Blir nedringt av fortvilte foreldre: – Det er vondt å avvise dei
Plus
Nå vil barnehagen ta parkeringsplassen til midlertidige modulbygg. 70 karmøybarn går i barnehage i Haugesund. – Det er ikkje eit lovkrav at ein skal ha barnehageplass i sona der ein bur, seier kommunalsjefen.
Oppsummering 'Kort oppsummert'
KARMØY: Smårollingane leikar innandørs då Haugesunds Avis kryssar den snødekka uteplassen til Espira Karmsund i Spannavegen.
Her går 126 barn, fordelt på sju avdelingar.
Barnehagen er smekkfull.
– Det er akutt behov i området. Kvar veke dei to siste to åra har eg fått telefonar frå fortvilte foreldre.
Det fortel styrar Marie Røher Ripnes.
Må avvise
Ho blir tvinga til å seie nei til foreldre som ønsker seg barnehageplass.
– Det er vondt å avvise folk, medgir ho, men kryssar nå fingrane.
Barnehagen har store planar om å utvide, og har søkt Karmøy kommune om løyve til å utvide.
Kommunedirektøren gir tommel opp, når hovudutvalet for oppvekst og kultur (HOK) behandlar søknaden torsdag.
Sprengt
Situasjonen på Fastlands-Karmøy er prekær, går det fram av sakspapira.
Dette er eit vekstområde.
Rundt 70 barn her må allereie i dag gå i barnehagar i Haugesund.
Og behovet stagnerer ikkje på lenge.
I løpet av ti år er det venta at talet på barn skal gå frå 504 i 2025 til godt over 600, ifølge prognosane.
– Eg veit at alle barnehagane her er smekkfulle, men prøver å sende foreldra vidare til nokon som kanskje har ledig kapasitet, fortel Ripnes, og:
– Men så set eg dei gjerne på venteliste, i tilfelle det dukkar opp ei opning, men det er ikkje vanleg at barn sluttar hos oss.
30 nye plassar
Nå planlegg Espira Karmsund ei midlertidig løysing.
Dei vil sette opp eit modulbygg, som gir plass til to nye avdelingar.
Desse skal gi rom til 30 nye plassar for barn mellom null og tre år.
– Nå er kommunen veldig positive til at me skal utvide, seier Ripnes.
Modulbygga skal plasserast på parkeringsplassen, slik at dei ikkje stel areal frå uteområdet til barna.
Hevar kvaliteten
Espira har gode erfaringar frå Austlandet med denne løysinga, ifølge styraren.
– Det blir veldig fine bygg der me kan gi eit godt pedogogisk tilbod til barna. I tillegg skal det gjerast utbetringar på hovudbygget. Det kjem til å heve kvaliteten i heile barnehagen, seier ho.
Søknaden for modulbygget gjeld for fem år.
På sikt ønsker barnehagen å etablere ei permanent løysing.
Gler seg
Seier òg HOK ja til søknaden, kan dei to nye avdelingane ta imot barn allereie 15. august.
– Korleis blir det då å ta telefonen når fortvilte foreldre ringer?
– Det blir veldig fint. Eg gler meg, svarer ho.
I dag har barnehagen 31 tilsette.
Fyller dei opp dei to nye avdelingane, trengst det åtte nye på lønningslista.
– Me høyrer jo stadig om at det er vanskeleg å få tak i fagfolk.
– Den utfordringa har ikkje me hatt til nå. Eg har stor tru på at det skal gå fint, svarer ho.
Same kostnad hos naboen
At 70 barn går i barnehagen i nabokommunen, kostar ikkje Karmøy store summar.
– Me betaler for den reelle kostnaden for desse ungane, men tilsvarande fakturerer me Haugesund dersom det går eksempelvis 50 barn hos oss. Satsane er ganske like, fortel Bjørn Andersen, kommunalsjef for oppvekst og kultur i Karmøy kommune.
– Men me ønsker jo at karmøybuar skal få eit tilbod i heimekommunen og nærare der dei bur, legg han til.
– Ikkje eit lovkrav
– Kapasiteten er allereie sprengt. Prognosane viser at talet på barn skal auke. Korleis har dokker hamna her?
– Det er knytt til utviklinga i området. Ein del småbarnsforeldre vel å busette seg her. Enten kjøper dei nye bustadar eller einebustadar. Då blir den totale kapasiteten utfordra, svarer Andersen.
– Men dette kom vel neppe som ei overrasking?
– Nei, at det blei bygt bustadar og at det blei press på barnehagetilbodet, er ikkje overraskande. Det har me følgt i fleire år. Men det er ikkje eit lovkrav at ein skal ha barnehageplass i sona der ein bur, svarer han.
– Dyrt
Ifølge Andersen er det berre nokre ganske få i Karmøy som ikkje får tilbod om barnehageplass der dei ønsker.
– Då får dei tilbod i andre barnehagar, eller kan velje å søke plass i Haugesund eller Tysvær, dersom det er meir praktisk, seier han.
Prognosane svingar, minner han om.
– Når me får overkapasitet i ein barnehage, er det dyrt.
HOK hadde ei sak på bordet i fjor haust, som handla om barnehagestruktur, òg på fastlandet.
– Då såg me at me bør begynne å tenke på å auke kapasiteten for å sikre alle eit barnehagetilbod. At Espira Karmsund kan bygge ut, er eit steg på vegen. Og så vil det vere naturleg at me speler inn i arbeidet med arealplanen at ein bør sikre tomt som gjer at me kan bygge ut ein gong i framtida, fortel Andersen.