Ja, du ser rett: No kan robotar gjere kung-fu
PĂ„ eitt Ă„r har robotar blitt meir atletiske enn dei fleste av oss. â Vi mĂ„ alle innrĂžmme at vi blir imponerte, meiner robotprofessor.
Saka oppsummert
- Robotane som deltok pÄ den kinesiske nyttÄrsgallaen viste at dei har blitt meir atletiske og kan no utfÞre avanserte akrobatiske manÞvrar som saltoar.
- Robotane manglar framleis evna til Ä forstÄ kontekst og reagere pÄ omverda slik menneske gjer.
- Slik teknologi blir utvikla stadig fortare.
- MÄlet pÄ sikt er Ä bruke slike menneskeliknande robotar i produksjon og som assistentar i heimane.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.
Etter ein mÄlretta spurt mot springbrettet, hoppar robotane opp og tek ein salto.
Dei landar pÄ begge beina. PÄ berre nokre millisekund finn dei balansen.
â Vi har aldri fĂžr sett slik atletisk Ă„tferd i eit sĂ„ stort omfang, for ikkje Ă„ snakke om motet til Ă„ vise det offentleg.
Professor ved institutt for teknisk kybernetikk pÄ NTNU, Konstantinos Alexis, innrÞmmer at han blir imponert av gÄrsdagens framsyning.
Nytt Är, ny teknologi
I kjend spektakulÊr stil gjekk den Ärlege nyttÄrsgallaen av stabelen mÄndag kveld. I over fire timar viste den kinesiske kringkastaren fram det dei hadde Ä by pÄ av diablotriks, barnekor, hÊrsoldatar pÄ hest og, ikkje minst, det nyaste innan robotakrobatikk.
Saman pÄ scena i gÄr, hadde robotane med seg born som gjorde kampsport med dei.
Millionar av sjÄarar bÄde i og utanfor Kina har tradisjon for Ä sjÄ den Ärlege sendinga pÄ den kinesiske nyttÄrskvelden.
I fjor lét mange seg imponere av dansen der robotane veiva med lommetÞrkle i takt.
â DĂ„ dansa robotane med sakte, enkle og meir rufsete rĂžrsler, seier robotikkprofessor Alexis.
I Är er valsen ein annan.
â Framstega pĂ„ desse omrĂ„da gĂ„r fortare og fortare. Det er ikkje magi, men teknologien er blitt mykje meir moden. Neste Ă„r kan vi vente oss at rĂžrslene blir betydeleg meir komplekse enn dei allereie var i Ă„r, seier Alexis.
I fleire av innslaga pÄ nyttÄrsgallaen samarbeidde robotar og menneske for Ä gje god underhaldning til dei millionar av sjÄarane som fÞlgde den fire timar lange sendinga.
Bak dei imponerande saltoane og kule triksa ligg ei stor satsing pÄ kunstig intelligens og menneskeliknande robotar.
Meir enn berre kule triks
Alexis fortel at innan robotikk skil ein mellom ulike typar intelligens.
Robotane til selskapet Unitree imponerte med atletiske manÞvrar som overgÄr det mange menneske kan. Likevel er det lenge fÞr robotane overgÄr menneske pÄ andre stadium.
â Det ein enno ikkje ser er at robotane forstĂ„r kontekst og reagerer pĂ„ omverda slik menneske gjer. Der har robotane framleis mykje Ă„ lĂŠre, forklarer robotprofessoren.
Det gjekk gale for denne robothunden ved eit tempel i Beijing pÄ nyttÄrsdagen. Den fall under ei framfÞring.
Alexis legg til at innslaget pÄ nyttÄrsgallaen i gÄr var nÞye programmert. Som utÞvande artistar har robotane gÄtt gjennom rutinen mange gonger, sÄ ein er sikre pÄ at ingenting skulle gÄ gale.
PÄ sikt er mÄlet at robotane kan bidra pÄ nye mÄtar i produksjon, og Ä hjelpe til med oppgÄver som ein assistent i heimen. DÄ mÄ dei kunne reagere smartare.
Faktisk billege
Det var dei nyoppstarta selskapa Unitree Robotics, Galbot, Noetix og MagicLab som bidrog med robotar i fleire innslag pÄ scena. Det er likevel kampsport-innslaget til Unitree som fÄr mest merksemd.
MagicLab er eitt av mange unge selskap som satsar tungt pÄ robotar som liknar og ter seg som menneske og dyr. Her frÄ ei robotmesse i sÞrlege Kina i fjor vÄr.
Allereie no ligg Unitree sine robotar ute til sals. Prislappen for éin robot ligg pÄ rundt 130.000 norske kroner.
â Det er veldig billig gjeve at teknologien er sĂ„pass ny. I tillegg gjer det dei meir tilgjengelege sĂ„ ein raskt kan fĂ„ eit fellesskap rundt desse robotane, seier Alexis.
Interessert i Ä fÞlge med pÄ det som skjer i verda? HÞyr podkasten til utanriksredaksjonen her: