Leiteaksjon etter person i Rauma – HRS og leitemannskap kalla ut
Ein mann i 60-åra er stadfesta omkomen etter ein klatretur i Rauma søndag. Mannen er no henta ut av området.
Politiet opplyser klokka 21.20 at mannen ,som store styrkar har søkt etter søndag kveld, er omkomen. Han blei funnen livlaus like før klokka 20, og etter ei tid stadfesta død.
Mannen i 60-åra var busett i område, og blei henta ut av helikopter kort tid etter at han var stadfesta omkomen.
Det er førebels uklart kva som har skjedd, men politiet opplyser at kan ha falle.
Mannen gjekk på tur i 10-tida. Klokka 12.00 skal han ha sendt ein snap til ein kamerat.
Det er siste livsteikn.
Han skal ha gått åleine opp Hostadgjelet i retning Soggefjellet med isøks og stegjarn.
– Det er eit krevjande terreng, vi må ha folk med kompetanse på bratte fjell, snø og is, sa operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt då leiteaksjonen starta tidlegare søndag kveld.
Store styrkar blei kalla ut til redningsaksjonen i Rauma. Ein stor lyskastar lyste opp fjellområdet der klatraren gjekk ut søndag morgon.
Leita med varmesøkjande kamera
Brannvesenet har også vore på staden og ifølgje operatør Nils Bjerknes på 110-sentralen søkt med varmesøkjande kamera.
– Mannskapet går opp i terrenget med kamera og dersom det er endringar i temperatur, så vil dei sjå det, sa Bjerknes tidlegare søndag kveld.
Det blei sett opp ein stor lyskastar opp mot fjellet.
Sette opp lyskastar mot fjellet
Søndag kveld var det kaldt og vindstille på staden.
Eit vitne som følgde redningsaksjonen fortalde til NRK at det blei sett opp ein stor lyskastar for å lyse opp fjellet.
Både frivillige, dronar og hundar blei kalla ut.
– Vi tør ikkje å spekulere, vi håper han er i god behald, men sit fast, sa Ferstad til NRK i 19-tida.
Også brannvesenet er på plass for å hjelpe til.
Soggefjellet i Rauma, like ved Åndalsnes.