Herold

Tre held fast ved at planane er ein risiko, men Høie har hatt møte med Lyse

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2026-02-19 19:49:00
Tre held fast ved at planane er ein risiko, men Høie har hatt møte med Lyse

Nye villreinutgreiingar har betra kunnskapsgrunnlaget om trekkruter og beitebruk for villrein som kan vert påverka av nye pumpekraftverk i Røldal-Suldalsvassdraget. Statsforvaltaren i Vestland meiner den stadfestar at pumpekraft vil koma i klar konflikt med nasjonale villreininteresser.

– Rapporten stadfestar at villreinen trekker over isen på Votna og Holmavatnet, og at pumpedrift dermed vil kome i klar konflikt med nasjonale villreininteresser. Vi vil igjen understreke kunnskapsmanglar knytt til manøvrering av Votna og Holmavatnet ved eventuelle pumpekraftverk, heiter det i uttalen som er signert av miljødirektør Aslaug Aalen hjå Statsforvaltaren i Vestland.

Bakgrunnen for den nye uttalen er at NVE har vedtatt at konsesjonsvilkåra for reguleringa av Røldal-Suldalsvassdraget skal reviderast, og RSK DA (ved Lyse Kraft DA) har utarbeida eit revisjonsdokument som omtalar reguleringane og dei ulempene ein er kjende med. I tillegg har RSK DA sendt inn ein søknad om konsesjon til å bygga og driva Røldal 2 pumpekraftverk, Novle 2 pumpekraftverk, Kvanndal 2 pumpekraftverk, Suldal 2B kraftverk og Nordmork kraftverk.

Kart med ID 485140

NVE påla så RSK å utarbeida ein tilleggsrapport om villrein, og fire statsforvaltarar har no kome med sine reaksjonar på denne. Aalen skriv mellom anna at det er behov for å greie ut korleis pumpedrift vil påverke islegging og istilhøve i magasina, for å kunne vurdere om det er mogleg å fastsetje manøvreringsreglement som opprettheld trekkrutene for villrein.

Motsegn

– Tilleggsrapporten gir ikkje grunnlag for å trekke motsegna vår mot dei konsesjonssøkte pumpekraftverka, skriv miljødirektøren.

Holmavatn ligg delvis i Telemark, og Statsforvaltaren der uttalar seg difor om det arealet, og deler Vestland sin uro for villreinen. Statsforvaltar Trond Rønningen opnar for at dei negative konsekvensane kanskje kan reduserast i stor grad, men meiner at det er førebels ikkje eit godt nok faggrunnlag til å kunne vurdera dette skikkeleg.

Slik presenterer Lyse Kraft prosjektet:

– Rapporten som no er på høyring gir ikkje grunn for å trekkje motsegna som vi har fremja til denne saka. Dersom prosjektet kan tilpassast gjennom manøvreringsregimer for pumpekraftverka som sikrar isforhold og tek vare på villreinen sin bruk av beiteområde og trekkvegar, slik at prosjektet samla sett reduserer konsekvensgraden til ubetydeleg eller positiv, legg vi til grunn at reviderte planar vert sendt på ny høyring, kommenterer Rønningen.

Møte med Lyse

Statsforvaltaren i Rogaland peiker på at tilleggsutgreiinga viser at Holmavatnet er viktigare for villreinen sitt trekkmønster enn det Norconsult si konsekvensutgreiing frå 2024 la til grunn. Også dei er uroa for konsekvensane ei utbygging av nytt pumpekraftverk kan ha, men Bent Høie er ikkje like avvisande som sine kollegaer i andre fylke.

– Vi vil igjen løfte fram vårt forslag om pumpestans i perioden frå desember og ut mars som eit kraftfullt avbøtande tiltak. Statsforvaltaren i Rogaland har hatt møte med Lyse, og vi er glade for at dei nå ser på nye avbøtande tiltak for å betre forholda for villrein, skriv Høie.

Ny høyringsrunde: – Høg prioritet hos NVE

Statsforvaltaren i Agder meiner at NaturRestaurering har gjennomført eit solid og grundig arbeid med å revurdera verdien av trekk- og beiteområde for villrein ved Holmavatn og Votna vinterstid. Revurderinga bygger i hovudsak på opplysningar frå lokalkjente, ny analyse av GPS-data, og supplerande dokumentasjon.

«Vi legger til grunn at nåværende kunnskapsgrunnlag tilsier at etablering av pumpeaktivitet vil innebærer høy risiko for vedvarende barrierevirkninger på magasinene for villrein i vintersesongen. På denne bakgrunn fastholder vi at omsøkte tiltak Kvanndal 2, Røldal 2 og Nova 2 pumpekraftverk innebærer en klar risiko for vesentlig forringelse av viktige funksjonsområde for villrein»,uttalar miljøverndirektør Gunnar Ogwyn Lindaas.

Støttar lang tunnel: – Vil gå ut over omsetninga

🏷️ Extracted Entities (25)

Lyse Kraft DA (organization) Bent Høie (person) Holmavatnet (entity) RSK DA (organization) Vestland (place) Votna (entity) NVE (entity) Rogaland (place) Røldal-Suldalsvassdraget (entity) Statsforvaltar Trond Rønningen (person) Statsforvaltaren (entity) Agder (entity) Aslaug Aalen (person) GPS (entity) Gunnar Ogwyn Lindaas (person) Holmavatn (entity) ID (entity) Kvanndal (place) NaturRestaurering (entity) Norconsult (entity) Nordmork (entity) Novle (entity) Røldal (place) Suldal B (person) Telemark (place)