Herold

Tre menn dømte til fengsel i omfattande narkosak: Felt av bilde på eigen terrasse

Kilde: NRK Author: Henrik Einangshaug Published: 2026-02-18 14:05:03
Felt av narkobilde på eigen terrasse

Politiet rulla opp saka ved hjelp av dekrypterte meldingar, der eit bilde av 32 posar amfetamin på ein terrasse blei eit nøkkelbevis.

Saka samanfatta:

  • Tre menn er dømde i Romerike og Glåmdal tingrett for innførsel av store mengder narkotika.
  • Saka vart rulla opp ved hjelp av dekrypterte meldingar frå Sky ECC-systemet, som Europol fekk tilgang til i 2021.
  • Straffene varierer frå 7 år og 2 månader til 12 år, medan straffeutmåling for éin av mennene er utsett grunna helsetilstand.
  • Dommen er ikkje rettskraftig og kan ankast.
  • Saka er del av eit større internasjonalt sakskompleks, der Europol har dekryptert 60 prosent av ein milliard meldingar.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Tre menn er i Romerike og Glåmdal tingrett funne skuldige i innførsel av store mengder narkotika.

Det kjem fram i ein dom frå tingretten.

Saka er ein del av eit større internasjonalt sakskompleks, der Europol hadde fanga opp rundt ein milliard meldingar, og 60 prosent nå er dekrypterte.

  • Ein mann i 40-åra er dømt til fengsel i 7 år og 2 månader. Han erkjente straffskuld og fekk strafferabatt på 40 prosent. Han må tole inndraging av 50.000 kroner.
  • Ein mann i 60-åra er dømt til fengsel i 12 år. Han nekta straffskuld i retten.
  • Ein mann i 50-åra er funnen skuldig i alle tiltalepunkta, som omfattar to innførslar. Straffeutmålinga er utsett i påvente av nærare sakkunnig vurdering av helsetilstanden hans. Han nekta straffskuld.

Dommen er ikkje rettskraftig og kan ankast.

Europol har tatt beslag i om lag ein milliard meldingar. Desse har blitt fordelte vidare til fleire ramma land.

Europol-samarbeid

Det var i februar 2021 mannen i 40-åra reiste til Nederland og henta 32 kilo amfetamin, 29 kilo hasj og 833,6 gram metamfetamin, ifølge dommen.

Dette blei seinare frakta til Sverige og overlevert til mannen i 50-åra. Saman med mannen i 60-åra innførte han stoffet via grenseovergangen Magnormoen i Eidskog.

Saka blei rulla opp etter at politiet i Nederland, i desember 2020, klarte å utvikle ei løysing for å hente ut krypteringsnøklar frå systemet Sky ECC.

Politiet gjennomførte ei direkte avlesing av tenesta, som blei brukt til kommunikasjon, før ho blei stengd ned. Denne avlesinga førte til at politiet fekk dekryptert tidlegare kommunikasjon frå 2019–2021.

Totalt blei det fanga opp rundt ein milliard meldingar, som Europol seinare oppbevarte og fordelte til fleire land.

Sky ECC

  • Kanadisk teneste eigd av selskapet Sky Global.
  • Tenesta vart levert på mobilar og gjorde det mogleg å kommunisere kryptert med SMS, lyd- og bildemeldingar.
  • Telefonen kunne berre brukast til å kommunisere via Sky ECC, ikkje til andre formål.
  • Alle brukarar fekk ein eigen ID som bestod av seks bokstavar eller tal, og ein kunne også lage eigne profilnamn.
  • I perioden 2019 til 2021 hadde tenesta om lag 170.000 brukarar, og cirka 1250 av desse var i Noreg.
  • Sky ECC vart lagd ned etter ein internasjonal politiaksjon i mars 2021.

Sentrale bevis

Eit sentralt bevistema i retten var kven dei ulike Sky ECC-telefonane og brukarane var knytte til. Politiet la samtidig fram bevis i form av kontoutskrifter og trafikkdata, som saman med telefonane og brukarane knytte dei tre til kvar si eining.

I tillegg fann politiet bilde som viser 32 posar med amfetamin, som mannen i 50-åra sende til ein av dei som i desember blei domfelt for same innførsel.

Dette bildet meiner retten er tatt frå terrassen hos den eldste av dei som nå er dømt.

«Retten har særleg lagt vekt på det spesielle bordet, golvet, panelet og lista nedst på panelet», står det i dommen.

Tidlegare dømt

Frå før av har i alt tre menn vorte dømde i Eidsivating lagmannsrett for den same narkotikainnførselen.

I september i fjor vart ein mann dømd. Mannen var den som fekk skaffa narkotikaen i Nederland, og seinare gav det til mannen i 40-åra som køyrde det til Sverige.

Tre månader seinare vart to menn dømde for denne same innførselen, i tillegg til fleire andre innførslar. Den eine vart dømd til fengsel i 15 år, medan den andre til åtte år i fengsel. Sistnemnde fekk dommen som ei tilleggsstraff til tidlegare dommar, og må totalt sone 25 år i fengsel.

Dei to siste måtte tole ei samla inndraging på litt over 24 millionar kroner.

🏷️ Extracted Entities (19)

Europol (entity) Innlandet 📁 (category) Krimsaker i Innlandet 📁 (category) Narkotika 📁 (category) Nederland (place) Norge 📁 (category) Sky ECC (organization) Sky Global (person) Glåmdal (place) Romerike (entity) Sverige (entity) Eidsivating (entity) Eidskog (entity) ID (entity) KI (entity) Magnormoen (entity) Noreg (entity) OpenAI (entity) SMS (entity)

📊 Metadata

Category: Krimsaker i Innlandet, Innlandet, Norge, Narkotika
OpenGraph Title: Tre menn dømte til fengsel i omfattande narkosak: Felt av bilde på eigen terrasse
Twitter Title: Tre menn dømte til fengsel i omfattande narkosak: Felt av bilde på eigen terrasse