Aukande konflikt: – Grunneigarane tek ansvar når DNT ikkje vil
Plus
Villreinutvalet held fast ved at dei har stilt minimumskrav til DNT, og meiner det er grunneigarane som no tek ansvar for å betra situasjonen for dyra.
«Som en reaksjon på DNT sin manglende vilje til å gjennomføre nødvendige tiltak, nekter nå mange grunneiere DNT å stikke vinterløyper og kjøre snøskuter til turisthyttene. Når forvaltningen og DNT ikke gjennomfører nødvendige tiltak, står grunneierne igjen med ett lovlig virkemiddel: å nekte motorferdsel», heiter det i ei pressemelding frå Hardangervidda villreinutval.
Det var i desember 2025 at Hardangervidda villreinutval oppmoda private grunneigarar og fjellstyre om å nekta stikking av alle DNT sine vinterløyper, og motorferdsle i samband med dette. Formålet med utspelet var å få DNT og statlege myndigheiter til raskt å gjera det Hardangervidda villreinutval kallar nødvendige og store villreinvennlege endringar i DNT sitt nett av stiar, løyper og turisthytter.
Villreinutvalet sine krav
Partane har hatt fleire møte etter dette, og for Villreinutvalet var målet å verta einige med DNT om fleire punkt som skulle verta ein del av tiltaksplanen som departementet no jobbar med. Utvalet og DNT kom ikkje til einigheit, og tidlegare i februar varsla fleire grunneigarar at dei vil nekta DNT motorferdsle, og løyve for å kvista.
Fleire til vest?
– Grunneigarane gjere dette for dyra – ingen andre. Dette handlar ikkje om konflikt. Det handlar om villreinen si overleving, skriv Svein Erik Lund i pressemeldinga onsdag.
Han er sekretær Hardangervidda villreinutval, og viser til at det alt i ei offentleg utgreiing om Hardangervidda i 1974 vart det anbefalt å ikkje leggja til rette for menneskeleg ferdsel / turisme i dei sentrale delane av villreinområdet. Det motsette har skjedd, og no peiker Lund på at ny forsking har stadfesta gammal kunnskap og dokumentert korleis menneskeleg ferdsel negativt påverkar dyras arealbruk og hindrar trekk mellom beiteområde.
«En villreinvennlig friluftslivferdsel vurderes ikke bare å være nødvendig for villreinen, men også for friluftslivets fremtid. Allemannsretten og villreinen trenger ikke kommersiell tilrettelegging for masseturisme. Villreinen har levd her i over 10.000 år. Den bør også kunne overleve dagens friluftsliv. DNT har her et stort ansvar», kommenterer Lund.
Måndag meldte NRK at DNT har bestemt å stenga Kalhovd, Stordalsbu, Lågaros og Helberghytta, og dessutan meir enn 15 turstiar på Hardangervidda. Dette fordi dei ikkje har fått løyve til å kvista i desse områda, og konsekvensen er at delar av austvidda ikkje har opne hytter, noko generalsekretær Inger Lise Blyverket i DNT trur kan føra til fleire turistar i vest.
Vil ikkje forhasta seg
– Vi ser at vi har eit veldig stort ansvar for å finna tiltak som gjer at den ferdselen DNT legg opp til er villreinvennlig. Det meiner også norske myndigheiter, og det er det vi jobbar etter. Men då må tiltaka balanseras, seier ho til NRK.
Faktaboks: Forslag til tiltakspakker
DNT har tidlegare sagt at dei vil venta på at tiltaksplanane vert vedteke, men dette meiner utvalet er for defensivt. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) er klar over engasjementet i saka, men seier til NRK at han ikkje vil gjere noko forhasta og har ingen dato for når tiltaksplanen vil vera klar.
– DNT sine føreslåtte tiltak om å stenga Torehytten, gjera Litlos til sjølvbetent hytte innan 2030 og redusera opningstidene utanfor høgsesongen, vil ikkje vera tilstrekkeleg for villreinen, meiner Lund som understrekar at dette er grunneigarane sin måte å ta ansvar på.
Kjempar for løypene: – Vi er avhengige av løyve for å kvista
Skal snakka med grunneigarar om nekt og omfang