Tenk heilskap – Tenk nytt om Eidestorget!
Plus
I Odda by er det ingen andre område som har tilsvarande potensial som ikkje er ras- og flaumutsett.
I HF 5. desember er det eit ein artikkel om planlegging av opprusting av husværa på austsida av Eidestorget.
Styret i Pensjonistforbundet Odda Tyssedal diskuterte dette på styremøtet 8. desember 2025. Fyrst tenkte vi at det er rosverdig at nokon grip tak i området rundt Eidestorget, som har vore gjennom ein nedgåande spiral over mange år, og som pr. dato ikkje leverer dei tenestene som det var tiltenkt.
Vi meiner at det påtenkte renoveringsprosjektet isolert sett ikkje utløyser området sitt potensial og at det er eit stort behov for å sjå området sitt potensial i eit samla plangrep. Faren for at investeringa låser for ei samfunnsmessig god utnytting av dette attraktive arealet er avgjort til stades.
I Odda by er det ingen andre område som har tilsvarande potensial som ikkje er ras- og flaumutsett, og som er lett å bygga ut med flatt terreng og eksisterande gatenett og fungerande offentleg transport.
Det er lita tvil om at Eidestorget med tilliggande areal kan transformerast til eit plussområde i utviklinga av Odda/Eidesmoen – ikkje minst til nye universelt utforma husvære der det også kan etablera bufellesskap med vekt på at eldre hjelper eldre.
Dette vil og bidra til betre ressursutnytting for kommunale tenester som heimehjelp og heimesjukepleie. Kommunen vil då bruka mindre tid i bil og meir tid til kundane for tenester som alt er under press. Det er heller ingen signal om at dette presset ikkje vil bli sterkare i åra som kjem.
Kommunen si oppgåve i samfunnsutviklinga er todelt.
Del ein er å vera tilretteleggjar ved mellom anna vedta planar for fysiske utbyggingar gjennom arealdisponeringsplanar.
Del to er å vera utøvar som skal ivareta offentlege samfunnsmessige behov og private initiativ i dialog og samarbeid med initiativtakarane for Eidestorget
Årsmøtet i Pensjonistforbundet Odda Tyssedal oppmodar med dette Ullensvang kommunestyre om å definera området som eit byutviklingsområde, og sjå til at det vert utarbeidd eit samla plangrep for Eidestorget inkludert Rubinen i samarbeid med initiativtakarane for Eidestorget.