Herold

Politiloggen: Tre arresterte etter mistanke om ruskøyring i Odda

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2026-02-18 09:12:51
Politiloggen: Tre arresterte etter mistanke om ruskøyring i Odda

Tysdag fekk politiet to meldingar knytt til bilar i Odda. Den siste meldinga førte til funn av narkotika, og tre personar vart sett i arrest.

Tysdag kveld tok ein person kontakt med politiet for å varsla om ein merkeleg bil i Odda sentrum. Meldaren forklarte at lyset vart skrudd av på bilen, og at det såg ut til at nokon forsøkte å skjula den.

Politiet rykte ikkje ut for å kontrollera dette, men noko seinare vart operasjonssentralen i Vest politidistrikt varsla om noko som såg ut til å vera ruskøyring. Patruljen reiste då ut, og i Odda stoppa dei ein bil med tre personar i.

Talet på melde ruskøyringar er halvert

– Der vart det tatt beslag i det som ser ut til å vera narkotika, men det må sendast til analyse for å kunne seie sikkert kva det er. For oss er dette ei større mengde narkotika, opplyser politioverbetjent Bodil S. Nakkerud ved Hardanger politistasjon.

Tre personar vart sett i arrest etter dette, men to av dei vart sett fri natt til onsdag. Ein mann i 20-åra sit onsdag morgon framleis fengsla.

– Han er i 20-åra og kjend av politiet frå før, men ikkje lokal. Det er oppretta saker i samband med dette, avsluttar Nakkerud.

Politiloggen: Høg musikk, uroa nabo og fleire trafikkuhell

Færre melde saker i Ullensvang, men er kjende med mørketal

🏷️ Extracted Entities (5)

Odda (entity) Bodil S. Nakkerud (person) Hardanger (entity) Ullensvang (entity) Vest (entity)