Fordeling av midlar mellom sjukehusa
Fordeling av midlar mellom sjukehusa
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Odd Arne Haram skriv 13. februar om det han meiner er skeivfordeling av midlar og rammer mellom sjukehusa i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Les også:
Ulike spørsmål om fordelinga er blitt svara ut i ein lang rekke innlegg. Fordelinga av inntekter på tvers av helseføretaka i regionen følgjer, med få unntak, ein nasjonal fordelingsmodell som i hovudsak er bestemt av befolkninga si samansetning og behov. Dei samla IT‑kostnadene er no på nivå med andre regionar. Det som driv behovet for omstilling i Helse Møre og Romsdal, er samanslåinga av to akuttsjukehus og kostnader knytte til avskrivingar, nedbetaling av lån og renter. Kostnadsnivået er dessutan noko høgare enn i andre helseføretak det er rimeleg å samanlikne seg med.
Eg vil kort kommentere enkelte moment i innlegget. Haram viser til aktiviteten i Helse Møre og Romsdal og samanliknar denne med aktiviteten ved St. Olavs hospital i lys av ressursbruken. Det er bra at de radiologiske miljøa i Helse Møre og Romsdal er effektive. Når det gjeld bildediagnostikk (eller andre helsetenester), er det samstundes ikkje slik at meir alltid er betre, verken for pasientane eller for sjukehusøkonomien. Nasjonale helseatlas gir ei oversikt over korleis ein ligg an i aktivitet og forbruk. I dagens finansiering av sjukehusa, som i hovudsak er rammebasert, blir det viktig å avstemme aktiviteten til dei gitte rammene.
Haram peikar på forhold som kan bidra til å forklare skilnader mellom dei ulike sjukehusa, slik som meir kompliserte undersøkingar, regranskingar av bilete og utdanning. Haram skriv: «Møre og Romsdal har 3 akuttsjukehus, Sør‑Trøndelag har 1.» Dette er ikkje korrekt. Helseføretaket St. Olavs hospital driftar, i tillegg til sjukehuset i Trondheim, òg Orkdal sjukehus, som er eit lokalt akuttsjukehus med opptaksområde på 70 000 innbyggarar for indremedisin og 55 000 for kirurgi.
Avslutningsvis vil eg opplyse om at Helse Midt Norge RHF har starta ei evaluering av den regionale modellen og vil ta stilling til behov for endringar i løpet av 2026.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal