?
– Nei, det må no etter kvart hjelpe at vi har hatt dobbel kvote i mange år. I år har vi 35 løyve på dei to gardane, har så langt skote 14 dyr og gjev oss vel på 17-18. Det er meir ein normal kvote. No kan vi snart byrje å mimre om dei store flokkane vi såg, både på bøen og i skogen, for berre nokre år sidan. Vi har aldri vore så seine med å skyte fyrste dyret som i år. Eg skaut det siste helga i september, åleine på jakt fordi hine var opptekne.
– Stor skilnad på å jakte åleine eller som lag?
– Ja, når du går på jakt åleine må du berekne at du skal gjere alt åleine. Det er sjølvsagt kjekkare når vi er fleire, men i Øvrebotten har vi aldri vore det store jaktlaget og ikkje drive særleg med drivjakt, bortsett frå jaget over Dyreskora. Det er snikjakt som gjeld her og det er kjekkare å snike seg inn på dyret enn å skyte det frå hytteglaset. No skal vi også skyte lettare dyr, eg er glad vi ikkje skyt hjortar på 120 kilo lenger. Det er tungt nok med dyr på 30-40 kilo, pluss børse og ryggsekk.
– Du har to barn, ei dotter på ni år og ein son på seks. Ser du føre deg at dei skal bli med når dei «får lov», slik du fekk?
– Det blir spennande å sjå om ungane blir interesserte, dei skal få bli med når dei har lyst, sjølv om Vetle meiner eg alt er seint ute med å få dei med.
Vetle Aase Øvrebotten (37) har god tru på å få med neste generasjon på jakt med å la dei bli med tidleg. Son hans har alt vore med på jag på ryggen til Vetle, litt over eitt år gamal. Vetle oppretta «riflefondkonto» til dei tre onkelungane sine, frå dei var fødde. Kvar fødselsdag og jul går det eit fast beløp inn på fondskontoane deira, slik at dei skal kunne kjøpe seg rifle når dei blir gamle nok til å delta på jakt. – Dei treng å vite kvar maten kjem frå, og dei skal ha alle mulegheiter til å bli med på jakt når dei blir eldre. Om dei sjølve vil, legg han til.
Eldste jenta er seks år no og var med onkel på jakt fyrste gongen då ho var tre. – Ho og eg gjekk oss ein tur i Nøre dalen, vi hadde med kakao og kikkert, og studerte hjortebæsj og hjortespor. Mykje hjortebæsj, ler han. Vi såg ingen dyr den dagen, men det var ikkje så viktig, turen var målet. Borna kan også vere med når dyra er i hus og blir flådde. «Hjorten aua», seier dei når vi flår og dei oppdagar kulehol.
Intervjuet med Vetle Aase Øvrebotten går føre seg medan han, ein kamerat og ein svoger skjær ned ein av tre hjortar dei har skote førre helg. Det er ikkje berre eitt svar på kva hjortejakta betyr for Vetle. Det er mange:
– Det er kjekt og spennande. Eg veit aldri kva dyr og situasjonar eg møter i skogen. Det er same skogen, men mange ulike opplevingar, masse adrenalin og spenning.– Ein kjem seg ut når det er lite folk i marka. Mange fine naturopplevingar, både med og utan dyr. Finversdagar i september, sitte og kikre, drikke kaffi og planlegge. Det gjer godt.– For meg er det også ei side av saka at vi går i ein tradisjon, etter bestefar Abraham og nabo Arne, som var gardbrukarane her då det vart hjort nok til å drive jakt på slutten av 1950-talet. Eg føler at det høyrer med å føre vidare noko eg har lært av Torbjørn, Ståle og Sigbjørn. Hjortejakta har vore eit felles prosjekt mellom desse to gardane og slektene, det synst eg er fint.
– Før når det var sauer og andre husdyr i marka lærde ein seg kva det heitte her og der. Dei stadnamna går i gløymeboka om vi ikkje brukar naturen.– For meg er matauk ein viktig del av jakta. Her haustar vi av naturen det mest kortreiste kjøtet du kan ete.– Det er også ei sosial side med jakta, vi har ein plan, mål og meining med å drive på med den. Og ein opplever meistring, blir betre og betre gong for gong. Ingen fasit.– Det er eit godt slit, ein god måte å bruke kroppen på. Det var nok meir slit før då det vart skote færre, men større dyr, gjerne bukkar på over 100 kg. No skyt vi mest kalv, stilk, og små bukkar og koller, og børene er dermed lettare. Vi brukar beremeis og traktor der vi når i det. Tidlegare har det vore skote mykje dyr på innmark, men dei siste åra har vi skote dei fleste dyra i skogen. Det er i grunnen greitt, for det er den jakta eg likar best. Det er då eg finn roa, og kjem tett på natur og dyr.
– Men no ser det ut til å minke på dei store hjorteflokkane, kva då?
– Vi har eit ansvar for å ha ei sunn hjorteforvalting i området vårt, og det har vi teke på alvor. Målet med forvaltinga var å redusere bestanden, og det ser det no ut til at vi har klart. Framover er det viktig å følge med, slik at vi kan trekke i nødbremsen, og eventuelt redusere nedskytinga, dersom bestanden minkar for mykje. At den har minka mykje dei siste fire-fem åra er det ikkje tvil om.
Vetle trur han vart oppteken av hjortejakta tidleg. – Det eksisterer ein veldig kul video frå sandkassen då eg var i treårsalderen, der ein høyrer eit par skot og eg slår fast at «Pappa (Norulv) kyte hjort i kogen». Han spør meg framleis om eg har skote hjort «i kogen». Eg og naboguten Kristian var tidleg med på jag, men det var lenge før vi fekk vere med på brøling i Breilida. Då måtte vi gå heimatt og det tykte eg var surt. Det var Ståle som vart den store mentoren i å lære opp oss ungdomane i hjortejakt, særleg var jentene begeistra fordi Ståle var så glad for at dei vart med.
– Mange som har vore innom jaktlaget i Øvrebotten?
– Vi har vore ein fast grunnstamme i Torbjørn, Ståle, Sigbjørn og meg, og systrene mine Ida og Julie vart med etter kvart, og kompisar, kjærastar og sambuarar. Trur vi vert opplevde som eit seriøst og inkluderande jaktlag som tek jakta og dyrevelferda på alvor og ikkje vil ha noko tull. Vekslar på kor mange vi er til ei kvar tid, men vi er sopass mange at vi kan byte litt på, seier Vetle.
– Dette året bur eg i Oslo og har pappaperm, og det krev meir planlegging for å kome meg på jakt. Kjenner nok på litt abstinens og håpar eg får til å avslutte sesongen (1.9.-23.12) med ein siste tur i skogen her veslejulafta, slik eg plar gjere, seier Vetle Aase Øvrebotten, ei skikkeleg eldsjel for hjortejakta.