Herold

Har funne leivningar etter person og hund etter kraftig brann i bustadhus på Moster

Kilde: NRK Author: Olav Røli Published: 2026-02-19 08:24:30 Last updated: 2026-02-19 09:46:52
Har funne leivningar av menneske i ruinane av hus på Bømlo

Politiet fekk hjelp av søkehundar frå Kripos i søk etter sakna mann etter brann.

Det er funne leivningar etter menneske i ruinane etter ein kraftig brann på Bømlo natt til måndag.

Ein person var sakna etter brannen.

Det skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding torsdag.

– I forbindelse med krimtekniske undersøkingar onsdag vart det gjort funn av leivningar. Det er for tidleg å konkludera med om dette er mannen som budde i huset, men me har ikkje komme i kontakt med vedkommande. Og er ikkje gjort kjent med at det er andre som er sakna i området, seier politifullmektig Astrid Meringen Schjetne i pressemeldinga.

Huset var totalt overtent då brannvesenet kom fram til staden. Her er brannvesenet i arbeid på natta.

Huset overtent då brannvesenet kom fram

Politiet vil no gjennomføra obduksjon for å identifisera avdøde, og for å kartleggja dødsårsak.

– Det kan ta tid å få desse svara, skriv Schjetne.

Det er også funnen ein død hund på staden.

Det var framleis varme i ruinane då politiet var på staden tysdag. Først onsdag vart det gjort funn.

Det var natt til måndag det byrja å brenna i ein einebustad på Moster i Bømlo kommune i Vestland.

Huset var totalt overtent då brannvesenet kom fram til staden.

– Når det er så høge temperaturar så har me ikkje moglegheit til å gå inn. Då er det utvendig sløkking som gjeld, forklarte innsatsleiar Jens Helge Habbestad i Bømlo brann og redning til NRK den aktuelle natta.

Ein hund frå Kripos var på brannstaden onsdag.

Held fram med undersøkingar

Ein person var registrert på adressa, og politiet prøvde lenge å finna ut om han hadde reist frå bustaden eller ikkje.

Men etterforskinga viste at han mest sannsynleg var i bustaden. Etter brannen har difor krimteknikarar, og seinare spesialtrent søkshund frå Kripos, gått igjennom ruinane.

Og onsdag gjorde dei altså funn.

– Det er ein krevjande åstad å undersøkja sidan det er totalt nedbrent, ifølgje politiet.

Dei held fram med undersøkingar i dag. Dei pårørande er informert om funna.

Politiet skildrar åstaden som krevjande å etterforska grunna dei store øydeleggingane.

🏷️ Extracted Entities (7)

Bømlo (entity) Kripos (entity) Astrid Meringen Schjetne (person) Jens Helge Habbestad (person) Moster (entity) Sør-Vest (entity) Vestland (place)

📊 Metadata

OpenGraph Title: Har funne leivningar etter person og hund etter kraftig brann i bustadhus på Moster
Twitter Title: Har funne leivningar etter person og hund etter kraftig brann i bustadhus på Moster